Arkiv

Archive for september, 2008

Pengejakt og lækjing

september 26, 2008 Kjetil Kringlebotten 8 kommentarar

Eg ser på Vårt Land sine nettsider at Svein Magne Pedersen er på jakt etter pengar igjen. Han skal visst lage eit ‘lækjingssenter’ i Vennesla. Sjølv om ‘Misjonen Jesus Leger’ har millionar på bok. Det står i artikkelen:

Svein Magne Pedersen ønsker ikke å oppgi hvor mye penger Stiftelsen Misjonen Jesus Leger allerede har. Men regnskapet for 2007 viser at virksomheten gikk med et overskudd på 3,75 millioner. I følge årsregnskapet har stiftelsen 4,5 millioner kroner i kontanter og benkinnskudd. I tillegg er den bygningen som Misjonen Jesus Leger eier på Hægeland, lagt ut for salg med en prisantydning på 2,5 millioner kroner. Svein Magne Pedersen tror at dette eiendomssalget vil innbringe to millioner netto. (…)

Ellers viser regnskapet en sterk inntektsvekst i stiftelsen; fra 8,83 millioner i 2006 til 13,39 millioner i 2007. Brorparten av denne økningen er kollekter og gaver; fra 4,58 millioner til 9,12 millioner. Mye av disse gavene er knyttet til innsamlingen til det nye helbredelsessenteret.

Pedersen har også tidlegare vist sitt sanne ansikt når han vart kritisert for denne ‘lækjingsverksemda.’ (Finst det eit meir grøssande ord enn det?) I eit nettmøte på Vårt Land, fekk han dette spørsmålet: “Enkelte får sin lønn i himmelen. Hvor mye får du her på jorden, si i årslønn?” Pedersen svara då:

Jeg får sikkert også min lønn i himmelen, men det er jo også greit å ha noe å leve av her på jorden, ikke sant? Jeg får det jeg skal ha etter utdannelse, ansiennitet og arbeidsinnsats. Det er typisk norsk å være opptatt av hva andre tjener. I andre land er det uhørt å spørre om slikt. Men hos oss lever og blomstrer Janteloven og husmannsånden.

Slike svar er typisk frå den kanten. Når folk er kritiske, då er det ‘jantelova’ sin feil. Men det er ikkje snakk om å ‘ha noko å leva av på jorda,’ men om å lure pengane ut av trengande, spesiel eldre. Når ein gjer bøn til industri, og lever slik Pedersen gjer, så har ein mista all mi respekt. Eg kjenner folk med besteforeldre som har kasta bort pengar i hundretudenklassen på Pedersen. Vel, vel. Dette minner meg litt om dei fine orda vi finn i Didaké 11:

“Når apostelen drar videre, skal han ikke ta imot noe annet enn niste som rekker til neste overnatting. Men hvis han ber om penger, er han en falsk profet…. Men den som sier i Ånden: “Gi meg penger” — eller noe annet, ham skal dere ikke høre på. Men om det er på vegne av andre som lider nød, han ber dere gi, må ingen dømme ham.” (Did 11:6.12)[1]

Noter:

[1] Ernst Baasland & Reidar Hvalvik (red.), De apostoliske fedre. I norsk oversettelse med innledninger og noter (Oslo: Luther, 1984; 1997), s. 27

Categories: Kommentar, Teologi

Eige domene

september 18, 2008 Kjetil Kringlebotten 1 comment

For tida held eg på å ordne eige domene, slik at eg har meir teknisk fridom i bloggen. Eg kjem nok til å bruke ein wordpress-plugin, men eg vil då ikkje vere knytt til eit ferdiglagt design.

