Rom 15:16 og dåpen

For tida held eg på med ein artikkel ut frå masteroppgåva mi. (Trykk her for den.) Eg er såpass heldig at eg, på grunn av ‘studiepoengsoverskot,’ har ferie allereie. ;) I den artikkelen arbeider eg kort med Rom 15:16 der Paulus skriv til kyrkjelyden i Rom om den nåden han har fått frå Gud “til å vere Kristi Jesus tenar for folkeslaga. Eg opererer som ein prest med Guds evangelium, slik at ofringa åt folkeslaga kan verta hugnadleg, helga i Den Heliage Ande.” (Omsetjing og utheving av underteikna) Eg skal ikkje gå djupt inn på denne no, dels i fare for å skrive for mykje ut frå artikkelen min. Men nokre poeng er sentrale.

På bloggen til Harald Hauge var det for ei til tilbake ein interessant dåpsdiskusjon. Der hevda Hauge at det er eit problem i dagens nye dåpsordning (Dnk) at dei såkalla ‘medliturgane’ er prioritert som lesarar av Ordet om dåpen og trua (Matt 28:18-20), før sjølve dåpshandlinga. Han meinte at dette var uheldig, sidan det kan ha ei embetsteologisk slagside:

I liturgiboka står denne teksten angitt med rubrikken ML/L, noe som betyr at man anbefaler at en annen en presten leser denne teksten. Men i og med at dette er det nærmeste man kommer innstiftelsesord i dåpssammenheng, og i og med at dette er ordene som inneholder det løftesordet som dåpssakramentet retter seg til og som troen skal gripe – “Jeg er med dere alle dager inntil verdens ende.” – kan jeg ikke skjønne annet enn at lesningen av disse ordene er en selvsagt oppgave for hovedliturgen, på samme måte som Verba er det under nattverdliturgien. Derfor insisterer da også jeg på å lese disse ordene selv, og jeg vil oppfordre alle mine prestekolleger til å gjøre det samme. Medliturgs medvirkning – fra dåpsfølget eller andre – sikres godt gjennom alle de andre mulighetene, så som lesningen fra Mark 10, lesningen av takkebønn, tørking av dåpsbarnets hode, tenning av dåpslys og så videre.

Hauge fekk litt ‘pes’ for dette i diskusjonen, der det vart påpeikt at det næraste vi kjem nattverdens innsetjingsorda i dåpen ikkje er Ordet om dåpen og trua, men sjølve dåpsformularet: “Etter vår herre Jesu Kristi ord og bod døyper eg deg til namnet åt Faderen og Sonen og Den Heilage Ande.” Her er eg samd, men likevel meiner eg at Hauge har eit poeng, som vi kan sjå i høve Rom 15:16. Her ser vi at Paulus framtrer som den prest som, på vegner av kyrkja, ber fram kyrkjelyden som offer, jf. Fil 2:17: “Ja, om så eg sjølv skal ofrast når eg gjer altarteneste og ber dykkar tru fram som offer, er eg likevel glad og gleder meg saman med dykk alle.” (Bibelselskapet 2011, mi utheving) Dette er ofte knytt til nattverden, men den bør også knyttast til dåpen. I dåpen vert ein borne fram som offer; ein blir gjeve over til Gud, og kan så gje seg opp att og opp att (jf. Rom 12:1; 1Pet 2:5). Men sjølv om ein kan gje seg til Gud, i bøn, i lovsong, etc. utan ein ordinert prest, er det nettopp presten som er den som er sett inn som Kristus- og kyrkjelydsrepresentant.

Offerprestar i den nye pakta?

