Leonardo_da_Vinci_-_The_Last_Supper_high_res

Er nattverden eit måltid?

Spørsmålet i overskrifta virkar kanskje i overkant tullete. Sjølvsagt er nattverden eit måltid. Og ja, nattverden er eit måltid. Men det er også meir. Faktisk er det soik at måltidsaspektet ikkje er hovudpoenget med nattverden.

Eit problem her, er at eg bruker omgrepet ‘nattverd.’ Dette omgrepet, som ikkje lenger vert brukt utanom den kyrkjelege/kristelege nattverdskonteksten, betyr eigentleg ‘kveldsmåltid.’ Vi kan t.d. sjå dette i omsetjinga av Johannes’ Openberring 3:20. I 2011-omsetjinga står det slik: “Sjå, eg står framfor døra og bankar. Om nokon høyrer mi røyst og opnar døra, då vil eg gå inn til han og halda måltid, eg med han og han med meg.” I 1938-omsetjinga står det slik: “Sjå, eg stend for døri og bankar på; dersom nokon høyrer mi røyst og let upp døri, so vil eg ganga inn til han og halda nattverd med han, og han med meg.” Vi bør heller bruke omgrepet ‘evkjaristi’ eller ‘eukaristi,’ og det skal eg vidare i dette innlegget.

Omgrepet ‘evkjaristi’ kjem av det greske εὐχαριστία (eucharistia), som tyder ‘takkseiing.’ Dette heng saman med det Jesus gjorde under innsetjinga av evkjaristien. Han “tok brød, takka…” Dette var fokuset i oldkyrkja, og heilt fram til reformasjonen. Ifylgje Joseph A. Jungmann,[1] var det ikkje måltidsaspektet, men evkjaristi-aspektet (velsigninga av og takken til Gud) som var kjerna historisk. Ifylgje Joseph Ratzinger (meir kjent som pave Benedikt XVI) påpeika Jungmann at[2]

even in the most ancient forms the eucharistia—the prayer of anamnesis in the shape of a thanksgiving—is more prominent than the meal aspect. According to Jungmann, the basic structure, at least from the end of the first century, is not the meal but the eucharistia; even in Ignatius of Antioch this is the term given to the whole action.

Ratzinger poengterer også at Jungmann har vist at “linguistically speaking, Luther’s use of the word “Supper” [Abendmahl] was a complete innovation.”[3] Ratzinger viser til forskinga til H. Schürmann,[4] og påpeiker at sjølv om innsetjinga sin kontekst var eit måltid (men då eit måltid der fokus var på meir enn måltidet), så var fokus på den evkjaristiske handlinga, på det Kristus gjorde, og det kyrkja skal gjere til minne om han. Når Jesus sa “gjer dette til minne om meg” viste ‘dette’ til handlinga, ikkje måltidet. Evkjaristien, takk- og lovprisingsbøna, “had a relatively autonomous existence and significance in contrast to the meal event.”[5]

Poenget med dette er at det er bøna og takkofferet som er det sentrale, medan måltidet kjem som eit svar til dette, ei deltaking i dette.

Noter:

[1] Jungmann, The Mass of the Roman Rite, 2 bind (New York 1951, 1955); “‘Abendmahl’ als Name der Eucharistie” (Zeitschrift für Katholische Theologie 93, 1971): 91-94, jf. Joseph Ratzinger, The Feast Of Faith: Approaches to a Theology of the Liturgy (San Francisco, CA: Ignatius Press 1986): 33-36.

[2] Ratzinger, The Feast Of Faith, s.36.

[3] Ratzinger, The Feast Of Faith, s.37. Sjå n.8.

[4] Schürmann, “Die Gestalt der urchristlichen Eucharistiefeier,” i: Ursprung und Gestalt. Erörterungen und Besinnungen zum Neuen Testament, Düsseldorf 1970): 77-99.

[5] Schürmann, Ursprung und Gestalt, s.83-84. Sitert i Ratzinger, The Feast Of Faith, s.40.

3 thoughts on “Er nattverden eit måltid?

  1. Godt teologen!
    Intressant innlegg. Fint å sjå sammanhangen mellom takkseiinga (evkjaristin) och att Jesus i relation till Faderen vert takkofferet.

    Ser på böna som den trinitariske relationen och takkböna som ett bevis på Guds enhet.

    Fint og ta med disse tankane no i fastetida.

    gud velsigne deg broder. Tenkte lese litt I bind 1 av Pavens Jesus från Nasaret!

    Anders

  2. Takk for det. Korleis går det nede i Sverige? Eg har no nokre jobbsøknader inne, og lurte på om du kanskje ville ta ein tur heim når eg vert ordinert. (Eg reknar med at du er Anders Magne.)

  3. Pingback: «Han tok eit brød…» « Catholicus Norvegicus

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s