Kort del-liturgisk bibelord

I luthersk liturgikk og sakramental- teologi held ein fram at i feiringa av nattverden, evkjaristien, vert nattverdselementa konsekrert, vigsla, helga, og at Kristus vert reelt nærverande ved denne helginga. Den historiske termen for nattverden, evkjaristien, betyr takkseiing, og eg trur vi kan lese Pauli ord i 1Tim 4,4-5:

For alt det Gud har skapt, er godt, og ikkje noko skal forkastast når det blir motteke med takk, for det blir helga med Guds ord og bøn.

Eg vil lyfta frelseskalken og kalla på Herrens namn

15. sundag etter pinse

Dagens tekstar for Den norske kyrkja er å finna her. Dette året har ein valt ut lektien frå Det gamle testamentet som preiketekst.

Det står skrive i Salmane, Salme 116

12 Kva skal eg gje Herren att for alle hans velgjerningar mot meg? 13 Eg lyfter frelsesstaupet og kallar på Herrens namn. 14 Eg vil halda mine lovnader til Herren for augo på heile hans folk. 15 Det er dyrt i Herrens augo at hans trugne døyr. 16 Å, Herre, eg er din tenar, din tenar og son til di trælkvinne. Du har løyst mine lekkjer.

Slik lyder Herrens ord. Gud vere lova.
Heilage Far, helga oss i sanninga, ditt ord er sanning. Amen.

Den salmen vi tek for oss i dag er del av den salmesamlinga ein song under påskemåltidet. Meir spesifikt er dette, når ein velsigna den fjerde kalken. I påskemåltidet skulle ein velsigna fire beger. Det siste begeret er det begeret Kristus og apostlane drakk av under den fyrste eukaristifeiringa, og som Kristus brukte i innsetjinga av nattverden, eukaristien. Denne kalken skulle komma rett etter de tredje, og hadde utgangspunkt i den. Den tredje kalken, som ein kalla for velsigningskalken, skulle ikkje drikkast opp — i fylgje Jan Rantrud — men den skulle etterfylgjast, og velsignast på nytt. Då vart den til frelseskalken. ”Velsignings-kalken som vi velsignar,” spør Paulus, ”gjev han ikkje del i Kristi blod? Brødet som vi bryt, gjev det ikkje del i Kristi lekam? Fordi det er eitt brød, er vi alle éin lekam. For vi har alle del i det eine brødet.” (1Kor 10,16f)

Men her skal også vi lyfte fram oss sjølve, gje oss sjølve som levande og heilage offer, helga ved Den Heilage Ande.[1] I denne samanhengen kan det vere på sin plass å sjå på kva slags salme denne Salme 116 er. I jødisk og kristen tradisjon vert denne salmen presentert som ein takkesalme; ein toda-salme.[2] Og i ein viktig toda-tekst, Sal 50,14f står det:

Ber ditt takkoffer fram for Gud,
gjev Den Høgste det du har lova!
Kall på meg den dag du er i naud,
så vil eg fria deg ut, og du skal prisa meg.

Toda-offeret var eit offer som ein kunne ofra til Gud dersom Han hadde fria deg ut frå ei stor fare. (Sjå her.) I salmeverset står det at vi skal kalla på Gud når vi er i naud. Då vil han fria oss ut — og vi skal prisa Han, takka Han, påkalla Hans namn. Men denne praksisen døydde ikkje ut med Det gamle testamentet og Den gamle pakta.

I eit jødiske skrift om sabbatar og festdagar står dei ei interessant tekst; i Piska 9,12 — om ofra frå den gamle pakta:

And when ye sacrifice a sacrifice of thanksgiving unto the Lord—you will continue to offer it [even in the time-to-come] when you have all that delights you[3] (Lev. 22:29). R. Phineas, R. Levi, and R. Johanan citing R. Menahem of Gallia said: In the time-to-come all offerings will cease,[4] except the thank offering which will never cease. All prayers will cease, except the prayer of thanksgiving which will never cease. Hence it is written of the time-to-come The voice of joy and the voice of gladness, the voice of the bridegroom and the voice of the bride, the voice of them that say: “Give thanks to the Lord of Hosts, for He is good, for His mercy endureth for ever” (Jer. 33:11): these are prayers of thanksgiving; and of them that bring offerings of thanksgiving into the house of the Lord (ibid.): these are thank offerings. So, too, David said: Thy vows are upon me, O God (Ps. 56:13). He did not go on to say, “I will render a thank offering” but I will render thank offerings unto Thee (ibid.), a statement which intimates that both thanksgiving and thank offering will be rendered [in the time-to-come].[5]

