I ein del kristne grupper er kunnskap eit vonde. “Bibelen er all den vitskapen vi treng”, er det enkelte som seier. Ja, dei får trur det dei vil. Det eg skal ta for meg her, er mine tankar omkring evolusjon, Gud og Bibelen.
Grunnlaget for mi tru på skapinga ligg i bibelens bok Genesis (1Mos). Eg trur Gud har skapt verda. Men eg høyrer litt til dei som seier at vi ikkje hundre prosent kan vita kor lenge det var mellom vers 1-2 og vers 3 — då Gud skapte lyset. For målingar seier at jorda er mange millionar år. Dette kan vera feil, kanskje finn forskarane ut meir om nokre år, kanskje ikkje. Det vi veit er at vi ikkje veit kor gamal jorda er. Det står skrive:
I opphavet skapte Gud himmelen og jorda. QJorda var aud og tom, og mørker låg over havdjupet. Men Guds Ande sveiv over vatnet. (Gen 1:1f)
Tema rundt “kreasjon eller evolusjon” (sic) er eit (utbrukt) tema som går igjen meir og meir. Eg trur at verda er skapt av Gud, men er open for at evolusjon kan eksistere. Eg har før vore ein hardnakka kreasjonist. Eg har, med nebb og klør, kjempa mot evolusjonen fordi den, etter mi (tidlegare) meining, nekta for at det finst ein skapar. Denne oppfatninga har fått nokre sprekker no, særleg etter at eg las i Darwins The Origin of Species (6. utgåva). Der, i slutten av boka, skriv Darwin:
There is grandeur in this view of life, with its several powers, having been originally breathed by the Creator into a few forms or into one…
Dette sitatet finn ein også i ein kronikk på debattsidene i den kristne dagsavisa Dagen, der Jostein Andreassen, 6. august 2004 skriv:
Jeg har en forklaring på hvordan livet oppstod — nøyaktig det samme som Darwin — det er innblåst av Skaperen (“.. breathed by the Creator”; “Artenes opprinnelse”, 2.- 6. utgave). Akra og de øvrige nåtidens evolusjonister, som hevder de er så vitenskaplige, har derimot “null og niks”.
Dette er uredeleg, meiner eg. Darwin var audmjuk, det er sant. Han opna opp for at det kan ha vore ein guddommeleg skapar, men er ikkje “fanatisk” på det. Han skriv faktisk, i 1863, at han ikkje var sikker på dette:
But I have long regretted that I truckled to public opinion, and used the Pentateuchal term of creation,* by which I really meant “appeared” by some wholly unknown process. It is mere rubbish, thinking at present of the origin of life; one might as well think of the origin of matter.
Vel, dette var berre introduksjonen. No over til hovudpoenget, nemleg at Bibelen ikkje totalt motseier evolusjon.
I Gen 1:24-25 finn vi mitt første argument. Der står det:
Då sa Gud: “Jorda skal la alle slag levande skapningar gå fram, fe, kryp og villdyr, kvar etter sitt slag.” Og det vart så. Gud skapte alle slag ville dyr og alle slag fe og krypet på marka av alle slag. Og Gud såg at det var godt.
Altså skulle jorda la dyra “gå fram”. Dette kan vera eit argument for “teistisk evolusjon”, altså ein gudsstyrt utvikling. Her er det mange som seier at Gud jo skapte verda på seks dagar. Ja, det står det i vår omsetjing, men dette ordet “dag” kan, så vidt eg veit, og tyda “tidsperiode”. Altså, når vi ser at jorda skulle la dyra “gå fram”, så kan dette bety ved utvikling.
I tillegg ser vi at “jorda var aud og tom, og mørker låg over havdjupet. Men Guds Ande sveiv over vatnet.” (Gen 1:2) Det seier ingenting om kor lenge dette var, noko som opnar for at det kan ha vore eit langt tidsrom. Dette går under namnet “hole-teorien” (“gap theory”). Det at dagane kan ha vore tidsrom heiter “dag-tidsrom-teorien” (“day-age theory”). Personleg ser eg ikkje noko problem med dette.
Eg er også open for såkalla “progressiv kreasjonisme”, som eg vart introdusert for i ein kronikk på Dagens debattsider. Den heitte “Kompromissløst forsvar for ung jord” (skrive av Axel Saxe), og stod å lese 11. august 2004. Eg siterer [langt sitat]:
Navnet Jonathan Sarfati ble nylig nevnt i en kronikk om evolusjonsteorien her i Dagen (23. juni). Sarfati har tidligere skrevet et par bøker: “Refuting Evolution” og “Refuting Evolution 2″, og er nå igjen aktuell med boken “Refuting Compromise” (‹Gjendrivelse av kompromiss›) – med undertitlen: “En bibelsk og vitenskapelig gjendrivelse av ‹progressiv kreasjonisme› (milliarder av år), slik astronom Hugh Ross’ har popularisert den”.
De som har fulgt med i skapelsesdebatten her i Dagen, vil kanskje huske Hugh Ross omtalt som lederen for skapelsesbevegelsen “Reason to Believe”. Det er vel især Jon Kvalbein som har trukket fram navnet hans i debatten og henvist til bøker han har skrevet. I Sarfatis bok blir Ross’ argumenter for at jorden er skapt over milliarder av år prøvet grundig, både i forhold til Bibelen og i forhold til de vitenskapelige data som foreligger. [...]
