Val 05: Toleranse?

Under eit innslag i TV2-nyhetene, Mandag 22. august, var det eit utdrag frå ein debatt mellom Høgres leiar Erna Solberg og Arbeidarpartiets leiar — og den raud-grøne sidas statsministerkandidat — Jens Stoltenberg. Der sa Stoltenberg [fritt sitert]:

Det spesielle med denne regjeringen, er at vi har det verste fra to verdener. På den ene siden har vi Høyres usosiale velferdspolitikk, og på den andre siden KrFs sneversyn og intoleranse (sic).

Sjølv er eg på høgresida politisk, og eg kan ikkje sjå kva som er så «usosialistisk» med Høgres politikk — til forskjell frå AP. Sist Ap var i regjering, var renta oppe i sju prosent, no er den på to. Og for ikkje å snakke om SV — som skal inn i samarbeid med AP: dei vinn stort sett alle skuleval — saman med FrP. Kvar gong eg har sett SV under skulevala, så verkar det som om dei har litt fleire statsbudsjett på lager. FrP vinn stort sett skulevala på spriten. Men det var litt utafor tema.

Når det gjeld det at KrF har «sneversyn» og er «intolerante», så må eg spørje Stoltenberg: kva legg du i dette? Handlar «intoleranse» og «snaversyn» om å ikkje vere einig med AP? Veit Stoltenberg kva toleranse er?

I følgje ordbokdefinisjonen, er toleranse mellom anna dette:

det å bere over med meiningane el. åtferda til andre; tolsemd (2) vise t- i livssynsspørsmål

Så, då kan vi spørje oss: viser Stoltenberg toleranse overfor sine meiningsmotstandarar?

— Kjetil Kringlebotten

This entry was posted in Samfunn.

5 comments on “Val 05: Toleranse?

  1. Godt poeng, kampen om å få definere begrepet “toleranse” må for all del ikke vinnes av de “liberale” sosialistene. Jeg har skrevet om dette sjøl: Religion og sannhet i toleransens tidsalder.

  2. Athanasius says:

    Jeg er helt enig i det du skriver om toleranse. Men utsagnet om at Høyres velferdspolitikk ikke er usosial fordi renten i dag er på to prosent, mens den var syv prosent da Ap sist var i regjering, henger ikke på greip!

    Jeg synes du er mye bedre på teologiske betraktninger enn politikk.

  3. No er eg ingen politikar, og Høgre kan ha ein til dels “usosial” politikk. Men poenget var at Stoltenberg påstår at alt blir så mykje betre med han, og eg kan ikkje hugse at han akkurat gjorde ein stjernejobb.

    Og det er ein ting som alltid har forundra meg: Stoltenberg er økonom, han gjekk ut med eit særst godt eksamensresultat. Kvifor er ikkje han finansministerkandidat?

    Å ha Halvorsen i den jobben heng ikkje på greip.

    mvh

  4. athanasius says:

    Med den tankegangen burde i såfall Bondevik ha vært kirkeminister, og ikke statsminister. Kanskje burde Kongen heller utnevne ekspertregjeringer, hvor han plasserer de beste fra hvert fagområde i statsrådspostene, uavhengig av partipolitisk tilknytning?

  5. Det blir jo berre tull. Det er ingen tvil om at økonomien var betre når Stoltenberg var finansminster enn når han var statsminister.

    Det store poenget, meiner eg, er at med økonomisynet til SV, som sikkert blir relativt dominerande i ei raud-grøn regjering, så kjem ikkje dei fattige til å få det noko spesielt betre.

    SV lever i ein illusjon om at alle kan få det likt. I venstre, høgre, KrF, Sp, etc. tenker ein; “meir til dei som treng det”. I SV tenker ein; “meir — eller snarare alt — til alle”.

    mvh

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s