Sluttar som prest for å bli “healer”

Vårt Land melder (via VG) at sokneprest Mette Sofie Moe i Den norske kyrkja (DNK) vel å slutte som prest for å bli “healer.” Grunnen er at det ikkje er noko “takhøgde for englar.” Ho kallar DNK eit fengsel med ein teologi som “binder mennesker i stedet for å sette dem fri.”

Ho har heilt rett i at vi må ta folk på alvor. Men det betyr ikkje at ein skal la det gå utover det ein trur på. Skal vi ofre sanning og integritet på relativitetens og postmodernismens alter? Meiner ho at å forkynne sanning er å binde menneske? Eg seier ikkje at kristendommen nødvendigvis er sann, sjølv om eg trur det, men det verkar svært rart å ha eit slik postmoderne syn på sanning etter å ha jobba som prest i mange år. Kvifor vere prest når ein ikkje trur på det ein forkynner?

Så kan vi spørje oss, er denne [tidlegare] soknepresten slik som Märtha Louise, at ho også “helbreder med healing,” slik som det stod i VG?

Eg vil også nemne ein reaksjon på Märtha Louise sitt intervju med NRK (NRK NETT-TV). Ho påstod der at ho blir mobba, og så samanlikna ho seg med Tønne, som tok sjølvmord etter press frå media. PR-ekspert Hans Geelmuyden reagerar sterkt på dette (ifylgje VG):

Jeg har aldri hørt så mye vrøvl på 30 minutter i hele mitt liv. Jeg synes det er pinlig at NRK stiller som mikrofonstativ på denne måten, og det er pinlig at kritikerne blir kalt mobbere. Det at hun trekker fram Tore Tønne er grovt. Gjennom denne mobbepåstanden prøver hun å avvise en helt nødvendig debatt. (…)

Prinsessen må få tro hva hun vil. Problemet er at hun bruker prinsessetittelen i egen vinnings hensikt. Det er bare en eneste grunn til at hun får selge varene sine på NRK i beste sendetid, og det er at hun er prinsesse. Noen pris for kritisk og undersøkende journalistikk til NRK, blir det vel neppe.

1 Tilbakemelding to “Sluttar som prest for å bli “healer””



  1. 1 Om engler og prinsesser « Haralds strøtanker Tilbakesporing den august 26, 2007 ved 8:30 am

Legg att eit svar




  • “Being religious means asking passionately the question of the meaning of our existence and being willing to receive answers, even if the answers hurt.” — Paul Tillich
efrem1

Arkivet

Kategoriar

RSS Dei nyaste innlegga på Tro og fornuft.no (RSS)

Bloggar og forum

Baked beans, spam, spam, spam and spam or Lobster Thermidor au Crevettes with a mornay sauce served in a Provencale manner with shallots and aubergines garnished with truffle pate, brandy and with a fried egg on top and spam.

Bloggstatistikk

  • 75,849 treff

 

august 2007
M T W T F S S
« Jul   Sep »
 12345
6789101112
13141516171819
20212223242526
2728293031