Vi ser her at i den messianske tidsalderen — som eg trur vi er inne i no — vil alle ofra og bønene opphøyra, men takkofferet og takkebønene vil aldri opphøyra. Todaen er ikkje eit offer ein ofrar for å verta frelst, eller for å rettferdiggjera seg sjølv; det er offeret for den som allereie er frelst, den som allereie er fria ut av farene. Den mest direkte linken til dette i NT finn vi i Hebr 13,15: ”Lat oss då ved han alltid bera fram for Gud vår lovprising som offer, det vil seia frukta av lepper som vedkjenner hans namn.” Og i Rom 12,1 skriv Paulus: ”Difor legg eg dykk på hjartet, sysken, ved Guds miskunn, at de må bera fram kroppen dykkar som eit levande og heilagt offer, til glede for Gud. Det skal vera dykkar åndelege gudsteneste.” Og Peter skriv: ”Ver de òg levande steinar. Bli oppbygde til eit åndeleg hus, til eit heilagt presteskap, og ber fram åndelege offer, som Gud tek imot med glede, ved Jesus Kristus… Men de er ei utvald ætt, eit kongeleg presteskap, eit heilagt folk, eit folk som Gud har vunne, så de skal forkynna hans storverk, han som kalla dykk frå mørkret og inn i sitt underfulle lys.” (1Pet 2,5.9)

Toda-offeret skulle ofrast i samband med tempelofra. ”The lamb would be sacrificed in the Temple,” skriv Tim Gray, ”and the bread for the meal would be consecrated the moment the lamb was sacrificed. The bread and meat, along with wine, would constitute the elements of the sacred todah meal, which would be accompanied by prayers and songs of thanksgiving, such as Psalm 116.” Og når vi ofrar våre takkoffer ofrar vi dei saman med Kristi offer, i gudstenesta. Når ein tar del i ein gudsteneste i Den norske kyrkja — eller tilsvarande liturgiske kyrkjer — ser ein at det er ein plass i liturgien som vert kalla for offertoriet; der kyrkjelyden ber fram sitt offer. Der ber vi fram brød og vin til altaret, ofte saman med andre (diakonale) gåver, t.d. pengar. I denne delen representerer desse elementa oss sjølve. ”Tankegangen bak offertoriet,” skriv Terje Tønnessen, ”er at vi bærer førstegrøden av alt det skapte til Herren. … Gavene som bæres fram under offertoriet representerer oss selv. Det er vi som bæres fram, legges på alteret, løftes opp i nådens stråleglans — ved Kristus og med Kristus og i Kristus. Offertoriet er et selvoffer, et offer av, med, for, fra oss selv. Alt som er vårt har vi fått.”[6]

Vi kan illustrere dette ved den offertoriebøna som vert beden i Sandvikskyrkja i Bergen. (Eg har sett den om til nynorsk):

Herre Gud, himmelske Far, Di er jorda og det som fyller henne. Av ditt eige gjev vi deg attende. Velsigna vere du, Herre, all skapnings Gud. Av din rikdom har vi motteke det brødet og den vinen vi ber fram for deg, frukter av jorda og vintreet og av menneska sitt arbeid, som for oss vert livsens brød og frelseskalken. Ta imot oss og gåvene våre for Jesu Kristi skuld. Amen.[7]

Her, i offertoriet, ber vi fram våre offer, oss sjølve, i forventing og håp om at dei skal verta omlaga, transformerte og, i Tønnessen sine ord, lyfta opp i nåden si stråleglans. I offertoriet ber vi fram våre offergåver; oss sjølve. Og der vert vi konsekrerte, lyfta opp med Kristus og vert omskapte til Kristi lekam. Og ut frå gudstenesta går vi med eit oppdrag; å tena Herren med glede. La oss be:

