Gledeleg påske!

Standard

Eg har no kome frå påskenattsmesse i Sandvikskyrkja i Bergen der eg hadde æra av å ha preika. Det fylgjande er preika, som nok ikkje var heilt identisk til det eg sa der og då. Fotnotane vart ikkje nemnt, men er teke med her for at folk skal kunne sjekke referansane mine om dei ynskjer det.

Tekstane for påskenatt (Dnk) er 1Mos 1:1-5.26-31; 2:1-2; 2Mos 14:1-22; Rom 6:3-11 og Mark 16:1-8.[1]

______________________________

Preike påskenatt 2014
Sandvikskyrkja, Bergen

[Gud] har frelst oss og kalla oss med eit heilagt kall, ikkje på grunn av gjerningane våre, men etter sin eigen vilje og nåde. Det er den nåden som er oss gjeven i Kristus Jesus frå æva av, og som no har vorte openberra då vår frelsar, Kristus Jesus, kom til jord. Han har gjort døden til inkjes og ført liv og udøyelegdom fram i ljoset ved evangeliet.

Slik står det i Pauli andre brev til Timoteus.[2] Men kva meiner eigentleg Paulus med at Kristus har «ført liv og udøyelegdom fram i ljoset ved evangeliet»? Kva betyr dette for oss her og no? Kva er eigentleg evangeliet?

For oss har ordet ‘evangelium’ vorte eit kristeleg omgrep, kanaan-språk, men for mottakarane av Paulus sine brev var dette eit sentralt og ålment omgrep. Ordet, som eigentleg betyr ‘godt nytt,’ vart brukt av kongar, fyrstar og keisarar for mellom anna å markere deira tronstigningsdag.[3] Etter det ‘kaos’ som oppstod ved ein konge-, fyrste eller keisardød, kom den nye og innførte fred og stabilitet. Dette var i det minste retorikken bak. Men livet vart likevel det same som før for folk flest. Men med Jesus ser vi noko anna.

Jesus hevda å vere Kristus, Messias – han hevda å vere Israels representant. Men han hevda ikkje berre å vere ein av mange ‘messiasar’ – endå ein politisk figur, endå ein utfriar frå fysisk fangenskap; frå romarar, korrupte jødiske styresmakter, osv.

Nei, han hevda å vere Herren over alle herrar, han hevda å vere Gud. Og han, og etterfylgjarane eller læresveinane hans, var difor ein trussel. Kristi herredøme relativiserer nemleg herredømet til kongar, fyrstar og keisarar. Så trugande var dette at Herodes den Store beordra at ein skulle ta livet av alle gutteborn i Betlehem opp til 2 år berre for å kvitte seg med Jesus,[4] og barnebarnet hans, Herodes Agrippa, tok livet av Jakob, Jesu bror, fengsla Peter og gjekk hardt fram mot dei kristne, nettopp fordi dei forkynte Kristi evangelium, Kristi herredøme.[5]

Ved å bruke evangelie-omgrepet seier Paulus, og alle kristne, at det er Kristus som er Herre, ikkje Herodes, ikkje Cæsar, ikkje Napoleon, og heller ikkje Haakon, Olav eller Harald. Og han seier ikkje at Jesus berre er konge i Israel, i Romarriket, Frankrike eller Noreg, men Herre og Konge over universet, Kongen over alle kongar, Herren over alle herrar. Påskeevangeliet er dette, at Kristus er stått opp, og denne krossfeste og oppstadne frelsar er Herre og konge.

Men kva betyr eigentleg dette for oss? For å skjøna kor fantastisk oppstoda er, må vi også skjøna alvoret ved vår eiga synd. Synd er meir enn berre dårleg oppførsel. Synd er å velje side, mot Gud. Det handlar om vegval, om å korleis vi lever livet vårt, som heilskap. Som menneske har vi eit viktig føremål: Vi skal prise Gud for den han er, og takke han for det han har gjort for oss. Men vi har ikkje levd opp til dette.

Det vi treng å høyre i dag, i natt, er at det er ein djup samanheng mellom skjærtorsdagens nattverdfeiring, langfredagens mørke og påskedagens lys, som vi ser symbolisert her framme i koret. Det læresveinane trudde var slutten, vart lyft opp som offergåve til Gud.

I 2003, medan han enno var kardinal Ratzinger, skreiv pave Benedikt om Kristi innsetjing av nattverden, at han gjennom dette gav seg sjølv til Gud, for oss. Han seier at Kristi offer ikkje fyrst og framst handlar om at Gud er sint, og at Kristus måtte blidgjera han, men om at Kristus gav Gud det vi er kalla til å gje, men ikkje maktar og ofte ikkje vil. Gjennom eit liv i lydnad gav han seg fullt og heilt til Gud i takkseiing, i tilbeding, i lovprising.

