I enkelte diskusjonsforum blir eg til tider møtt med noko som visstnok skal vere eit «bevis» mot den kristne Gud. Bakgrunnen er «vondskapens problem», og argumentet er som fylgjer:
- Dersom Gud eksisterar, då er Gud fullkomment god, allmektig
og allvitande. - Gud er fullkomment god–Han ynsjker ikkje at vondskap skal
eksistera. - Gud er allmektig–Han er mektig nok til å få til det han vil.
- Gud er allvitande–Han veit alt, også korleis Han skal kunna
få planane sine til å fungere. - Vondskap eksisterar.
- Dersom både vondskap og Gud eksisterar, så kan ikkje Gud
vere både fullkomment god, allmektig og allvitande. - Ergo, så eksisterar ikkje Gud.
Dette argumentet er — som eg no skal påvise — ikkje eigentleg eit argument mot den jøde-kristne Gud, men mot eit moderne, litt naivistisk gudssyn, slik vi ser det hjå enkelte kristne, men også hjå nyreligiøse grupper. Vi kristne meiner at Gud er fullkomment god, allmektig og allvitande, men vi trekkjer heit andre konklusjonar av dette, enn det ein gjorde i europeisk (gresk) tenking og filosofi. Dette tar eg opp etterkvart, ved å sjå på sjølve premissane. Argumentasjonsrekka er fullt ut logisk, sjølv om enkelte kristne — og ikkje-kristne — skulle meine noko anna. Her er det viktig å «ordne opp i» nokre misforståingar rundt uttrykket «logikk».
I daglegtalen bruker vi dette uttrykket på ein snusfornuftig måte. Vi taler om at det og det er «logisk», utan å tenke over kva det uttrykket eigentleg betyr. Men viss vi ser på kva det eigentleg er — kva «formal logikk» er — så ser vi noko anna.
Aristoteles, som kan kallast «den formale logikkens far», innsåg at eit logisk arguments gyldigleik ikkje skulle bestemmast ut frå emne eller innhald, men ut frå form. Altså, for å angripe ein logisk slutning, så må vi sjå om det finst inkonsekvens mellom premissane, eller mellom premissane og konklusjonen. Her skal eg kort presentere to dømer. Begge to gjev ein feil konklusjon, men likevel kan vi seie at det første dømet er logisk:
Døme 1:
- Dersom Ole drikk vatn, så er han ein fjernkontroll
- Ole drikk vatn
- Ergo, så er Ole ein fjernkontroll
Døme 2, frå Holbergs Erasmus Montanus:
- Ein stein kan ikkje fly
- Mor lille kan ikkje fly
- Ergo, så er Mor lille ein stein
Det første dømet er logisk — men likevel feil. Det andre dømer er logisk, det trekkjer ein positiv konklusjon ut frå to negative premissar. Logikk handlar ikkej om «rett og galt», men om å trekkje ein konklusjon ut frå positive premissar. Ordboka påpeiker vidare at [den formale] logikken handlar om «(evne til) klar, følgjerett tankegang» og «regelbunden samanheng».
For å angripe ein logisk slutning, må vi sjå på premissane, sjå om de er rette. La oss no kort sjå på nokre av premissane i det «logiske motbeviset» av den kristne Gud:
Dei fleste kristne — og teistar generelt — er einig i premiss 1; at Gud er fullkomment god, allmektig og allvitande. Dette kan vi sjå, både i Bibelen, Tradisjonen og andre skrifter. Problemet med dette «beviset» kjem når ein ser på premiss 2 og 3 — dette harmonerar ikkje med eit kristent gudsbilete, og er berre gyldig som argument mot visse folkelege, nyreligiøse og/eller kvasi-kristne gudsbilete.
Premiss 2 seier at ein fullkomment god Gud ikkje ynskjer at noko vondt skal eksistera. Det fyrste eg vil kommentere her, er at dette er noko vi umogeleg kan vita. Dette påpeika Thomas Aquinas då han la fram sine «gudsbevis» — som eg skal sjå på seinare. Vi kan ikkje — ved å bruke fornuft og erkjenning — finne ut noko om Guds natur eller vilje, vi kan berre finne ut om det er sannsynleg at det eksisterar ein Gud eller ikkje.
Ved nærare ettersyn, ser vi at premiss 2 ikkje held som argument for den kristne Gud. Her kan eg ta for meg tre korte dømer. Dette er ikkje argument for den kristne Guds eksistens, men berre dømer:
1. Dersom vi gjer vonde ting, kan ein god — og rettferdig — Gud straffa dette, uten at det betyr at Han ikkje er fullkomment god. Det vonde som er ein del av denne — rettmessige — straffa er akseptabel, og difor kan Gud sameksistere med det vonde.