Herre Gud, Himmelske Far, Du som opnar di hand og mettar alt som lever med hugnad, langt meir enn alt det vi bed om eller skjønar, vi bed deg: Tak i nåde imot vår tilbeding, takk og kjærleik. Vi ber fram oss sjølve, vår ånd, sjel og lekam som eit levande og heilag offer. Høyr våre bøner og lat oss bli forma etter biletet av Han, få del i guddomleg natur, og vise lydnad mot det kall du har gjeve oss i tankar, ord og gjerningar. Ved Son din, Jesus Kristus, vår Herre, som med deg og Den Heilage Ande lever og råder, éin sann Gud, frå æve og til æve! Amen.[8]

Noter:

[1] tekst; 1Pet 2,5 og Rom 15,16.

[2] På hebraisk er ‘takk’ toda; תדה. (Elle ‏תוֹדַה med vokalteikn.)

[3] I ei fotnote (nr. 57) til dette står det:

JV: Ye shall sacrifice it that ye may be accepted. But liresonkem, “that ye may be accepted,” may also be rendered “when you have all that delights you.” Inasmuch as the sacrifice of thanksgiving had already been ordained in Lev. 7:12, the commentator contrues its repetition in Lev. 22:29 as intimating that the sacrifice of thanksgiving will continue in the time-to-com. See also Yefeh to’ar on Lev. Rabbah 9:7.

[4] I ei fotnote (nr. 59) til dette står det:

Offerings to atone for sins, which in time-to-come will not be commited.

[5] Pesikta De-Rab Kahana. R. Kahana’s Compilation of Discourses for Sabbaths and Festal Days. Translated from Hebrew and Arameic by William G. Braude and Israel J. Kapstein. London: Routledge & Kegan Paul 1975, s. 183-184. (ISBN: 0710082215)

[6] Terje Tønnessen, Kristus blant dere — Håpet om herligheten. Eukaristisk spiritualitet i en såret og splittet verden. Saeculum 2004, s. ??

[7] Takk til Svenn Martinsen som indirekte har hjelpt meg ved sin nynorskliturgi; ”Den store lovsongen.”

[8] Forma etter ein gammal offertorieliturgi. Sjå lenka i førre fotnote.

Ta del i fellesskapet

I går kom vi til den 20. sundagen i det alminnelege kyrkjeåret i fylgje Den katolske kyrkja, men eg fekk ikkje tid til å poste dette. Difor vil eg gjere det no, med bakgrunn i Den katolske kyrkja si tekstrekke. Eg byrjar med å sitere GT-teksten. (Eg siterer ikkje evangelieteksten i dag.)

Det står skrive i Salomos ordtøke i det 9. kapitlet:

Visdomsmøya har bygt seg hus og hogge til sine sju søyler. Ho har slakta fe, blanda vin og duka bordet. Ho har sendt ut sine jenter og ropar oppe frå byens høgder: “Hit kan den urøynde venda seg.” Og til den tankelause seier ho: “Kom og et av min mat og drikk av den vin eg har blanda. Lat tankeløysa fara, så skal de leva, gå fram på den vegen vitet viser!”

Slik lyder Herrens ord. Gud vere lova.
Heilage Far, helga oss i sanninga, ditt ord er sanning. Amen.

Gårsdagens evangelietekst var Joh 6,51-58. Det er kanskje ein av dei sterkaste nattverdstekstane vi har i Bibelen, som ikkje direkte viser til nattverdskulten eller nattverdsliturgien, slik vi ser i Matteus, Markus, Lukas og hjå Paulus i 1. Korintarbrev. Nei, teksten i Johannes tek for seg røyndomen som ligg bak; at vi får del i Kristus sjølv. Men kva kan vi få der? Vel, i fylgje Matteus vert syndene våre tilgjevne fordi vi tek del i Herrens blod, ”paktblodet, som vert utrent for mange til forlating for syndene.” (Matt 26,28) Men vi får også del i noko anna; innsikt og visdom. ”Kom og et av min mat og drikk av den vin eg har blanda,” seier visdomsmøya til den tankelause. ”Lat tankeløysa fara, så skal de leva, gå fram på den vegen vitet viser!” (Ord 9,6) Visdomen ber oss å eta han sjølv, eta frukta av greinene. Kristus sjølv kallar seg vintreet, og i nattverden drikk vi av vintreets frukt; av Kristus sjølv. For å forstå betre, trur eg vi må sjå på skapingssoga og syndefallet.

