Forbruk av englar?
juli 25, 2007
Eg får vel skrive ned nokre tankar omkring Märtha Louise sitt siste krumspring.
Som folk sikkert har fått med seg, så skal Märtha Louise starte ein “engleskule,” Astarte, der ein, gjennom eit treårig kurs skal lære å “komme i kontakt med englar.” Sjølv trur eg ikkje på dette, og dei som har lest om Märtha Louise før, veit at det ikkje er fyrste gong at ho viser nyreligiøse tendensar. Men det er ikkje det som eg reagerer på. På nettsida til denne skulen (under del “Hvem er vi?”) står det dei vil prøve å vise deg “hvordan du kan komme i kontakt med dine engler og bruke dem i dagliglivet ditt.”
Så det er slik det heng saman, altså. Englar er noko vi skal bruke? Og dette må vi i tillegg betale 72000 for? Det mest interessante er kanskje at eg for ein gong skuld ei einig med Einar Gelius.
Entry Filed under: Kommentar. Merkelappar: Nyreligiøsitet.

Trackback this post | Subscribe to the comments via RSS Feed