Categories: Bloggen

Litt om bøn

I Apg 2:42 står det at urkyrkjelyden “heldt trutt fast ved læra åt apostlane og ved samfunnet, brødsbrytinga og bønene.” (NO 78/85) Og vidare, i Apg 3:1, les at ein dag “då det leid til bønetimen, som er den niande timen, gjekk Peter og Johannes opp til templet.” (NO 78/85) Vi ser at urkyrkjelyden, i tillegg til å halda fast ved læra, samfunnet og brødsbrytinga, også heldt fast ved bønene. Men kva var desse bønene? Jo, dette var det som vi no kallar for tidebøne. Det finst åtte slike bøner (Kjelde):

  1. 1. Matutin, nattebøn, men ofte bedd rett før laudes.
  2. 2. Laudes, ved morgongry. Også kalla for morgonsang.
  3. 3. Prim, ved den fyrste timen, dvs. 06.00.
  4. 4. Ters, ved den tredje timen, dvs. 09.00.
  5. 5. Sext, ved den sjette timen, dvs. 12.00.
  6. 6. Non, ved den niande timen, dvs. 15.00.
  7. 7. Vesper, når mørkret bryt fram. (Ofte rundt 19.00.)
  8. 8. Completorium, ved leggetid. (Ofte rundt 21.30-22.00)

Eg skal no skrive litt om completoriet. Eg bur på ein kristen studentheim i Bergen. (Collegium St.ae Sunnivae.) Kvar morgon (mandag-fredag), før jobb og skule, har vi gudsteneste (med nattverd). Eg skal ikkje skrive noko om det, men eg vil heller sjå litt på kva vi gjer på kvelden. På kvelden (mandag, onsdag og torsdag), kl. 21.30, har vi noko som vi kallar ‘completorium.’ Det er latin, og betyr eigentleg ‘komplettering, avslutting.’ Det er ei kveldsbøn, der vi ‘kompletterer’ dagen før vi — i alle fall i teorien — går til sengs.

Denne gamle jødiske bønnetradisjonen sentrerer rundt salmane i Bibelen, og dei kristne valte å ta vare på den. (Sjå Apg 2:43, 3:1.) Dette er noko eg vil anbefale folk å ta del i — saman med andre. Det er ein av dei tinga som har hjulpe meg mest.

Ikkje berre får vi lest Bibelen, vi får bedd Bibelen. Og vi får samstundes lovprisa Herren. I 1Krøn 16:4 les vi at David sette “nokre av levittane til å gjera teneste framfor Herrens paktkiste og til å lova og takka og prisa Herren, Israels Gud.” Vi er også sett til å gjera dette. Dette krev sjølvsagt at vi faktisk tar tid til Han, at vi faktisk ofrar litt av vår tid på Han. Og her kan denne bønetradisjonen vere til hjelp. Dette er vel det som, i det siste, har vore til mest hjelp for meg i mitt kristenliv. Det har på ein måte blitt ein ‘puls,’ det som held kristenlivet mitt oppe. Eg går på forskjellige møte og gudstenestar elles, men eg anbefaler å ha ein fast ting i bønelivet ditt. Ein plass der du ber, og lar bøna forma livet ditt.

Men for at bøna skal forma livet, og for at ein skal kunna ha dette fellesskapet med Gud, så må vi bøye oss. Vi må innsjå at Gud alltid er større, og at Han har rett på takk og lovprising. For at livet vårt her på jorda skal kunna ‘finna sin form,’ så må vi innsjå dette, at Gud må stå i fokus. C.S. Lewis, ein kristen forfattar, sa: “Ta sikte på himmelen og du vil få jorda også. Ta sikte på jorda og du misser begge.” Å heile tida ha dette for augo har vore til stor hjelp for meg. Vi må aldri mista dette av synet. For mistar vi dette perspektivet, så mistar vi oss sjølve.

Vår Herre Jesu Kristi nåde, Guds kjærleik og Heilagandens samfunn vere med dykk alle! Amen.

Vårt Land, Church of England og Darwin

Olav Solvang skriv i Vårt Land at Church of England (heretter: CofE) no har komme med støtte til Darwin. “Darwin, som selv var medlem av Church of England,” skriv Solvang, “møtte sterke protester mot teoriene sine mens han levde. Nå skriver Brown at Darwin ble misforstått, at han slett ikke hevdet at vi stammet fra apene, men at menneskene og apene hadde felles forfar.” No er vel ikkje dette ei nyhend, eller ikkje for Church of England, men eg skal ikkje dvele for lenge ved det. Det eg skal ta for meg, er den absurde teksten i siste avsnitt.

Det er ventet at den kirkelige unskyldningen vil skape intern debatt. En rekke medlemmer i Den engelske kirke holder seg til kreasjonismen; at jorda er skapt av en guddommelig kraft, og at mennesket ikke kan stamme fra samme forfar som apene.