Når mennesket åt av frukta av treet som gjev kunnskap om godt og vondt, så fekk det nettopp kunnskap om godt og vondt, men ikkje visdomen til å skilja mellom dei. Til dette treng ein visdom, og det får vi i Kristus, visdomen. Visdomen, skriv Salomo, ”er eit livsens tre for alle som grip han, sæle er dei som held fast på han.” (Ord 3,18) Kristus er visdomen, og dersom vi held fast på han vil vi ”gå fram på den vegen vitet viser.” Og når vi tek del i nattverden, eukaristien, vil vi — heilt konkret — få del i Visdomen, i Kristus. Der får vi kommunion, koinonia, samfunn med Gud. ” Ja, alt vi treng for å leva i gudsfrykt,” skriv Hl. Peter, ”har hans guddomlege makt gjeve oss i gåve ved at vi kjenner han som kalla oss ved sin eigen herlegdom og styrke. Dermed har han gjeve oss dei største og mest dyrebare lovnader. Ved dei skulle de få del i guddomleg natur.” (2Pet 1,3-4a) La oss be ei bøn mellom anna forma etter St. Ursula-liturgien:

Herre Gud, Himmelske Far, Du som opnar di hand og mettar alt som lever med hugnad, langt meir enn alt det vi bed om eller skjønar, vi bed deg: Tak i nåde imot vår tilbeding, takk og kjærleik. Vi ber fram oss sjølve, vår ånd, sjel og lekam som eit levande og heilag offer. Audmjukt ber vi deg: Sjå ikkje på vår synd og skuld, men sjå på det reine og lytelause offeret din kjære Son har brakt, og tak imot oss i nåde. Høyr våre bøner og lat oss bli forma etter biletet av Han, få del i guddomleg natur, og vise lydnad mot det kall du har gjeve oss i tankar, ord og gjerningar. Ved Son din, Jesus Kristus, vår Herre, som med deg og Den Heilage Ande lever og råder, éin sann Gud, frå æve og til æve! Amen.

Kvifor vi enno ikkje kan dele eukaristien

Frå 23. (eig. 24.) juni – 24. juli i år var eg i Israel i høve eit sommarsemester ved NLA Høgskulen i Bergen. (Eg studerte kristologi (læra om Kristus), jødedom og religion med islam som valemne.) Medan vi var i Nasaret, og besøkte kyrkja der Maria skal ha fått beskjeden frå Gabriel, fekk eg spørsmål frå ein medstudent om kvifor vi ikkje (lovleg) kunne ta imot nattverd, eukaristi, i ei katolsk kyrkje. Eg svara at eukaristien er teiknet på einskap, og ikkje berre eit middel. Og vi ska ikkje ‘leike at vi er eitt,’ ved å ta del i same eukaristi når vi faktisk ikkje er eitt.

Enkelte svara at vi trur på same Jesus, men det gjorde jo også mange kjettarar oppetter historia. I denne posten skal eg prøve å skrive litt meir om kvifor ein ikkje kan dele same eukaristi. (Eg vil seie at det er synd at det er ein splitt, men det er eit anna spørsmål.)

Dag Øyvind Østereng, ein av prestane som står bak Carissimi-oppropet, seier det slik i eit foredrag om kyrkjeleg fellesskap:

Enhver som studerer Det nye testamente sitt vitnesbyrd om denne saken [at kristne er forpliktet på den kristne forsamling, Hebr 10,25], vil fort finne det samme mønsteret, den samme forpliktelsen, de sterke bånd som knytter fellesskapet av døpte sammen til ett legeme, og gjennom eukaristien synliggjør og manifesterer Kirkens koinonia, kirkens fellesskap, den kirkelige kommunion. [jfr. Apg. 2,42; 1 Kor.1,16; 2 Kor. 13,13; Gal. 2,9; 1 Joh.1,3 og 7]. (…) [Bibelen], apostlene og deres etterfølgere gir oss ikke noe valg — vi er forpliktet på fellesskapet med alle de døpte, og til å møte fram ved Kirkens gudstjenester og dele den samme eukaristi. Vi er kalt til å dele kommunion med hverandre. Det er kirkens orden, og den apostoliske ordre til oss. Ja, det er Jesu bud![1]

