Trinitarisk fokus i liturgien
I eit par diskusjonar omkring trinitariske formlar i liturgien på bloggen til Harald Hauge,[1] har det komme fram litt forskjellige synspunkt. Eg tenkte å ta for meg nokre kommentarar frå sistnemnde, frå ei som kallar seg Ellen, ein som kallar seg for Pål Asle og ein kort kommentar frå underteikna sjølv.
I hovudinnlegget siterer Harald Hauge Bendik Vollebæk, som er student, og som skreiv eit innlegg om språk og liturgi i Vårt Land, 22.08.2008. Eit kort sitat frå innlegget:
“Skaper, Frigjører og Livgiver” er helt “riktige” begreper om Gud, men det er abstrakte beskrivelser. Hvis ikke begrepene tar utgangspunkt i den konkrete bibelske fortellingen om Faderen, Sønnen og Den Hellige Ånd, risikerer vi å gå glipp av det sårbare ved skapelsen, det ydmykende og kostbare ved frigjøringen og Guds glede ved å gi nytt liv.
Ellen regarte på dette, og skreiv: “Skaper, frigjører og livgiver — abstrakte begreper om Gud? I tilfelle et definisjonsspørsmål.” Men den mest interessante kommentaren stod Pål Asle for. Her er eit kort sitat. (Les heile kommentaren!):
Problemet med Skapar, Frigjerar og Livgivar som trinitarisk formel, er at det ikkje er ein trinitarisk formel. Det er tre utsagn om Gud og hans verk. Nemningar for Gud, guds verk eller attributtar blir ikkje ein trinitarisk formel fordi ein seier tre av dei i lag.
Så kom eg med ein kort kommentar: “Ellen, ville du kalla far din og mor di for “klesvaskaren” og “kokken,” eller noko i den duren?” Ellen svara: “Nei, definitivt ikke. Ikke med min oppvekst. Men jeg tar poenget!”
Her ser vi ein interessant ting. Kanskje merka Ellen den ‘fella’ eg la i spørsmålet mitt, kanskje ikkje. (Eg har spurt det spørsmålet før, i ein munnleg diskusjon.) Eg spurde om Ellen ville ha kalla far og mor for ‘klesvaskaren’ og ‘kokken.’ Og ho svara at nei, det ville ho ikkje — “Ikke med min oppvekst.” Eg kjenner ikkje til hennar oppvekst, men ut frå ordlyden her — og ut frå erfaringane eg har gjort ved å lese andre kommentarar ho har skrive — reknar eg med at far og mor hovudsakleg har fordelt arbeidet nokolunde likt. (Som dei fleste gjer.)
Og det er nettopp det som er poenget mitt. Dersom du kallar mor for ‘kokken,’ så har du (1) redusert mor frå å vere ein person til å vere ein grei funksjon i familien, og (2) du har sementert ho i den rolla — rolla som ‘kokk.’ Når vi kallar Faderen, Sonen og Heilaganden for ‘skaparen,’ ‘utfriaren’ og ‘livgjevaren,’ så reduserer vi dei frå personar til funksjonar — og vi sementerer dei i sin ‘funksjon.’ For det er ikkje berre Faderen som er skapar. Det er ikkje berre Sonen som er utfriar. Det er ikkje berre Heilaganden som er livgjevar. Dei arbeider alltid saman. (Og dessutan; tilbedinga av personane er nettopp ei tilbeding av personane i seg sjølv, ikkje ei tilbeding av dei abstrakte ‘rollene’ vi så ofte sementerer dei i.)
Noter:

Nye kommentarar