Strekkode?

I BA, Lørdag 6. august (s. 18) skriv Kenneth Rasmussen, stortingskandidat og bystyrerepresentant for Demokratane [i Bergen] om eit nytt system han vil innføre for å «halde styr» på innvandrarane. Eg siterer:

Undertegnede [Rasmussen, min anm.] mener at Norge bør innføre ett nytt system som tar tak i alle etniske grupper i Norge og registrerer disse med et strekkode-system slik vi har i alle dagligvare butikker.

Min første reaksjon til dette var eit sterkt sinne. Kven er det denne mannen trur han er? Eg vart direkte kvalm av utsagnet hans. Når det fekk synke litt inn, så såg eg det [ufrivillig] komiske i det. Dette er berre eit av hans mange idiotiske utsagn. Han har også uttrykt ønske om videoovervåkning på buss og tog:

Åtte av ti nordmenn ønsker videoovervåkning på buss og tog, t-bane og trikk. Det går frem i undersøkelser Opinion har gjort for NSB. Trafikkselskapene har dermed full støtte hos publikum for å installere slike kamera på kollektiv trafikk. Dessverre så bryr ikke Datatilsynet seg om hva brukerne og selskapene mener om dette, og ønsker å begrense tilgangen på sikkerhet for passasjerene. Her er paragrafrytterne igjen ute for å beskytte kjeltringer med å begrense tilgang til bevismateriale på hendelser som stadig vekk forekommer i kollektiv trafikken.

At han ikkje ser konsekvensene at dette, synst eg er skremmande. Men tilbake til saka. Meiner Rasmussen at vi også skal strekkode samane, sidan desse er ei av Noregs etniske grupper? Eller kva med tatarane?

Litt seinare i det aktuelle innlegget lister Rasmussen opp nokre punkt for dette systemet, der han mellom anna skriv:

Man kan ta statistikker på hvilke grupper som representerer størst kriminalitet og se hvilken religion de tilhører, osv.

Dette er klassisk retorikk frå Demokratane. Det er «mange» [ikkje så mange som dei skal ha det til] innvandrarar som gjer kriminelle handlingar. Det er mange innvandrarar som er muslimar. Ergo så er muslimar kriminelle. At dei ikkje tar med det at mange innvandrarar ikkje får jobb på bakgrunn av at dei er innvandrarar, ser ikkje ut til å bekymre Rasmussen og co.

Eit anna døme på retorikken frå Demokratane, såg ein for ei tid tilbake, då ein av partiets bystyremedlemmar i Kristiansand, Tore E. Olsen, uttala at «vold mot kvinner vil bli redusert dersom kvinnene ikke legger beina i kors når mannen kommer hjem fra jobb». Ja, ja… Han om det.

Men det som skremmer meg mest, er Rasmussens samanlikning mellom etniske grupper og varene i dagligvarebutikkane.

— Kjetil Kringlebotten

This entry was posted in Samfunn.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s