Arkiv

Archive for august 3, 2008

Litt meir enn kvartvegs til hundre

På fredag (1. august) vart eg 25, altså kvartvegs til hundre. Men i dag er det jo søndag (3. august), så eg er litt meir enn kvartvegs til hundre. Eg sitt no på ein internettkafe i Hammersmith i London. I føremiddag var eg på søndagsmesse i St. Pauls. Det var ei fantastisk oppleving. Det var ei høgmesse med utgangspunkt i Missa Brevis in C (Spatzenmesse) av Mozart. Det kan anbefalast!

Eg kjem heim att til gamlelandet seint på tirsdag. Så, eg ville berre skue min eigen navle litt. Guds fred!

Ære vere Faderen og Sonen og Den Heilage Ande, som var, er og vera skal, ein sann Gud frå æve til æve. Amen.

Categories: Min eigen navle