I dag kom eg over ein diskusjon om eukaristien (nattverden) på verdidebatt. Eg skal ikkje ta for meg heile debatten, berre ein kort kommentar frå Ruben Solvang. Han byrjar innlegget sitt slik:
Jeg kan ikke finne noen bibelske argument for at nattverden / kjærlighetsmåltidet er et rituale (sakrament) som forutsetter kirkebygg og formidling ved en prest” skriv Solvang, før han kjem med ein feilaktig påstand: “Dette ble ikke noen praksis før 150 år etter Jesu’ død, over fire generasjoner senere.
Eg er usikker på kva Solvang meiner med ein generasjon (ein generasjon no er vel ca. 25 år. På Kristi tid var den nok nærare 20). Men tilbake til påstanden hans. Dersom Kristus døydde ca. år 30 vil Solvang då seie at forrettinga av eukaristien ikkje var ei presteleg/episkopal oppgåve før år 180? For det fyrste; kvar har han det årstalet frå? For det andre, kva med denne utsegna frå biskop Ignatius av Antiokia, skrive ein stad mellom 107-110?
Ingen må utan samtykket åt biskopen ta seg noko føre i dei tinga som vedkjem kyrkjelyden. Den nattverd som vert leia av biskopen eller av den han sjølv har gjeve fullmakt, skal ein halda for gyldig. Der kor biskopen viser seg, må kyrkjelyden vera, liksom den katolske kyrkja er der kor Kristus Jesus er. Det er ikkje tillate verken å døypa eller å ha kjærleiksmåltid utan biskopen.[1]
Her ser vi, lenge før år 180, at eukaristien skal forrettast av biskopen eller ein med fullmakt frå han; ein han har ordinert/sett inn i den tenesta.
La oss sjå på ein vidare påstand frå Solvang:
Brødet og vinen var en naturlig del av måltidene de hadde når Jesu etterfølgere samlet seg i hjemmene. Det var ingen prest, det var ingen ritualer.
Dette er ei lang rekke påstandar som heng i lause lufta. Ingenting i Skrifta seier klart fram at nattverden berre var eit vanleg måltid, dette er noko ein les inn i teksten. Dette kallar vi eisegese, og det er — som ordet tyder på — dårleg eksegese. Vi kan ikkje lese ut frå NT at det ikkje var prest eller rituale. Det siste — rituala — er faktisk heilt motsett av det Skrifta fortel oss. Paulus legg ut om nattverdsritualet i 1Kor 11,23ff. Dette er kanskje ikkje heile ritualet. Men poenget mitt er at ein ikkje kan lese det eine eller andre ut av Bibelen. Men kva så?
Kven har sagt at alt må stå i Bibelen? Dette er eit premiss som berre vert lagt fram som eit gitt utgangspunkt, utan argument. Det er eit aksiom. Men dette aksiomet er galt. For det fyrste; kyrkja var til før Skrifta. Skrifta er laga av kyrkja, i kyrkja og for kyrkja. For det andre seier jo Paulus sjølv — i Skrifta, i 1Tim 3,15 — at Kyrkja er “søyle og grunnvoll for sanninga.” Vi kan kanskje samanlikne forholdet mellom Bibelen og kyrkja som forholdet mellom grunnlov og stat. Den fyrstnemnde er autoritativ norm; sistnemnde har autoritet til å handheva og tolka fyrstnemnde.
Og ser vi på kyrkjehistoria ser vi jo at de fyrste påstanden om at ein ikkje hadde prestar — som vi (kanskje) ikkje kan finna direkte i Skrifta — er direkte feilaktig. Vi ser det mellom anna hjå biskop Ignatius.
Solvang spør (retorisk) vidare:
Hvorfor har vi så mange upersonlige og felleskapsfientlige ritualer i dagens kirker og menigheter? Hvorfor har vi beveget oss milevis unna de verdiene vi finner i NT, som krystallklart definerer at ingen står over andre, hverken i posisjon eller tittel.