I Rom 15:16 skriv Paulus om den nåde han har fått (v.15) «til å vere Jesu Kristi tenar for folkeslaga, medan eg gjer presteteneste med Guds evangelium, slik at offeret av folkeslaga kan verte hugnadleg, helga i Den Heilage Ande.»[1] I ein kommentar til dette skriv den reformerte nytestamentlaren Douglas J. Moo at «[t]he priestly allusions in this verse are striking,» men held fram med påstanden at «Paul of course, is not claiming to be a priest. He is simply using the language of the priesthood to make his point. He portrays himself as the one offering up the Gentiles as a sacrifice to God, and he suggests that he is fulfilling scriptural prophecies in his ministry.»[2] Men spørsmålet vert då: Korleis veit Moo at Paulus ikkje hevdar å vere prest, at han «is simply using the language of the priesthood to make his point»? Moo hevdar at Paulus ikkje meiner han sjølv er ein (offer-)prest, men at han berre bruker dette for å statuere eit poeng, og at han ved dette «suggests that he is fulfilling scriptural prophecies in his ministry.» Dei profetiane han oppfyller, eller som Gud oppfyller gjennom Paulus er, ifylgje Moo, å finne mellom anna i Esek 36:22-28 og Jes 66:20-21. I sistnemnde les vi (etter bibelselskapets omsetjing frå 2011):

Og dei skal koma med alle brørne dykkar frå alle folkeslag som ei offergåve til Herren, til hest, i vogner og berestolar, på muldyr og kamelar, til mitt heilage fjell i Jerusalem, seier Herren, slik israelittane kjem med offergåver i reine skåler til Herrens hus. Og av dei tek eg nokre til prestar og levittar, seier Herren.

Men det vi må spørje oss når vi les denne teksten, er dette: Korleis ville dette vorte lest i sin opphavlege kontekst? I den hebraiske teksten er det brukt omgrepet kohen, ‘offerprest,’ og i Septuaginta (utgåva til Rahlfs/Hanhart) finn vi den greske ekvivalenten; ἱερεύς. Ein tekst må lesast ut frå den (historiske, sosiologiske, religiøse) kontekst den er skrive i, ut frå vanlege reglar for gramatikk og syntaks.[3] Det er ingenting i teksten som tyder på at dette skulle lesast på ein annan måte enn at Gud, ein gong i framtida, skulle velje seg ut offerprestar frå andre enn Levi stamme, og frå andre enn det jødiske/hebraiske folk. Og det er ingenting som tyder på at orda ‘levitt’ og ‘prest’ skulle forståast på nokon som helst anna måte i denne teksten enn det gjer elles i Jesaja, og elles i Det gamle (eller nye) testamentet.

Korleis skal vi då forstå denne profetien, og Pauli bruk av preste- og offeromgrepet? Eg meiner det fyrste vi må gjere, er å ignorere Moo sin påstand om at Paulus ikkje ser på seg sjølv som ein offerprest. Dersom ein på førehand bestemmer seg for å utelukke denne tolkinga, ikkje av grunnar basert på kontekst, gramatikk og syntaks, men ut frå teologiske ‘baktankar,’ byrjar ein i feil ende. Eg meiner vi kan ta Paulus heilt seriøst når han bruker preste- og offertermar om si teneste, og at dette er noko som går att i Det nye testamentet. For å forstå dette verset meiner eg det er viktig å sjå på samanhengen mellom Kristi oppdrag og aposteloppdraget, og mellom Kristi offer og kyrkja sine åndelege offer (jf. Rom 12:1; 1Pet 2:2-5). Eg har jobba med dette i masteravhandlinga mi,[4] og dette er nokre tankar dels basert på den. Eg kan ikkje gå inn på all argumentasjonen min her, den kan ein finne i oppgåva mi. Dette er meir ein presentasjon av det eg kom fram til i oppgåva, med nokre vidare tankar.

I Joh 20:21-23 les vi om eit møte mellom Kristus og læresveinane på kvelden påskedag, etter oppstoda:

21 Igjen sa [Jesus] til dei: Fred vere med dykk! Slik som Faderen har sendt meg, sender eg også dykk. 22 Og då han hadde sagt dette anda han på dei og sa: «Ta imot Den Heilage Ande. 23 Dersom de forlét nokon, er syndene deira forletne, dersom de held nokon fast, er dei atthaldne.»