Trur Solvang at CofE ikkje lenger trur at verda er skapt av ‘ei guddomleg kraft’? (Vårt Land er ei god avis, men av og til er det neste flaut å lese den.) Poenget med CofE si støtte til Darwin er vel nettopp at ein meiner at det ikkje er noko motsetning mellom evolusjonen og skapinga.

Categories: Kommentar, Teologi, Vitskap

Opphøgjinga av krossen

I dag er det, i fylgje Den katolske kyrkja sin kalender, festen for opphøgjinga av krossen. Nettsidene for Den katolske kyrkja i Norge fortel oss at denne dagen har sin bakgrunn i at “den 78 år gamle keiserinne Helena” i 328 tok føre seg “en lengre reise til Det hellige Land for å besøke Kristi grav. Hun ønsket også å ære korset som Verdens Frelser hang på, men ingen syntes å vite hvor det var. Hun spurte lokalbefolkningen, som sa at hvis hun kunne finne graven, kunne hun også finne verktøyene for henrettelsen, for jødene hadde den skikk å begrave slike avskyelige gjenstander i et hull nær gravstedet for henrettede forbrytere. Keiser Hadrian hadde bygd et tempel for Venus over stedet der Jesus var blitt korsfestet og gravlagt, men Konstantin skrev til den hellige biskop Makarios av Jerusalem og ga ordre til at det skulle fjernes og at det i stedet skulle settes i gang byggingen av en Gravkirke der. Helena tok på seg oppdraget å få dette arbeidet gjennomført.” (Les meir her.)

Så, la oss lese evangelieteksten for denne dagen. Dette heilage evangeliet står skrive i evangeliet etter Johannes i det 3. kapitlet:

“Ingen har stige opp til himmelen utan han som steig ned frå himmelen: Menneskesonen. Og slik Moses lyfte opp ormen i øydemarka, slik må Menneskesonen lyftast opp, så kvar den som trur på han, skal ha evig liv. For så elska Gud verda at han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv. Gud sende ikkje Son sin til verda for at han skulle dømma verda, men for at verda skulle bli frelst ved han.” (Joh 3:13-17)

Heilage Far, helga oss i sanninga, ditt ord er sanning.

Det vi les denne dagen er at frelsa ligg i å skoda Kristus på krossen. I ein velkjent samle, nr. 479 i Nos, seier vi, til Gud, at “Deg å få skode er sæla å nå.” Eg trur dette også kan appliserast på krossen. For det er nettopp der Kristus verkeleg openberrar Guds kjærleik. Guds kjærleik for oss. “For så elska Gud verda,” stod det i dagens evangelietekst, “at han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv.” Guds kjærleik var så stor at Han gav seg sjølv. (For Sonen var også Gud.)

“O, Guds lam uskyldig, på korset ihjelslaget.” Slik syng vi det i ein gammal salme. Gud vart slått i hel av menneska. Han gjekk gjennom den menneskelege erfaring for å transformere den — for å gje oss del i det guddomlege, “del i guddomleg natur.”

Sjå opp på krossen for der ser vi verkeleg korleis Gud er. Der hang Gud — slått, piska, håna, audmjuka — utan å slå tilbake. Sjå opp mot krossen, og du vil sjå di frelse.

Er offer nødvendig?

I mandagens utgåve av Vårt Land hadde Erling Rimehaug ein svært interessant artikkel om offer, der han tok for seg nokre tankar om dette som kom fram på den europeiske religionsfilosofiske konferansen som var i Oslo førre helg. Eg skal ikkje ta for meg så mykje av sjølve artikkelen, men vil heller sjå litt på offertanken i seg sjølv. La meg byrje med Mahatma Gandhi. Han lista, i 1925, opp sju moderne dødssynder.[1] Desse dødssyndene var:

  1. Politikk utan prinsipp
  2. Rikdom utan arbeid
  3. Lyst utan samvit
  4. Kunnskap utan karakter
  5. Handel utan moral
  6. Vitskap utan manndom
  7. Tilbeding utan offer

Gandhi meinte altså at vi ikkje kunne tilbe utan å ofre. Ein annan stad skal ha, i alle fall slik eg hugsar det, ha sagt at tanken om tilbeding utan offer er ei moderne vestleg villfaring. Og ikkje berre er det ei vestleg villfaring, det er også filosofisk sett feil. Kva er eit offer? Slår vi opp i ordboka, så ser vi at ‘offer’ kan bety ‘sjølvgløymande handling.’ (Bokmål: ‘uegennyttig handling.’) Det handlar ikkje nødvendigvis om blod, sveitte og tårer — men ikkje at det er noko i vegen for det.

