Val 05: Finansen

I RedaksjonEn på NRK1, Mandag 22. august, var det duell mellom Kristin Halvorsen (SV) og Per-Kristian Foss (Høgre). Desse to er finansministerkandidat for kvar sitt regjeringssamarbeid.

Duellen hadde — som venta — ein litt vond smak av kamp og svartmaling, men viss ein ser bort frå det, så må eg seie at eg er litt bekymra. Viss den raud-grøne sida vinn, med Kristin Halvorsen som finansminister, så lurer eg på kva som skjer med dette landet.

SV sitt syn på økonomien er urealistisk, dei prioriterer — slik Per-Kristian Foss påpeika — «alt». Mellom anna vil SV gje skular klassesett med moderne mobiltelefonar! Kor får dei pengane til dette frå?

SV og FrP er dei store vinnarane på skulevala kvart år. FrP vinn stort sett på alkoholpolitikken, SV vinn fordi dei gjev ungdommane ei slags «underdog»-kjensle. Men kva skjer når desse ungdommane blir eldre, og meir reflekterte? Jo, då viser erfaringa at mange av dei som stemte SV ikkje gjer det igjen.

Eg tolker dette som ein god indikasjon på at SV ikkje har noko truverdig — og levedyktig — økonomisyn. Så, viss Kristin Halvorsen blir finansminister saman med AP, så er eg redd for kva som vil skje med økonomien vår, for ikkje å snakke om renta.

— Kjetil Kringlebotten

This entry was posted in Samfunn.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s