«Effata!» (13. søndag etter pinse)

Teksten for 13. søndag etter pinse er Mark 7:31-37:

Sidan drog Jesus bort att frå landet kring Tyrus. Han tok vegen gjennom Sidon og Dekapolis-landet og kom til Galilea-sjøen. Der førte dei til han ein mann som var døv og hadde vondt for å tala, og dei bad han leggja hendene på han. Jesus tok han med seg bort frå folket. Så stakk han fingrane sine i øyro hans, vætte tunga hans med spytt, såg opp mot himmelen, sukka og sa til han: «Effata!» — det tyder: «Lat deg opp!» Då vart øyro hans opplatne, og tunga vart løyst så han tala klårt. Jesus forbaud dei å seia det til nokon; men di meir han forbaud det, di meir gjorde dei det kjent. Folk undra seg storleg og sa: «Han har gjort alle ting vel. Han får døve til å høyra og mållause til å tala.»

Kva seier denne teksten oss? Det mest første svaret svaret eg kjem på, er at Kristus tar seg tid til alle, Han tar dei avsides — kanskje for at folk kjenner seg litt brydde av folks fordommar? — og lar alt dreie seg om «pasienten». Som lækjar er Han usedvanleg; Han gjenoppretter folks forhold, gjev dei sjølvrespekten og sjølvbilete tilbake. Tone Stangeland Kaufman skriv i fredagens Vårt Land (andakten til vekas søndagstekst):

Denne teksten sier noe om Jesu store frelsesprosjekt, nemlig gjenopprettelse: Å gjøre oss til den vi er og gjeninnsette oss i det fellesskapet med Gud, som vi i skapelsen fikk del i. Den døvstumme blir restituert. Han får del i en gjenopprettende frelse. Dette kommer spesielt til uttrykk i folks kommentarer: «Alt han har gjort er godt,» som viser til skapelsesberetningen i 1. Mosebok og «Han får døve til å høre og stumme til å tale», som er en henspilling på frelseprofetier hos Jesaja (Jes 35,5). Og Gud som virker gjennom Den Hellige Ånd er nær. Gud er her. Midt iblant oss. Nå. Med sin frelse. Det er gudsrikets gåtefulle hemmelighet. Lukker vi oss opp for ham slik at vi får del i hans gjenopprettende frelse? Og slik at gudsrikets gåtefulle hemmelighet kan gis videre gjennom våre liv?

Men dette er ikkje alt. Ein ting som er heilt spesielt med Kristus, er at Han ofte lækjer gjennom eit «samarbeid» av Ånd og materie. Han kunne sagt: «effata!» med eing gong, men Han valte å «materialisere» lækjinga. Og dette er eigentleg kjerna i evangeliet; at gjenopprettinga, frelsa, ikkje utelukkande skjer gjennom ei fornying eller ei frigjering av sjela (som i heidenske religionar), men gjennom Guds sameining med materien. Som det står hjå Johannes:

Og Ordet vart menneske og tok bustad mellom oss, og vi såg hans herlegdom, ein herlegdom som den einborne Sonen har frå Far sin, full av nåde og sanning. (Joh 1:14)

Altså; frelsa, lækjinga — at vårt samfunn med Gud er gjenoppretta, og vi gjenvinner vår «guddommelege skapnad» — vart gjort mogeleg ved at Gud vart menneske, «ikkje ved ei omskaping av guddommen til kjøt, men ved opptakinga av manndomen i Gud», som det heiter i Den athanasianske truvedkjenninga.

— Kjetil Kringlebotten

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Google photo

You are commenting using your Google account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s