Dette er sterke ord, og det kan sjå ut som at mitt argument dett saman. Men eukaristien må, og kan aldri, skiljast frå den kyrkjelege konteksten den står i. (Og det argumenterer også Østereng for både før og seinare i foredraget.) Når vi les Apostelgjerningane, ser vi at det i den tidlege Kyrkja fanst fire ‘grunnpilar.’ Vi les at dei fyrste kristne “heldt seg trufast til læra frå apostlane, til fellesskapet, brødsbrytinga og bønene.” (Apg 2,42) Altså, må ein vere sameina i lære, møte opp i og ta del i fellesskapet, dela den same eukaristien og be saman.[2] Spørsmålet er: har protestantar den same læra som Den katolske kyrkja? Dersom svaret er nei — og det er det! — så burde det vore eit godt nok svar. Det er synd, men slik er situasjonen.

Dersom folk seier at dei trur på treeininga, inkarnasjonen, krossofferet, etc., så ville eg sagt at Bibelen fortel at vi må halda fast på “den trua som ein gong for alle er overgjeven til dei heilage.” (Judas 3) Det betyr: heile trua, ikkje dei delane ein vel å tru på. At folk trur at katolske og ortodokse har lagt til nye ting er ei anna sak. For det er viktig å sjå på kva sjølvforståing dei kyrkjene har, og respektere det. (Når du besøker ein ven, så held du deg til dei reglane som gjeld i hans hus.)

Det er i eukaristien — i samband med læra — vi samlast. Og eg håpar at det ein gong er slik at vi alle kan dele den same eukaristi. Men det skjer ikkje ved at vi ‘ranar den til oss’ ved å gå i katolske kyrkjer.

Noter:

[1] Dag Øivind Østereng, “Kirkelig fellesskap — med hvem — om hva?” Foredrag på seminar om Morgendagens kirke — visjon og veivalg, Fjellhaug 14.02.07, s. 2-3. http://bit.ly/paz8t [Henta: 30.07.2009]

[2] Då Apostelgjerningane vart skrive, så tydde truleg ‘bønene’ ikkje den private bøna i lønkammeret, men dei jødiske bønene i templet, som vi veit at apostlane bad, jf. Apg 3,1. Desse — inkl. bøner frå NT — kallar vi ‘tidebøner.’ (Dette står sjølvsagt ikkje i motsetnad til fri bøn. Det er både/og, ikkje anten/eller. Men den frie bøna har sin naturleg plass i lønkammeret.)

Å gje tilbake det vi har motteke

Tidlegare lagt ut på ein annan blogg. No lettare redigert.

I eukaristiliturgien i Den katolske kyrkja (og også i nokre lutherske kyrkjer) seier presten fram to velsigningar; over brødet og vinen. Desse lyder slik:

Prest: Velsigna vere du, all skapnings Gud. Av din rikdom har vi motteke det brødet vi ber fram for deg, ei frukt av jorda og av menneska sitt arbeid, som for oss vert livsens brød.
Kyrkjelyd: Velsigna vere Gud i all æve.
Prest: Velsigna vere du, all skapnings Gud. Av din rikdom har vi motteke den vinen vi ber fram for deg, ei frukt av vintreet og av menneska sitt arbeid, som for oss vert frelseskalken.
Kyrkjelyd: Velsigna vere Gud i all æve.
I denne delen av eukaristiliturgien — offertoriet — ser vi “vårt bidrag.” Der ber vi fram offergåvene våre — brød og vin (og vatn) — som er “ei frukt av jorda/vintreet og av menneska sitt arbeid.” Vi ber altså fram grøda frå marka, det vi — ved Andens hjelp[1] — har dyrka fram. I offertoriet ber vi fram takkebøna, eukaristien vår, slik salmisten seier det: “Ber ditt takkoffer fram for Gud, gjev Den Høgste det du har lova! Kall på meg den dag du er i naud, så vil eg fria deg ut, og du skal prisa meg.” (Sal 50,14f) Vi takkar Gud nettopp fordi Han løyser oss ut. Og det kan vu gjera ved å bera fram oss sjølve, slik Paulus formanar oss i Rom 12,1f: “Difor legg eg dykk på hjartet, sysken, ved Guds miskunn, at de må bera fram kroppen dykkar som eit levande og heilagt offer, til glede for Gud. Det skal vera dykkar åndelege gudsteneste. Og innrett dykk ikkje etter denne verda, men lat dykk omskapa ved at de får eit nytt sinn og kan dømma om kva som er Guds vilje: det gode, det som er til glede for Gud, det fullkomne.”