Til det vel eg å spørje; kvifor skal vi anta at Solvang har rett i dette? Eg ha gått i ei rekkje ‘ritualistiske’ kyrkjer i Dnk og andre lutherske kyrkjesamfunn. Og eg slit med å kjenne igjen desse ‘upersonlige’ og ‘felleskapsfientlege’ rituala. Og ut frå kyrkjehistoria ser eg at desse ikkje er milevis frå urkyrkja; dei er særs nære. Og den siste kommentaren hans er berre ein raud sild innkapsla i hersketeknikkar. For det fyrste; kvar og på kva måte definerer NT at “ingen står over andre, hverken i posisjon eller tittel”? Kva meiner Solvang med ‘posisjon’ og ‘tittel.’ Vi kan gripe tilbake til analogien mellom Skrifta/kyrkja og grunnlov/stat. I denne samanhengen vert prestane og biskopane utøvande makt, lekfolket vert folket. Alle desse står likt for lova; for Skrifta — og for Han som grunnla Skrifta; Gud. Men det betyr ikkje at det ikkje er rangordningar. I alle samfunn finst det folk av forskjellig posisjonar og titlar. Det betyr ikkje at dei er betre enn andre eller meir verd enn andre, eller at dei kan gjere det dei vil. Det betyr rett og slett at dei har andre oppgåver enn andre.
Opposisjonen til dette argumentet er gjennomsyra av maktretorikk. Og det må vi slutte med. Presteembetet handlar ikkje om å få makt eller at ein får ‘eksklusive rettar.’ Prestetenesta handlar ikkje om rettar og om makt, men om plikt og teneste. Maktretorikken, som gjennomsyrer store delar av debatten rundt prestedømet, misforstår heile poenget med kva det spesielle prestedømet er for noko. Det er ikkje innført for at presten skal utøve si makt overfor kyrkjelyden — sjølv om det sikkert er nok av prestar som har misbrukt embetet sitt på ein slik måte — men at presten, ved sitt kall og sin ordinasjon, er sett til å gjeta sauene og verne om Guds folk — i Kristi stad.[2] Presten er ikkje der for å styre, men for å tene. Slik Kristus sa det i Mark 10:42-44:
De veit at dei som blir rekna for å vera fyrstar over folka, undertrykkjer dei, og stormennene deira styrer med hard hand. Men slik er det ikkje blant dykk. Den som vil bli stor blant dykk, skal vera tenaren dykkar. Og den som vil vera først blant dykk, skal vera slave for alle.
Det viktige i så måte, er at sidan dette handlar om teneste, så må ein sjå til den som kallar tenestefolka ut. Dette er Gud. Og den kristne tradisjonen tilseier at einskilde er kalla til dette embetet, medan andre er kalla til andre tenester. Gud kallar også til å vera lærar, politi, student, lækjar, barnehageassistent, etc. Dette handlar ikkje om makt.
Solvang heldt fram:
Et hjertens sukk fra meg, dette her. Jesu Kropp på jorden idag er delt og upersonlig – hva kan vi gjøre med det?Mennesker forblir små (åndelige) barn, der de sitter i benkeradene og blir servert prekener, nattverd og innimellom en velment pekefinger. Klart det finnes unntak, men de gjør en god jobb med å bekrefte regelen.
Og Solvang gjer ein god jobb med å bekrefta regelen at lågkyrkjelege folk ikkje veit kva som skjer i høgkyrkjelege samanhengar sjølv om dei likar å ha mange meiningar om det som skjer der. Eg klarar ikkje å sjå på dette som meir enn eit einaste stort stråmannsargument. Eg tvilar no på at Solvang nokon gong har vore i ei ‘ritualistisk kyrkje.’ Han kan godt komma på besøk i Sandvikskyrkja i Bergen.
Noter:[1] 1. Ernst Baasland & Reidar Hvalvik (red.), De apostoliske fedre. I norsk oversettelse med innledninger og noter. Oslo: Luther 1984; 1997, s. 67. Omsett til nynorsk.
[2] Sjå m.a. Matt 16:18-19, 18:18, Joh 20:15-19, Rom 15:16, Fil 2:17, 2Kor 5:20.