Poenget er at når ein tilber, så ofrar ein noko. Ein ofrar noko av det ein eig. Dette vert hovudsakleg gjort for å symbolisere at ein gjer seg sjølv til den ein ofrar til. Kristus seier det slik:

Vil nokon følgja etter meg, må han seia nei til seg sjølv og ta krossen sin opp og følgja meg. For den som vil berga livet sitt, skal mista det. Men den som mistar livet sitt for mi skuld og for evangeliet, skal berga det. Kva gagnar det eit menneske om det vinn heile verda, men taper si sjel? (Mark 8:34-36)

Når vi tilber, så seier vi at det finst noko som er større enn oss sjølve, noko vi er villige til å gje oss sjølve for. Eit godt døme på dette er biskop Kyprian. Rett før han vart halshugga og vart ein martyr, fekk han beskjed om å ofre til dei romerske gudane og til keisarens genius. Han sa då at han ikkje ville gjere det. Då han fekk beskjed om å tenke seg om, sa han: “Min tryggleik og styrke er Kristus Herren, som eg ynskjer å tene til evig tid.”[2]
Offer handlar om å tene. Men eg trur at vi må vere varsame. Gud ynskjer offer, men dei ofra han ynskjer er inderlege offer.[3] “Nei, offer for Gud er ei sundbroten ånd. Eit sundbrote og knust hjarta, det vanvørder du ikkje, Gud.” (Sal 51:19) Denne offertanken ser vi mellom anna i tanken om todah-offeret i jødedommen.[4]

“I den kommande Messianske tidsalderen vil alle ofra opphøyra, men takkofferet [hebr. todah] vil aldri opphøyra. ” Slik står det i den jødiske Midrash, i Pesiqta.[5] Men kva betyr det eigentleg, og kva har det med Kristi offer å gjera? Dei fleste har høyrt om brennofra og syndofra i Bibelen. Men dei fleste har ikkje høyrt om takkofra. Men desse ofra — dersom vi skal tru dei fleste jødiske teologar — var heilt sentrale i den jødiske religionen. Tim Gray skriv:

A todah sacrifice would be offered by someone whose life had been delivered from great peril, such as disease or the sword. The redeemed person would show his gratitude to God by gathering his closest friends and family for a todah sacrificial meal. The lamb would be sacrificed in the Temple and the bread for the meal would be consecrated the moment the lamb was sacrificed. The bread and meat, along with wine, would constitute the elements of the sacred todah meal, which would be accompanied by prayers and songs of thanksgiving, such as Psalm 116.

Vi ser kor sentralt dette er når vi les i 1Krøn 16. I v.4 står det at David sette “nokre av levittane til å gjera teneste framfor Herrens paktkiste og til å lova og takka og prisa Herren, Israels Gud.” Orda som her er omsett med ‘lova,’ ‘takka’ og ‘prisa’ er høvesvis zakar (‘huska, påkalla’); yadah (‘takka’) og halal (‘skina, prisa’). (Ordet yadah er ein munnleg form av todah.) Liturgien og ofringane skulle altså vera sentrert rundt påkallinga av Herren, minnet om Hans gjerningar (som også tydde ei reell påkalling av desse, eller deira velsigningar), takkeoffer på grunn av desse gjerningane og lovprising av Herren. Og nettopp dette ser vi både i Kristi gjerning og i vårt liv som kristne.

Offertanken, denne for oss vestlege så barbariske og umenneskelege skikk, er heilt nødvendig for oss menneske. Og slik eg ser det, så er Kristi offer essensielt eit takkoffer til Herren. Det er sjølvsagt også eit syndoffer.[6] Men dette er ikkje det sentrale. Adams synd var at han ikkje lydde Gud. Han prøvde, så å seie, å verta fullkommen av sin eigen ufullkomne kraft, av eigen natur. Men Kristus var fullkommen. Han var — er! — Gud, “gav avkall på sitt eige, tok ein tenars skapnad og vart menneske lik. Då han stod fram som menneske, fornedra han seg sjølv og vart lydig til døden, ja, døden på krossen.” (Fil 2:6-8) Hans offer var lydnadsofferet. Han levde slik Adam skulle, i Guds nærvær, i påkalling, takk og lovprising.