Før vi går vidare vil eg seie at eg meiner den nye omsetjinga frå 2011 har eit lite problem, og det er at det greske ordet ἀφίημι vert omsett med ‘tilgjeve.’ Problemet med det er at ordet ‘tilgjeve’ er noko ein bruker når ein har forbrote seg mot ein annan, og det er berre den som kan tilgjeva skuld. Å ‘forlate,’ derimot, er eit juridisk omgrep. Ein dommar i ei rettsak kan forlate ein tiltalt, frikjenne han, men han kan ikkje tilgjeva han. Dette går sjølvsagt litt inn i kvarandre i Guds tilfelle, sidan han både er dommar og den vi har synda mot. Men det er likevel viktig å halde fast på det juridiske aspektet i dette tilfellet.

Det vi ser her, er at Kristus sendte apostlane «[s]lik som Faderen har sendt [Kristus].» Uttrykket ‘slik som’ (gr. καθώς) meiner eg skal forståast i tydinga at Kristus sender apostlane ut, slik Faderen sendet han ut, og med same oppdrag. Kristi oppdrag var å komma til jord for å frelse menneska, for å ta dei med tilbake til Gud. Kristus er både prest og offer. Offeret hans er fullkome. Han gav seg sjølv på krossen «ein gong for alle» (Hebr 7:27), men dette betyr ikkje nødvendigvis at offeret er ‘ferdig.’ Rett etter passasjen om Kristi fullkome offer (Hebr 7:27), les vi, i Hebr 8:1-3:

1 Hovudsaka i det vi talar om, er dette: Vi har slik ein øvsteprest, som sit ved høgre handa åt majestetens kongsstol i himmelen, 2 ein tenar i heilagdomen og det sanna tabernaklet, det som er reist opp av Herren, ikkje av menneske. 3 For kvar øvsteprest er sett inn for å bere fram gåver og offer; difor er det også nødvendig for denne presten [Kristus] å ha noko å bere fram.

Kristus ber altså fram offeret sitt til evig tid (jf. Hebr 7:24-25). Det er fullkome, og han treng ikkje vigsla det på nytt. Men han presenterer dette fullkomne offeret til Gud, for vår skuld. Her er det viktig å påpeike at Kristus er vår representant, ikkje vår ‘erstatning.’[5]

Kristus ofra seg ikkje slik at vi skulle sleppe å ofra oss, men slik at vi, ved Kristus, kan bere oss sjølv fram som eit offer. Den katolske teologen Scott Hahn skriv:

Here’s the good news. Christ became one of us, to offer His humanity as the perfect sacrifice. In the Mass, we join our sacrifice with His, and that union makes our sacrifice perfect.[6]

I nattverdfeiringa, i og ved Kristus, gjev kyrkja seg sjølv til Gud som eit levande, åndeleg offer,[7] og her kan også kyrkja ‘bruke’ Kristi offer overfor Gud. Slik som Guds folk i den gamle pakta tilba, lovpriste, takka og ropte i naud til Gud gjennom dyreoffer «som aldri kan ta bort synder» (Hebr 10:11, jf. v.4), kan vi no tilbe, lovprisa, takka og ropa i naud til Gud gjennom Kristus, vår representant, som gav seg sjølv «éin gong for alle» (Hebr 7:27). Det er kun gjennom Kristus vi kan ofre oss sjølv til Gud (jf. Joh 14:6), og på mange måtar er Kristi offer vårt offer. Kristus gjorde det som vi ikkje klarte; han gav seg sjølv som eit levande offer, i takk og tilbeding, og ved han vert vi borne fram til Gud, slik Ratzinger påpeiker.

Og det er i dette perspektivet vi må forstå Kristi sending av apostlane, og Pauli bruk av preste- og offertermar i Rom 15:16. I nattverdfeiringa opererer presten in persona Christi, i Kristi stad, medan han ber fram nattverdbøna på kyrkja si vegner.[8] Det Paulus gjer, er å gjere det som kun Kristus kan gjere: ved si teneste – som eigentleg er ei deltaking i Kristi teneste, i Kristi sending frå Faderen (jf. Joh 10:36; 20:21-13) – ofrar Paulus folkeslaga, kyrkjelemene, til Gud, i Kristus. Ved denne ofringa av folkeslaga tek Paulus del i Kristi offer, som djupast sett er vårt offer.