2. Vi snakkar ofte om små og store vonder, og eit vonde kan — i nokre tilfeller — tene «et høgare gode». Eit døme på det, er tolmod. Dette krev at vi må gå gjennom enkelte vonder. Videre kan ein ta fram det å utvikle seg — og samfunnet — til noko betre. Dette inneberer ofte at enkelte — i utviklingas namn — må prøve ut ting, og kanskje lide på grunn av det. Likevel ser det ut til at dei fleste aksepterar dette — så lenge dette ikkje blir påført dei mot si vilje. og det fører meg over til døme 3.
3. I all filosofisk tenking — og i våre «daglegdagse liv» — er fri vilje eit sentralt begrep. Gud kunne sjølvsagt — for å spare oss for alt det vonde, ikkje berre rettmessig straff, men også urettmessig vondskap frå andre — skapt oss som «robotar», og dermed redusert vårt høve til å gjennomføre våre val så mykje at dei ikkje ville ført til liding. Problemet er at han dermed også hadde fjerna vår frie vilje og vårt høve til i det heile tatt å elske.
No som vi har sett på premiss 2, så ser vi at den må bli korrigert slik:
Gud er fullkomment god–Han ynskjer ikkje at vondskap skal eksistere utan noko god grunn for at vondskapen skal eksistere.
Dette kan også teistar godta, og dette er meir en godt nok til å «øydeleggje balansen» i det ateistiske «beviset». Likevel tar eg også for meg premiss 3.
Premiss 3 kan, ved nærare ettersyn, seiast å ikkje holde mål. For kva er det eigentleg vi meiner når vi seier at Gud er «allmektig»? Allmakta er definert som «høvet til å gjere alt mogeleg» — – altså alt som er logisk mogeleg. Difor kan ein ikkje seie at Gud ikkje er allmektig fordi han ikkje klarar å lage rød gulfarge, ein femkanta trekant eller ein stein som er så tung at han ikkje klarar å løfte den sjølv. Men dette er berre «barnslege» dømer — og ingen med respekt for seg sjølv bruker dei heller. Men vi kan ta desse dømene, og «ta dei opp eit hakk».
Sidan det å vere allmektig inneberar å kunne gjere alt det som er logisk moeleg, då kan ikkje Gud fjerne alt det vonde, og samstundes halde på den frie vilje. Gud kunne kanskje fjerne den frie vilje, men dette ville jo medføre ei endring i Han — og hans løfter til oss. Og seier ikkje Skrifta (Jak 1:17) at hjå Gud «er det ikkje forandring»? Vidare kan vi seie at det jøde-kristne allmaktssynet seier at Gud har knytt seg til det skapte. Per Lønning skriv:
Gud har bundet seg til den verden han har skapt. Dermed har han også underlagt seg lover han selv har valgt å underlegge seg. guds trofasthet viser seg i at han lar f.eks. tyngdekraften gjelde fra dag til dag, så vi kan regne med den. Hvilken tilværelse kunne vi ha regnet med i en verden regjert av kaos, utlevert til en lunefull skjebneguds alltid uberegnelige innfall?
Per Lønning: Ikke til himmelen?
Altså kan vi seie at premisset må korrigerast slik:
Gud er allmektig–Han er mektig nok til å få det som er logisk mogeleg.
No som vi ser at Gud kan eksistere samstundes som vondskapen eksisterer (premiss 2), og sidan vi kan seie at det er logisk umogeleg for Gud å fjerne all vondskap utan også å fjerne den frie vilje, så kan ein ikkje seie at dette er eit haldbart argument mot den jøde-kristne Gud.
– Kjetil Kringlebotten

Når du påstår at Gud må fungere innenfor logikkens rammer, sier du samtidig at han ikke er allmektig. En allmektig gud vil kunne omgå alle problemer vi usle mennesker kan komme på, men da ville vi ikke kunne forstå ham, og heller ikke tro på ham. Ergo er den kristne gud ikke allmektig – eller så eksisterer han ikke.
Dette beviser vel egentlig bare at både gudsbevis og motbevis er like fåfengt.
Det spørs korleis ein definerer allmakt. Allmekt har aldri før blitt definert som noko anna enn at Gud kan gjere alt det som er logisk mogeleg.
Eg trur det at gud kan røra seg utanfor logikkens rammer så mykje han vil. Men det kan ikkje vi fatte! Han kan (trur eg) lage
ein stein som er så tung at han ikkje kan bære han, men det kan ikkje vi tenke oss. Det er ikkje vits i å si at det å bære ein stein som er så tung at han ikkje kan bære han er umogeleg.
Det er berre umogeleg å fatte.
Litt dumt argument sidan eg seier: Dette argumentet kan ikkje
invendast, eg ser det…
Kan Gud eksistere og ikkje eksistere på same tid og på same måte?
Kan Gud skape ein ball og samstundes ikkje skape ein ball på same tid og på same måte?
etc. etc.