For å lovprise, for å tilbe — for å komme opp til det nivå vi er skapte til å vera på, så må vi bøye oss. Vi må innsjå at Gud alltid er større, og at Han har rett på takk og lovprising. Vi må aldri mista offertanken. For mistar vi dette perspektivet, så mistar vi oss sjølve.

Noter:

[1] Mahatma Gandhi, Collected Works of Mahatma Gandhi, vol. 33, September 25, 1925 – February 10, 1926. 10.09.2008. S. 135. Lenke til pdf-dokument

[2] Sitert i Joseph Milner, The History of the Church of Christ: From the Days of the Apostles, Till the Famous Disputation Between Luther and Miltitz in 1520. With a Continuation to the Present Time, by T. Haweis. Edinburgh: Peter Brown and Thomas Nelson, 1835. Digitized May 15, 2006. 09.09.2008., s. 160. Omsett til norsk.

[3] Dette må ikkje på nokon måte tolkast til at ofra skal ‘åndeleggjerast.’ Dei skal vere kroppslege, men det betyr at dei ikkje skal vere eit ‘tomt ritual,’ noko vi gjer berre fordi vi gjer det. Det må heller ikkje tolkast til at ofra berre skal handle om mitt ‘personlege forhold’ til Gud. Dei ofra vi gjer, skal også gjerast for andre menneske — men med Gud i fokus. For, som C.S. Lewis sa det: “Aim at heaven and you will get earth thrown in. Aim at earth and you get neither.” Kjelde

[4] Her tar eg opp at delar av det eg allereie har skrive om på Mediator Dei

[5] Hartmut Gese, Essays On Biblical Theology. Minneapolis: Augsburg Publishing House, s. 133

[6] Når vi seier at Kristi offer var et syndoffer, at Han tok våre synder på seg, så betyr ikkje dette at Gud krev død og pine. Det betyr rett og slett at Kristus — for å endra oss og vår røyndom — gjekk gjennom alt det vi må gjennom, inkludert konsekvensane av vår synd (død o.l.).

Categories: Teologi

Litt om presidentvalet i USA

Dagbladet.no melder at Michael Stripe i R.E.M. vil flytte frå USA dersom John McCain vert president. Verkeleg? Sa han ikkje noko liknande for fire år sidan? Det var ein gong då R.E.M. spelte alternativ musikk — og hadde alternative meinigar. (Alas, those days are gone.)

Når det gjeld kven eg håpar vinn, så vil eg seie at John McCain er min kandidat. Obama er, som Sarah Palin seier det, “typen som allerede vil skrive memoarer før han har prestert noe som helst.” Han har allereie skrive ei bok om sitt liv — noko meir arrogant skal du leite lenge etter.

Eller som ho også seier:

I politikken er det noen kandidater som bruker forandring for å fremme karrieren sin. Og så er det andre, som John McCain, som bruker karrieren sin for å fremme forandring.

No kjem det vel litt sinte kommentarar i kommentarfeltet…

Categories: Kommentar

Grunnlaget for kyrkja

DagenMagazinet melder i papirutgåva 1. september at Indremisjonsforbundet (ImF) og Norsk Luthersk Misjonssamband (NLM) vil hjelpa folk som forlet statskyrkja. Dette er sikkert gjort i aller beste ånd. Men eg stusser litt på kva dei vil. Karl Johan Hallaråker, generalsekretær i ImF, seier:

Vi arbeider nå med å legge til rette for å danne registrerte trossamfunn innenfor Indremisjonsforbundet, der folk i selvstendige bedehusforsamlinger som melder seg ut av kirken kan få kirkerettslig tilknytning til oss. Dette er blitt svært aktuelt i våre dager. (…)

Dette er noe helt nytt som vi behandler i vår organisasjon. Vi tenker oss en liknende praksis som i Frelsesarmeen, og de er registrert under «Lov om trudomssamfunn og ymist anna». Vi legger opp til at både enkeltpersoner og hele forsamlinger kan få en kirkerettslig tilknytning til Indremisjonsforbundet.