Faderen sendte Sonen ut for at han skulle samla saman dei bortkomne sauene, og Sonen gav seg sjølv, i Anden, tilbake til Faderen, og tok dei bortkomne sauene med seg. For å utforske dette, kan vi sjå på nokre poeng frå den benediktinske teologen Cyprian (Cipriano) Vagaggini.[9] Vagaggini poengterer at vi i NT finn at dei guddomlege personane har spesifikke roller. Dette skjemaet, skriv han, «is neither rigid nor absolute, but … is always present whenever sacred salvation history is discussed in its relationship to the divine Persons.»[10] Vagaggini formulerer skjemaet slik:

[Every] good thing comes to us from the Father, through the mediation of Jesus Christ His incarnate Son, by means of the presence in us of the Holy Spirit; and likewise, it is by means of the presence of the Holy Spirit, through the mediation of the incarnate Son, Jesus Christ, that everything returns to the Father.[11]

Kyrkja ofrar bøn og takkseiing til Faderen i Anden, ved Kristus. Vagaggini uttrykker dette på latin: A Patre, per Filium eius, Iesum Christum, in Spiritu Sancto, ad Patrem.[12] Vi har difor fire viktige preposisjonar: a, per, in, ad. Vagaggini poengterer at dette skjemaet finst mange stader i NT,[13] men mitt fokus er på liturgien, og spesifikt på evkjaristien.[14] Vagaggini, som skriv i ein katolsk tradisjon, poengterer at messeofferet «is structured essentially on the Christological-Trinitarian perspective according to the scheme a, per, in, ad, and primarily in the extratrinitarian sense.»[15] Dette, poengterer han, «can be seen from the essential form of its central part, called the anaphora, canon, or Eucharistic prayer.» Her, poengterer han, vert Faderen openberra «as the principium a quo and the terminus ad quem of the Eucharistic action.»[16] Faderen er altså den (det prinsippet) som handlinga går ut frå, og den (det målet) som handlinga tar sikte på. Kristus er «the High Priest through whom we perform the same priestly action» og Anden «appears there as the in quo» (‘i kven’).[17]

Vagaggini sitt poeng er at kyrkja si nattverdfeiring, hennar nattverdbøn, hennar offer, kjem frå Faderen, gjennom Sonen, i Anden, og vert gjeve tilbake til Faderen, gjennom Sonen, i Anden.[18] Den katolske presten og forfattaren Fr. Thomas Kocik viser til Vagaggini sitt arbeid, og skriv: «The Latin theological tradition views the liturgical re-presentation of Christ’s sacrifice (however conceived) as an offering of the whole Christ, Head and members, to the Father through (and with) the Son in the Holy Spirit.»

Det er i dette perspektivet vi må forstå nattverdens offerkarakter, og offerkarakteren til kyrkja sine prestar. Liksom den øvstepresten i den gamle pakta (etter Arons vis) var Israels hovudcelebrant – den som bar fram offer på folket sine vegne, og den som dei andre prestane gjorde si teneste gjennom – er Kristus øvstepresten i den nye pakta (etter Melkisedeks vis, jf. Hebr 7) – den som gav seg sjølv «éin gong for alle» (Hebr 7:27), den som til evig tid ber seg sjølv fram som eit fullkome offer (Hebr 8:1-3), og den som alle andre prestar er deltakarar i gjennom si teneste. Dei er sendt ut av Kristus for å ta del i hans oppdrag, å ofre menneska tilbake til Gud, ikkje fordi han ikkje klarar det sjølv, men truleg fordi han ynskjer å la hans folk få del i hans oppdrag, og del i hans barnekår, del i hans kjærleiksfulle og oppofrande søneforhold til Faderen.

Kjelder:

Hahn, Scott (2003). The Lamb’s Supper. The Mass as Heaven on Earth. Darton, Longman and Todd (paperback)

Kringlebotten, Kjetil (2013). «Do this in remembrance of me…» The sacrificial aspect of the Eucharist in the systematic theology of Wolfhart Pannenberg and Joseph Ratzinger. Masteravhandling i kristendomskunnskap med spesialisering i teologiske emner (40 studiepoeng, levert hausten 2012). Bergen: NLA Høgskulen

Moo, Douglas J. (2002). Encountering the Book of Romans: A Theological Survey. Baker Academic

Pannenberg, Wolfhart (1998). Systematic Theology, vol. 3. Edinburgh: T&T Clark

Ratzinger, Joseph (2000). The Spirit of the Liturgy. San Francisco, CA: Ignatius Press

Ratzinger, Joseph (1986). The Feast Of Faith: Approaches to a Theology of the Liturgy. San Francisco, CA: Ignatius Press

Noter:

[1] Mi omsetjing etter NA27. Dersom anna ikkje vert nemnt, er bibelpassasjane omsett av underteikna.

