«Kjendisopprør» i venstre

I laurdagens utgåve av Dagen står det ein artikkel om valet; Kjendiser gjør opprør i Venstre. Eg siterer:

– Venstre har kommet i dårlig selskap. Hovedproblemet er moralismen i KrF. De aksepterer ikke at menneskene er mangfoldige, sier Esben «Esther Pirelli» Benestad til Avisenes Nyhetsbyrå (ANB).
Legen, sexologen og den profilerte Venstre-mannen er kandidat til kommunestyret i Grimstad. Men Benestad vil ikke støtte partiet så lenge de sitter i regjering med Høyre og KrF. Han ønsker i stedet en ny rødgrønn regjering.

Benestad mener at valget av Ole Chr. Kvarme til ny biskop i Oslo var et overgrep mot kjærlighetslivet til en viktig del av befolkningen.

Det hadde vore interessant å sjå på kva som er galt med den såkalla «moralismen» i KrF. Det er greit at folk har forskjellige meiningar, men når enkelte går ut og stempler andre som «moralistar», kjenner eg meg tvungen til å reagere. Kva er det i KrFs politikk som har gått ut mot homofile? At dei valte Kvarme? Har han sagt noko som helst om folks kjærleiksliv? Nei, men enkelte — spesielt NRK — har gjeve han eit «mørkemannstempel».

Viss du ser i regjeringa, så ser du at Knut Arild Hareide kjemper for at homofile skal få fleire rettar, og Per Christian Foss er homofil.

Eg siterer vidare:

Også professor i sosialantropologi og mangeårig listekandidat for Venstre, Thomas Hylland Eriksen, har skrevet under på et opprop som støtter en ny rødgrønn regjering.
Han har også spesielt store problemer med KrF.

– Jeg kan holde ut at folk er dumme og usympatiske, men når de i tillegg er misjonerende kristne og gis maktposisjoner i regjeringen, da er det nok for min del, sier Thomas Hylland Eriksen til Liberal, som er Venstres medlemsmagasin.

Denne meiner eg er for drøy. Eg hadde faktisk venta at Hylland Eriksen skulle vere meir sakleg enn dette. Det han seier, er at kristne ikkje skal få lov til å ha makt. Vil han kanskje ha diktatur og undertrykking? Nei dette var eit seriøst pinleg utsagn.

Eg er ikkje akkurat den største «fan» av kristenfundamentalismen, og stemmer heller ikkje KrF, men det betyr ikkje at eg synst at det er bra med det motsette, nemleg sekulærfundamentalisme. Og utsagnet til Hylland Eriksen er eit av mange slike «sekulærfundamentalistiske» utsagn ute i samfunnet.

Dette minner meg også om forbodet som kom mot religiøse symbol i Frankrike. Dei fleste var mot dette — Hylland Eriksen var sikkert mot det han også. Men det verkar som ein er for religionsfridom så lenge «dei religiøse» held seg for seg sjølv. Vel, right back at ya, er mitt svar til det. Skal det at ein synst at KrF er «fundamentalistiske» liksom rettferdiggjere at ein er like ekstrem sjølv?

— Kjetil Kringlebotten

This entry was posted in Samfunn.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s