Dei vil altså at desse forsamlingane skal ha ei kyrkjerettsleg tilknyting til ImF. Men eg er skeptisk. Eg klarar ikkje heilt å sjå korleis ein skal få ei verkeleg eining som ikkje er katolsk og apostolisk — og sakramental. Eg trur at Dag-Øivind Østereng har nokre gode kommentarar til dette i eit foredrag:

Kirkens fellesskap er … ikke grunnlagt på karismatisk lederskap, kongemakt eller en sosiologisk forankret enhetskultur, slik enhetsbåndet de facto har vært i vår kirke siden reformasjonen. I Dnk har det vært kongemakten/staten, samt en stor grad av enhetskultur som har vært det faktiske enhetsbåndet i vår kirke. Det har langt på vei vært en mer sosiologisk enn en læremessig, bekjennelsesmessig og forpliktende enhet i forhold til kirkens dogma (forpliktende læresetninger). Dette ser vi hver gang kirkens lære er blitt berørt, og Lærenemnda er det fremste beviset på dette. Det er ikke kirkens dogma som står i sentrum. Heller ikke sannhetsspørsmålet, men summen av de synspunkter som finnes innenfor kirkefellesskapet. Det er det som blir det normerende, fordi kirken ikke har evne til å rive seg løs fra falske enhetsbånd, og knytte seg opp til de enhetsbånd som Kirken skal bygges på.

For kirkens tverrstruktur, organisasjonene har det vært karismatisk lederskap rundt skikkelser som Ole Hallesby, Ludvig Hope, Øivind Andersen og Carl Fredrik Wisløff, samt en enda mer snever enhetskultur som har vært enhetsbåndet mellom de kristne. Når denne enhetskulturen blir utfordret vil organisasjonene få store problemer med å holde organisasjonene samlet på teologiske premisser. Bare så lenge det internt er sosialt akseptert og et demokratisk flertall for et syn kan det opprettholdes i organisasjonen. Apostolisk tradisjon står svakt som argument, selv om denne tradisjonen har tydelige røtter i Skriften. Det ser vi i Normisjons og Frikirkens syn på kvinnelig prestetjeneste, og dette vil Misjonssambandet erfare til fulle når forsamlingsbyggingen i organisasjonen har kommet så langt i selvstendiggjøring at kvinnelig lederskap i forsamlingene må avklares. Hva gjør dere da med disse tekstene?

De såkalte “høvdingene,” det karismatiske lederskapet, skapte i sin tid en enhetskultur som har vært et enhetsbånd i organisasjonene. De klarte å forplikte på et sterkt bibelsyn som skapte en sosiologisk bibeltroskapsidentitet. Det var denne identiteten omkring bibelen som Guds ord som har båret fellesskapet, og som har skapt den kirkeforståelsen som nesten utelukkende går ut på at kirken er der hvor noen samles om Guds ord i troskap mot dette ordet.

For å oppsummere dette punktet; Kirkens enhet i Norge, i Dnk og kirkens organisasjoner, har realiter vært og er en sosiologisk enhet, og i mindre grad en teologisk enhet, og knapt nok en ekklesiologisk enhet.[1]

Dersom den ordninga ikkje er apostoltisk og katolsk orientert (ikkje romersk-katolsk), så ser eg ikkje dette som noko forbetring i forhold til Dnk. Som Østereng sa det litt seinare i foredraget:

Derfor kjenner jeg at det eneste alternativet vi har, med mindre vi vil rendyrke frikirketanken, det er å søke et nytt økumene, og peke på dette økumene som en felles vei for kristenfolket i Norge som bærer med seg en evangelisk-luthersk arv, men som vet at Kirken verken er luthersk eller norsk, men at Jesu Kristi kirke i bunnen er apostolisk og katolsk.[2]

Noter:

[1] Østereng, Dag Øivind, “Kirkelig fellesskap — med hvem — om hva?” Foredrag på seminar om Morgendagens kirke — visjon og veivalg, Fjellhaug 14.02.07. (02.09.2008), s. 5-6

[2] Ibid, s. 10