[2] Moo 2002:206

[3] For nokre tankar omkring teksttolking, les dette innlegget.

[4] Kringlebotten 2013

[5] Jf. Ratzinger 2000:35-38.47-48.57-61, jf. 36, n.1.

[6] Hahn 2003:150

[7] Rom. 12:1; 1Pet 2:5, jf. Pannenberg 1998:316-317; Ratzinger 2000:38; Ratzinger 1986:51-60.

[8] Jf. Pannenberg 1998:106.388-389; Ratzinger 2000:171–177

[9] Vagaggini 1976:191-246, kap. 7: ‘From the Father, through Christ, in the Holy Spirit, to the Father: The Liturgy and the Christological-Trinitarian Activity in the Divine Plan.’

[10] Vagaggini 1976:198

[11] Vagaggini 1976:198

[12] Vagaggini 1976:198

[13] Vagaggini 1976:198-206

[14] Vagaggini 1976:223-230 (207-246)

[15] Vagaggini 1976:223

[16] Vagaggini 1976:223

[17] Vagaggini 1976:223-224, jf. Hebr 9:13-14

[18] Vagaggini 1976:224-226

Å elske med heile seg

19. sundag etter pinse

I dagen evangelietekst lærer vi kor viktig det er å elska fullkomme; å elske med heile seg. La oss difor no lese denne.

Dette heilage evangeliet står skrive hjå evangelisten Markus i det tolvte kapitlet. Ære vere deg, Herre.

28 Ein av dei skriftlærde som hadde høyrt på dette ordskiftet, skjøna at Jesus hadde svara dei godt. No kom han bort til han og spurde: ”Kva for eit bod er det første av alle?” 29 Jesus svara: ”Dette er det første bodet: ‘Høyr, Israel! Herren vår Gud, Herren er éin. 30 Du skal elska Herren din Gud av heile ditt hjarte og av heile di sjel og av alt ditt vit og av all di makt.’ 31 Det andre er dette: ‘Du skal elska nesten din som deg sjølv.’ Noko større bod enn desse finst ikkje.” 32 Den skriftlærde sa til han: ”Du svarar godt, meister! Det er sant som du seier: Herren er éin, og det finst ingen annan enn han. 33 Å elska han av heile sitt hjarte og av alt sitt vit og av all si makt og å elska nesten sin som seg sjølv, det er meir verdt enn alle brennoffer og slaktoffer.” 34 Då Jesus høyrde kor klokt han svara, sa han til den skriftlærde: ”Du er ikkje langt borte frå Guds rike.” Og ingen våga å spørja han meir.

Slik lyder Herrens ord. Lova vere du, Kristus.
Heilage Far, helga oss i sanning, ditt ord er sanning. Amen.

Å elska Gud heilhjarta — med heile seg — og å elska nesten, medmenneska, som deg sjølv. Det er det vi er kalla til. Det er større og meir verdt enn alle brennoffer og slaktoffer. Men kva er det å elska? I Brørne Karamasov skriv den russiske forfattaren Dostojevskij om eit møte med ei skeptisk kvinne og presten Fr. Zossima. Ho mista trua si gjennom studiene, og ber om hjelp for å få den tilbake. Fr. Zossima kjem ikkje med bevis, men ber ho om å praktisere trua:

[You can be convinced of the faith by] the experience of active love. Strive to love your neighbour actively and indefatigably. In as far as you advance in love you will grow surer of the reality of God and of the immortality of your soul. If you attain to perfect self-forgetfulness in the love of your neighbour, then you will believe without doubt, and no doubt can possibly enter your soul. This has been tried. This is certain.[1]