Hans siste bok er et oppgjør med forsøket på å skape et kompromiss mellom Bibelens urhistorie i 1. Mos. 1-11 (skapelsen, syndefallet, syndfloden og språkforvirringen ved Babel) og en vitenskap som i utgangspunktet ikke vil vite av guddommelige inngrep i historien. Dette kompromisset kalles her for “progressiv kreasjonisme” fordi man regner med en langsomt fremadskridende skapelsesprosess over milliarder av år – istedenfor de seks vanlige dagene som Bibelen helt entydig lærer (jf. bla. 1. Mos. kap. 1 og 2. Mos. 20:11).
“Refuting Compromise” må betegnes som et tungtveiende innlegg i den fortsatte debatten om en ung kontra en gammel jord. Argumentene til Ross og andre “gammel jord-kreasjonister” blir her avslørt som stridende imot Bibelens åpenbaring og dessuten i stort omfang uten indre konsistens. Hvilket ikke betyr at Sarfati mener seg å kunne bevise Bibelens åpenbaring om skapelsen e.l. Og heller ikke, at uenighet i dette spørsmålet nødvendigvis har med frelse og salighet å gjøre, da det ikke er tale om noe “essensielt” for det å være kristen (s. 389).
Eg er ikkje heilt einig med Saxe og Sarfati. Eg trur at jorda kan vera gammal, spesielt når vi ser at ordet “dag” òg kan bety tidsperiode. Og når vi då les dette opp mot vitskaplege oppdagingar, så opnar eg opp for at jorda kan vera gammal.
Skapinga av mennesket er mitt andre argument. I Gen 1:26-27, står det om at Gud skapte mennesket i sitt bilete. Seinare, i 2:7, står det:
Og Herren Gud skapte mannen av mold frå marka og bles livsande inn i nasen hans, så mannen vart til ein levande skapning.
Eg har høyrt folk argumentere for at når Gud skapte mennesket “av mold”, så kan dette tyde frå materie over tid (lang eller kort), som ved utvikling. Her kjem “day-age”-teorien inn att. Viss dagen då menneske vart skapt var ein tidsperiode, så kan det vise til at mennesket vart skapt av “mold”, altså utvikla. La oss seie at Gud utvikla menneske av mold, for så, på eit bestemt tidspunkt i historia, kanskje for 6-10 000 år sidan, gripe inn, og skapte intelligens/intellekt/sjel/samvit/ånd i eitt individ (Adam) på eit avgrensa område, kanskje ein hage. Altså, etter å ha latt mennesket gå fram av mold, blåste Gud inn livspusten. Altså er den/dei innblåst av Skaparen, “breathed by the Creator”, som Darwin sa. No er det viktig å poengtere at Darwin ikkje sa at det var ein skapar, men at han opna for at det kan ha vore det, jfr. sitatet ovanfor. Altså vart desse skapt i Guds bilete, i likning med han. Det er, som ein person eg diskuterte med påpeika, ikkje snakk om utsjånad, men “innsjånad”, altså Guds eigenskapar. Den kristne forståinga av mennesket har alltid understreka at mennesket er skapt av Gud. Men dette treng ikkje ha noko å seie i forhold til evolusjon.
For litt meir utfyllande innføring i Teistisk Evolusjon, les desse artiklane av Carl Drews:
Theistic Evolution og Some Objections to Intelligent Design. I den andre artikkelen seier han mellom anna (dette blir mi avslutning):
There are many organisms that appear to be specifically designed to cause pain and suffering in other creatures. The Ebola virus is very good at liquefying human organs. It causes massive bleeding and death. The tapeworm has hooks that allow it to attach to the walls of the intestine and remain there as a parasite. The Plasmodium vivax protozoan lives in the Anopheles mosquito for a while before transferring by a mosquito bite to a human. There it causes malaria, a recurring disease that produces fever and sometimes death. There are many other examples.
Why were these organisms designed to cause suffering? (Again, God’s curse of Adam does not include sending creatures to torment him.) We can see from only a few cases that the intelligent designer portrayed by ID is not always benevolent. [...]
If creationists think that evolution is cruel, then perhaps they should explain why God created the ferocious predators that the bombardier beetle needs to defend itself against. Or why God converted a lot of formerly peaceful animals into vicious carnivores after the Fall or the Flood.
– Kjetil Kringlebotten
This post has been removed by the author.
Hei! du kan også lese disse:
http://www.firstthings.com/ftissues/ft9703/articles/johnpaul.html
http://www.firstthings.com/ftissues/ft9306/articles/johnson.html
Hei, leon. Kjenner eg deg? Eg har mine “mistankar”, sidan du viser til pave Johannes Paul II.
— Kjetil Kringlebotten
Hei Kjetil.
Ser siste inlegg er fra 2005 så veit ikke om noen leser dette.
Uansett, tror du rekkefølgen som står skrevet i bibelen stemmer?
At fisk og fugl kom før landyr, at planter kom før insekter, at sola kom etter planter. Gud er lyset før sola vart skapt. Ikke en tåke i atmosfæren som mangen mener. Kan ver det var millioner av år mellom første og andre vers, men ikke mellom andre og tredje.
Han kunne skapt alt på 20 milliarder år og han kunne skapt alt i et øyeblikk. Han brukte 6 dager og hvilte en.
Sigmund
Sigmund;
Eg har skrive eit nytt innlegg for å forsøke å svar deg:
http://katolikken.wordpress.com/2010/09/19/gen-1-2/