Kristus tolka sin død gjennom bønene ved det siste måltidet, og ved innsetjinga av nattverden. For å parafrasere Ratzinger vart Kristi død, gjennom innsetjinga av nattverden, omskapt til den fullkomne gudstilbedinga, som igjen vert gjeve tilbake til oss, i ordet og i sakramenta, til frelse og fred.[6]

Det ein skulle tru var verdshistoria si største synd, og det verste som kunne skje, vart «ei gåve og eit offer, ein velluktande ange for Gud.»[7] Som Børre Knudsen formulerer det:[8]

I våre hender var kors og nagler
da dine hender løftet vin og brød,
da dine hender forvandlet drapet
til offergave og til soningsdød.

Du tolket korset, du tydet døden,
du gjorde pinen til din kongevei,
for da du viet deg selv til offer,
da måtte våre hender tjene deg.

Kristus gav seg sjølv som offer for oss. Det som var ei dødssynd, vart omskapt til gudstilbeding. Og denne gudstilbedinga var fullkomen, og nok til å sona syndene våre. Som sagt handlar ikkje Kristi offer fyrst og framst om at Gud er sint, og at Kristus må blidgjera han, men om at Kristus gjev seg fullkoment til Gud, på vegner av oss.

Kristus gjorde om på Adams synd. Der Adam var ulydig, var Kristus lydig. «Han var lydig til døden, ja døden på krossen.» Og Gud svara ved å reisa Kristus frå død til liv. «Difor har Gud storleg opphøgt han og gjeve han det namn som er over alle namn.»[9]

Men kva hjelper det at Kristus har gjeve seg sjølv for oss, gått i døden for oss, og stått opp? Kva betyr det for oss? Ein kyrkjefader skal ha sagt at det hjelper ikkje om Jesus vart fødd tusen gonger i Betlehem, om han aldri vert fødd i ditt hjarte.[10] For å få del i Kristi død og oppstode må vi, som Paulus seier,[11] vere ‘i Kristus.’ Gjennom Kristus kan vi fornyast og få stå for Gud, i takk, i tilbeding, i lovprising. Vi har døydd med Kristus i dåpen, vi har fått syndene våre vaska bort, og vi har fått stått opp frå dåpens bad til nytt liv.[12]

Dette er natta då Kristus lyfte mennesket opp til Gud. Sjå opp på krossen her framme, og sjå kva Kristus gjorde for deg. Gå til nattverd, der vi, i takk og tilbeding, får ta imot den heilage lekamen og det dyre blodet til vår krossfeste og oppstadne Herre Jesus Kristus, det han gav til soning for alle våre synder. Ved det kan han styrke oss og halde oss oppe i ei sann tru, til det evige liv.

Vår takk og vår lovsong vil aldri nå opp til det Gud har gjort for oss, men vi skal likevel halda fram, i vona om at døden ikkje er slutten, at vi, om vi vert verande ‘i Kristus,’ ein dag skal få stå opp til i ein ny himmel og ei ny jord.

[Kristus er oppstaden!] [Ja, han er sanneleg oppstaden!]

Til ære for Faderen og Sonen og Den Heilage Ande, som var er og vera skal, éin sann Gud, frå æve og til æve. Amen.

Noter:

[1] Det er litt fleire tekstar i Den katolske kyrkja si ordning. Desse er (utan forkortingar) 1Mos 1:1-2:2; 1Mos 22:1-18; 2Mos 14:5-15:1a; Jes 54:5-14; Jes 55:1-11; Bar 3:9-15.32-4:4; Esek 36:16-17a.18-28; Rom 6:3-11; og Luk 24:1-12. Det er endå meir i Den ortodokse kyrkja.

[2] 2Tim 1:9-10

[3] Les dette intervjuet, og sjå denne videosnutten, med N.T. Wright.

[4] Matt 2:1-18.

[5] Jf. Apg 12.

[6] Jf. Joseph Ratzinger, God Is Near Us: The Eucharist, the Heart of Life (San Francisco, CA: Ignatius Press 2003): 29-30.

[7] Ef 5:2

[8] Den er er å finne her og her, og står også i den katolske salmeboka Lov Herren, nr. 788 (om eg ikkje hugsar feil).

[9] Fil 2:8-9

[10] Tillagt mange, også (så vidt eg hugsar) Meister Eckhart.

[11] I t.d. Rom 3:24; 6:11; 6:23; 8:1; 12:5; 1Kor 1:2; 1:4; 2Kor 5:17; Gal 2:17-20; 3:26-28 Ef 1:3; 2:6-7, m.m. Sjå Walter Bartling, «The New Creation in Christ: A Study of the Pauline ἐν Χριστῶ Formula» (Concordia Theological Monthly 21, 1950): 401-418; A.J.M. Wedderburn, «Some Observations on Paul’s Use of the Phrases ‘in Christ’ and ‘with Christ’» (Journal for the Study of the New Testament 25, 1985): 83-97.

[12] Jf. Rom 6:1-11.

2 thoughts on “Gledeleg påske!

  1. Øystein O. Nødtvedt

    Hei Kjetil! Takk for at du postet denne. Er ikke veldig ofte jeg får så mye ut av en preken som dette. Det gav meg et nytt og godt perspektiv på offergaven. Vi dro til Domkirken på påskenatt istedenfor, men skulle kommet til Sandvikskirken hvis jeg visste du skulle preke der.

    Håper du fortsetter å poste prekenene dine!

    Alt godt!

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s