Men dette kan ikkje vere abstrakt og konturlaust. ”Du skal elska Herren din Gud.” ”Du skal elska nesten din som deg sjølv.” Å elska er, for å høyrast litt teknisk ut, eit verb. Det fortel oss at å elska ikkje er ein fjern abstraksjon; det er ein konkret viljeshandling. Det er noko vi gjer. ”Mennnesket er eit erotisk vesen, eit lengtande vesen,” skriv Fr. Arnfinn Haram. ”Det vi lengtar etter, er ikkje abstraksjonar. Kroppen lar oss ta i mot alt som er godt som noko verkeleg. Mennesket er kropp og må elske kroppsleg.” Å elska er ikkje å tenke fina tankar. Å elska er å handla!

Dersom kjærleiken vår berre vert ein indre abstraksjon; ein intellektuell øving i korrekt tru, så vil vi dø innvendig. For denne type tru er det ein på engelsk kallar for ‘lip service’ — at ein snakkar Gud etter munnen utan å meine det; altså eit slags åndeleg hykleri. Og, som Jakob påpeiker, så er dette åndeleg død. Han skriv:

Set at ein bror eller ei syster ikkje har klede og manglar mat for dagen, kva hjelper det då om ein av dykk seier til dei: ”Gå med fred, varm dykk og et dykk mette!” utan å gje dei det kroppen treng? På same måten er det med trua: Har ho ikkje gjerningar, er ho beintfram død. (Jak 2,15-17. Les v. 14-26)

Paulus seier det meir kort og konsist: ”For i Kristus Jesus gjeld det verken å vera omskoren eller å vera uomskoren; her gjeld berre tru, verksam i kjærleik.” Dersom trua skal vera verksam i kjærleik må ho vere konkret, handfast — aktiv! Om du berre hugsar ein ting frå det eg har lagt fram her, la det vere dette: utan den konkrete, verksame kjærleiken er vi åndeleg sett døde. La oss be:

Eg takkar deg alltid, min Gud for den nåde som du har gjeve oss i Kristus Jesus. I Han har vi vorte rike på alt, på all lære og all kunnskap. Grunnfest vitnemålet om Kristus mellom oss, så vi ikkje manglar noko nådegåve medan vi ventar på at vår Herre Jesus Kristus skal openberra seg. La Han grunnfesta oss til enden kjem, så vi — fullkomne i kjærleik — kan stå ulastelege på vår Herre Jesu Kristi dag. Takk for at du er trufast, som har kalla oss til fellesskap med Son din, Jesus Kristus, vår Herre, som med deg og Den Heilage Ande lever og råder, éin sann Gud, frå æve og til æve! Amen.[2]

Noter:

[1] Fyodor Dostoevsky, The Brothers Karamazov. New York: Barnes & Noble 2004, s. 60

[2] Fritt etter dagens episteltekst; 1Kor 1,4-9

Endå litt meir om offeret i nattverden

Eg har allereie skrive litt om offeret i nattverden, her og her. Men eg ville gjerne sitere kyrkjefaderen Kyprian (i engelsk omsetjing), for å få litt diskusjon omkring dette. Når det er sagt såpass tidleg i kristendommens historie, så kan ein ikkje forkaste det som eit ‘mellomaldersk påfunn.’ Han seier:

For if Jesus Christ, our Lord and God, is Himself the chief priest of God the Father, and has first offered Himself a sacrifice to the Father, and has commanded this to be done in commemoration of Himself, certainly that priest truly discharges the office of Christ, who imitates that which Christ did; and he then offers a true and full sacrifice in the Church to God the Father, when he proceeds to offer it according to what he sees Christ Himself to have offered.[1]

Kva meiner folk om dette? Kan vi forkaste dette?

Noter:

[1] Epistolae 62:14. I: Philip Schaff, Fathers of the Third Century: Hippolytus, Cyprian, Caius, Novatian. Grand Rapids, MI: Christian Classics Ethereal Library 2004, s. 642 (674). Lenke til PDF-fil (07.03.2009)Sjå også i: Fr Timothy Finigan, Sacred and Great. Traditional Liturgy in a Modern Parish, 2008. Lenke til PDF-fil (02.03.2009)