Litt om bloggen
Velkomen til ‘Katolikken.’
Bloggen ‘Katolikken’ vart starta, under eit anna namn (‘Skapkatolikken’) i juni 2005, og har sidan då vore min måte å tenke høgt med bakgrunn i “den trua som ein gong for alle er overgjeven til dei heilage.” Før du les innlegga mine, som er å finna på framsida, vil eg anbefale å lese det eg har skrive om bloggen (og om meg sjølv) her.
Med nemninga ‘katolikk’ meiner eg ikkje ‘romersk-katolsk,’ men ålmenn, den kristne trua som “har blitt trudd av alle, på alle stader og til alle tider,” for å parafrasera Hl. Vincent av Lerin.[1] Men ein må huska på at ‘katolsk’ seier noko meir om trua enn at den er ålmenn. (Vi er ikkje demokratiske). Som Arve Brunvoll seier det:
[‘Katolsk,’] catholicam, catholicus er eit låneord frå gresk, som [i Apostolikum, ein latinsk tekst, mi anm.] er nytta i staden for eit vanleg latinsk ord for «ålmenn» (t.d. universalis), truleg av di catholicus alt hadde teke til å få ei fast tyding; det målbar ikkje berre dette at kyrkja er ålmenn, men òg noko om den trua som kyrkja stod for.[2]
Eller som Roald Flemestad skriv:
Ordet katolsk er avledet av den greske ordsammensetningen katha (i følge) + holos (hel). Begrepet kath-holon betegner da det som overensstemmer med helheten. At ordet tidlig i den kristne språkbruk fikk et særegent betydningsinnhold, viser seg i oversettelsen av trosbekjennelsen fra gresk til latin. For å beskrive kirkens sanne vesen valgte man både i den apostoliske og nikenske trosbekjennelse å beholde katolsk (catholicam) som låneord fra gresk. Det latinske uttrykk alminnelig (universalis) kunne altså ikke sakssvarende gjengi meningen med ordet katolsk. Kirken er ikke alminnelig i betydning alment forekommende blant alle mennesker, men katolsk fordi hun til alle tider og steder er forpliktet til å forkynne det samme evangelium.[3]
Eg er oppvaksen i ein kristen heim, i eit kryssingspunkt mellom kyrkja (Dnl) og bedehuset. Eg kan kanskje seie at eg er i eit punkt mellom Alexander Schmemann, Hans Nielsen Hauge, Thomas Aquinas og Dag Øivind Østereng. Meir spesifikt vil eg definere meg sjølv som ein evangelisk katolikk og høgkyrkjeleg lutheranar med forkjærleik for ortodoks teologi.
For tida bur eg i Bergen sentrum og studerer kristendom grunnfag ved NLA Høgskolen i Bergen. Eg rekner med å vere der i nokre år til. Eg er framleis medlem av Dnk, og var inntil nyleg involvert i Ungdomsrådet i Bjørgvin bispedøme. Eg går i Mariakirken. (Men vil etter kvart gå i Sandviken kirke.)
Eg ser på meg sjølv som økumenisk. Kristus vil at vi skal vera eitt, kvifor ikkje arbeide for det? Enkelte trur at å vere økumensik er det same som å gå på akkord med sitt eige syn. Men det er berre tull. Eg over middels interessert i film og litteratur, og ein av dei få som studerar hobbyen sin. Eg bloggar også på Tro og fornuft.no.
Andre bloggar, som no hovudsakleg er arkiv, finn du i sida med lenker.
Mitt motto for bloggen kan samanfattast i desse orda frå Pauli hand: “Vi skal vera true mot sanninga i kjærleik og i eitt og alt veksa opp til han som er hovudet, Kristus.” (Ef 4:15) “Så gjer mi glede fullkomen: Ha same sinnelaget og same kjærleiken, og ver eitt i sjel og sinn.” (Fil 2:2)

![]()
Noter:
[1] Sjå her.
[2] Arve Brunvoll, Vedkjenningsskriftene åt Den norske kyrkja. Ny omsetjing med innleiingar og notar. Oslo: Lunde 1979, s. 19
[3] Sjå fotnote 1.

Nye kommentarar