“Tankegangen bak offertoriet,” skriv Terje Tønnessen, “er at vi bærer førstegrøden av alt det skapte til Herren. (…) Gavene som bæres fram under offertoriet representerer oss selv. Det er vi som bæres fram, legges på alteret, løftes opp i nådens stråleglans — ved Kristus og med Kristus og i Kristus. Offertoriet er et selvoffer, et offer av, med, for, fra oss selv. Alt som er vårt har vi fått.”[2]

Som vi seier det i ein kjent song: “Alt for Jesu fot jeg legger, alt hva jeg her kaller mitt.” Den katolske presten og forfattaren Per Bjørn Halvorsen skriv — med utgangspunkt i Rom 12,1 — at offergåvene våre til Gud ikkje er “å forstå som et «annet» offer enn Kristi offer: det er i forening med Kristus, som lemmer på hans legeme, at også våre legemer kan være et offer til Guds behag.”[3] Vi gjev oss sjølve til Gud Fader, lik Kristus, i Anden. Peter seier det slik: “Ver de òg levande steinar. Bli oppbygde til eit åndeleg hus, til eit heilagt presteskap, og ber fram åndelege offer, som Gud tek imot med glede, ved Jesus Kristus.” (1Pet 2,5) Amen!

Noter:

[1] Anden er den som gjev liv (Nikenum), og Han er den som sveiv over vatnet, dvs. over skaparverket. I Sal 104,30 les vi ei bøn til Gud: “Du sender din Ande, og liv vert skapt, heile jordflata nyar du opp att.”

[2] Terje Tønnessen, Kristus blant dere — Håpet om herligheten. Eukaristisk spiritualitet i en såret og splittet verden. Saeculum 2004, s. 59

[3] Per Bjørn Halvorsen, Jesu nattverd. Messen gjenom 2000 år. Oslo: St. Olav 1989, s. 174.175

Medliturg?

I forslaget til ny gudsteneste for Den norske kyrkja (Dnk) finn vi nemninga ‘medliturg.’ Kva dette betyr er det ikkje enkelt å finna ut, då ingen teologiske avgrensingar er gjort i forkant av reforma og ingen føringar er gjeve. Den einaste forklaringa som er gjeve av nemninga er at den er “brukt om dei som har andre liturgiske oppgåver enn gudstenesteleiaren/presten.”[1] Men kva er ein liturg? Ser vi i dagens ordning, kan vi lesa at med nemninga ‘liturg’ er “det i alle ordningane tale om prest eller annan person som har fullmakt frå kyrkja til å forretta altartenesta.”[2] Ergo er det snakk om kven som kan forretta nattverd. Kva vil ein ‘medliturg’ vera i denne samanhengen? Er det ein som er ‘medforretar’ av nattverden?

Denne nemninga er som skapt for å, på den eine sida, undergrave kyrkjelydens/lekfolkets eigenverdi som lekfolk og, på den andre sida, undergrave det prestelege embete, dvs. “å læra evangeliet og gje sakramenta.” (Confessio Augustana (CA) 5)[3] Det vert, som eg også skriv om ein annan stad, som å kalla ein sjukepleiar for ‘medkirurg.’

Noter:

[1] Liturgi — Nynorsk. Framlegg til Ny ordning for hovedgudsteneste i Den norske kyrkja. Bergen: Eide 2008, s. 74

[2] Gudstenestebok for den norske kyrkja (del 1). Oslo: Verbum 1992, s. 11

[3] Jmf. CA 7,8, samt. Apologien til CA, art. 7/8:47-48.