Litt om bloggen

På denne bloggen tek eg, Kjetil Kringlebotten, hovudsakleg opp spørsmål av meir eller mindre teologisk, filosofisk, liturgisk, kulturell og politisk art, m.m. Eg er for tida medlem av Den norske kyrkja, men er nok i den delen som er meir høgkyrkjeleg og katolsk.

Denne bloggen vart starta, under eit anna namn (‘Skapkatolikken’) i juni 2005 før den etter kvart (i juli 2006) fekk eit nytt namn; ‘Katolikken.’ (Sjå her.) I slutten av mai 2010 fekk den eit nytt namn Εὐχαριστία. Og så fekk den nytt nam i byrjinga av juli 2010: Evkaristi. Grunnen til det siste namneendringa var at ikkje alle tema like greske bokstavar like godt (i overskrifta).

Grunnen til desse namneendringane er ikkje fordi eg ikkje lenger ser på meg sjølv som katolsk — langt derifrå! — men fordi eukaristi – å takke Gud, å ta del i sakramenta, etc. – er livets føremål. Fr. Arnfinn Haram seier det slik:

Her sitter jeg altså midt i våren, midt i virkeligheten. Både det vakre og det vanskelige kommer meg så nært når jeg sitter slik. Jeg er også et skjelvende lite lam, på vaklende føtter. Men jeg lever! Skjønnheten og livsgleden gjør oss ofte mer følsomme og sårbare for alt det som vondt i livet. Både skjønnheten og smerten vekker i meg menneskets dypeste trang: Vi vil ikke bare oppleve verden — vi vil også dele vår opplevelse med andre, både sorg og glede. Først da blir vi tilfreds. Det er det vi gjør i Eukaristien. Vi deler alt med Gud. Da først faller vi til ro. Da først blir vi lykkelige.

Hva er meningen med livet? Det er ikke å bli rik og vellykket, det er ikke å bli den flinkeste og kuleste. Det er å takke Gud. Det er å utstråle takk til alt omkring deg. Det er — Eukaristien!

Denne bloggen har sidan starten vore min måte å tenke høgt med bakgrunn i “den trua som ein gong for alle er overgjeven til dei heilage.” (Jud 3) Før du les innlegga mine, som er å finna på framsida, vil eg anbefale å lese det eg har skrive om bloggen (og om meg sjølv) her.

Med nemninga ‘katolikk’ meiner eg ikkje ‘romersk-katolsk,’ men den ålmenne trua; den kristne trua som “har vorte trudd av alle, på alle stader og til alle tider,” for å parafrasera Hl. Vincent av Lerin.[1] Men det er også viktig å hugsa på at ‘katolsk’ seier noko meir om trua enn at den er ålmenn, i tydinga ‘demokratisk’ eller ‘up for grabs.’ Det fortel oss noko meir. I dei latinske vedkjenningane — t.d. Apostolicum eller den latinske omsetjinga av Nikenum — nytta ein seg nettopp av det greske ordet ‘katolsk.’ Dette, skriv Arve Brunvoll, er “eit låneord frå gresk, som er nytta i staden for eit vanleg latinsk ord for «ålmenn» (t.d. universalis), truleg av di catholicus [latinifisert av katholon] alt hadde teke til å få ei fast tyding; det målbar ikkje berre dette at kyrkja er ålmenn, men òg noko om den trua som kyrkja stod for.”[2] Eller som Roald Flemestad skriv::

Ordet katolsk er avledet av den greske ordsammensetningen katha (i følge) + holos (hel). Begrepet kath-holon betegner da det som overensstemmer med helheten. At ordet tidlig i den kristne språkbruk fikk et særegent betydningsinnhold, viser seg i oversettelsen av trosbekjennelsen fra gresk til latin. For å beskrive kirkens sanne vesen valgte man både i den apostoliske og nikenske trosbekjennelse å beholde katolsk (catholicam) som låneord fra gresk. Det latinske uttrykk alminnelig (universalis) kunne altså ikke sakssvarende gjengi meningen med ordet katolsk. Kirken er ikke alminnelig i betydning alment forekommende blant alle mennesker, men katolsk fordi hun til alle tider og steder er forpliktet til å forkynne det samme evangelium.[3]

Eg er oppvaksen i ein kristen heim, i eit kryssingspunkt mellom kyrkja (Dnk) og bedehuset. Eg kan kanskje seie at eg er i eit punkt mellom Alexander Schmemann, Hans Nielsen Hauge, Thomas Aquinas og Dag Øivind Østereng. Meir spesifikt vil eg definere meg sjølv som ein evangelisk katolikk og høgkyrkjeleg lutheranar med forkjærleik for ortodoks teologi. Ja, dersom det er meir spesifikt, altså. ;)

For tida bur eg i Bergen sentrum og studerer teologi ved NLA Høgskolen i Bergen. Har gjort meg ferdig med grunnleggjande eksegese (med språk), samt hebraisk og bibelgresk — dvs. koinégresk. Skal no avslutte bachelor-graden min og byrjar smått på masteren. Eg rekner med å vere der i nokre år til. Eg er framleis medlem av Dnk, og var inntil nyleg involvert i Ungdomsrådet i Bjørgvin bispedøme. Eg går i Sandviken kirke, men har i det siste vore mykje i St. Paul.

Eg ser på meg sjølv som økumenisk. Kristus vil at vi skal vera eitt, difor meiner eg at vi bør arbeide for det. Enkelte trur at å vere økumenisk er det same som å gå på akkord med sitt eige syn. Men det er berre tull; eg trur heller det handlar om å finne ut kva vi er einige om og kva vi er ueinige om. Så kan vi ta det der ifrå. Eg over middels interessert i film og litteratur, og ein av dei få som studerar hobbyen sin. Eg har også blogga på Tro og fornuft.no.

Andre bloggar, som no hovudsakleg er arkiv, finn du i sida med lenker.

Mitt motto for bloggen kan samanfattast i desse orda frå Pauli hand: “Vi skal vera true mot sanninga i kjærleik og i eitt og alt veksa opp til han som er hovudet, Kristus.” (Ef 4,15) “Så gjer mi glede fullkomen: Ha same sinnelaget og same kjærleiken, og ver eitt i sjel og sinn.” (Fil 2,2)

Noter:

[1] Sjå her.

[2] Arve Brunvoll, Vedkjenningsskriftene åt Den norske kyrkja. Ny omsetjing med innleiingar og notar. Oslo: Lunde 1979, s. 19

[3] Sjå fotnote 1.

Leave a Comment »

RSS feed for comments on this post. TrackBack URI

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Connecting to %s

Blog at WordPress.com. | Theme: Pool by Borja Fernandez.
Entries and comments feeds.

Follow

Get every new post delivered to your Inbox.