Kristus, og Hans forhold til den falne natur

Under ein diskusjon på internett, vart det — av ein medlem av Sjuande dags adventistane (SDA), LeifGunnar — uttala dette:

Kjød er sarx på gresk og betyr rett og slett “fallen menneske natur”. Ordet sarx er oversatt fra hebraisk “basar” (litt usikker på stavemåten her). I GT er ordet brukt også som kjøtt men er svært sjelden brukt slik og bare i klare sammenhenger ellers betyr det bare “fallen menneske natur”. I NT betyr det alltid “fallen menneskenatur”. Mange kristne er ikke klar over denne avgjørende sak som satan ønsker at vi ikke skal oppdage…

Denne læra står og fell på påstanden om at kvar gong det greske ordet sarx er i NT, så betyr det «fallen menneskenatur». Sidan eg ikkje er noko skolert «grekar», vel eg å sjå på korleis ein har omsett dette ordet i den bibelutgåva eg nytter meg av; Bibelselskapets omsetjing av 1978/85.

Der ser vi at ordet sarx er omsett på heile 30(!) forskjellige måtar, både mot det som ein kan kalle «fallen menneskenatur» («vår vonde natur», Rom 8:4) eller rett og slett menneske («Og Ordet vart menneske…», Joh 1:14).

Problemet ligg, etter mi meining, i at ein, i enkelte [protestantiske] kyrkjesamfunn, legg absolutt all vekt på frelse frå synd. Og når dei då les at «Ordet vart kjøt» (1988-omsetjinga), eller at Kristus vart freista eller at han vart «gjort til synd», så tolker dei det slik at Kristus tok på seg ein fallen menneskenatur. Problemet kjem jo då sjølvsagt når ein les at Kristus aldri synda, eller aldri gjorde noko vondt. Det prøver LeifGunnar å [bort]forklare slik, i ein annan diskusjon:

Å synde blir naturlig uten Guds Ånd. På denne måten “beviser” du at du ikke lar deg lede av DHÅ fordi du ser på deg selv uavhengig av Faderen, Sønnen og DHÅ. Du sier med dette at du selv er god og trenger ikke Gud for å være god.

Altså, SDA meiner at Kristus hadde synda viss Han ikkje var salva ved Guds Ande. Problemet er jo det at denne salvinga — som kom i dåpen — ikkje kom til før Kristus var ca. 30 år gammal. Hadde Kristus då synda i dei første 30 åra av sitt liv? Var Kristus berre eit «utvalt» menneske, salva av Gud?

Nei, det var Han ikkje. I Joh 1:14 står det at «Ordet vart menneske/kjøt», og dei fleste kristne meiner at Kristus var menneske slik Gud ville det; syndfri og «overlag godt» (1Mos 1:31). Den falne natur kom ved synda, og Kristus var syndfri.

Men vi kan få nokre problem med dei stadene der det står at Kristus vart prøvd og freista. Korleis skal vi sjå på det? Kva betyr «freiste» og «prøvd»?

I Bibelsk tydning betyr det at ein «prøver karakteren». Kristus fekk — av menneske og av djevelen — «tilbodet» om å synde, men «beit ikkje på». Det vart ikkje vekt nokre indre kjensler, då dette i seg sjølv er synd. Problemet er at SDA ikkje ser på indre freistingar som synd, berre «ytre manifestasjonar» av denne kjenlsa.

Jesus hadde ikkje den falne natur slik som alle andre menneske har. Difor kan vi nok seie at Jesus var sant menneske, men då lik mennesket slik det var før syndefallet, altså før lydta inntok menneskets indre.

Så til problemet med fokuset på syndsforlatinga: enkelte meiner at frelsa utelukkande består i at Kristus frelse oss frå synd. Og når det — i 2Kor 8:9 — blir sagt at Han frelst oss ved å bli som oss, så kan det komme problem. Men frelsa er så mykje meir. Han vart menneske, slik at vi kan bli guddommeleggjorte. I den ortodokse studiebibelen min (s. 413) står det ein kommentar til 2Kor 5:21 (at Kristus vart «gjort til synd»):

How was Christ made to be sin for us? He, the incarnate Son of God, voluntarily assumed the consequences of our sin — corruption and death — without sinning Himself. And He submitted to unjust suffering because of the sinful passions of men and of angels. This means salvation is far more than forgiveness of sins. it is new life: our reconciliation to God (vv. 18-20) and our becoming new creatures (v. 17), participants in the very righteousness of God (c. 21). This means our salvation is not just juridical (the static, legal pronouncement of a judge) but it is personal and relational (the dynamic, sacrificial love of a father for his child).

Då avslutter eg med ein tekst som seier sentrale ting om Kristus og om vårt forhold til Gud [etter Kristus]:

Sidan vi no har ein stor øvsteprest som har gått gjennom himlane, Jesus, Guds Son, så lat oss halda fast på vedkjenninga! For vi har ikkje ein øvsteprest som ikkje kan ha medynk med oss i vår vesaldom, men ein som er prøvd i alt på same måten som vi, men utan synd. Lat oss difor med frimod gå fram for nådens kongsstol, så vi kan få miskunn og finna nåde til hjelp i rette tid. (Hebr 4:14-16)

— Kjetil Kringlebotten

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s