Val 05: Solidaritet?

I lokalavisa heime, VaksdalPosten, Torsdag 25. august, skriv Trine Skei Grande, nestleiar i Venstre om det ho kallar «myter om solidaritet». Eg siterer:

En av politikkens største myter er at sosialister og sosialdemokrater er mer «solidariske» med fattige og såkalte «svake grupper» enn ikke-sosialistiske partier. Det er ikke sant.

Dette er eg heilt einig med ho i. I debattar rundt fattigdomsproblema, pleier mellom anna SV å spele på at dei er meir solidariske, dei speler på vår såkalla «underdog»-kjensle, at vi anten er — eller står på — sida til den svakaste part, taparane.

Realiteten viser at dette ikkje stemmer. For det første så er ikkje SV så sosialistiske som dei skal ha det til. Dei verkar litt som «småborgarlege kvasi-kommunistar». Men tilbake til saka. Grande skriv vidare:

I dagens samfunn er det ikke slik at store grupper er underpriviligert og trenger nye offentlige velferdstiltak for å klare seg. Men fortsatt er det nettopp nye, store løfter til flertallet som er sosialistenes oppskrift.

SV og AP kan — slik eg ser det — oppsummerast i dette ordet: valflesk. SV kastar om seg med pengar og lover ting i hytt og pine. Under Folkemøte på TV2, Onsdag 24. august, sa Jens Stoltenberg at han ikkje skulle gje noko skattelette før alle velferdsproblema er løyst og alle er nøgde. Ja, det har vi vel aldri høyrt før. Erfaringa viser at han gjer like mykje skattelette, han også.

Finanspolitikken i SV er eit kapittel for seg sjølv, men det kan ein lese meir om i posten Val 05: Finansen. Som ein kommentar til dette, skriv Grande:

I sitt nye program prioriterer SV gratis skolefritidsordning, gratis kjernetid i barnehagene, forsøk med 6 timers arbeidsdag, gratis PC-er og mobiltelefoner i skolen, enorme overbud i samferdselspolitikken, osv. Ingenting av dette løser problemer for fattige eller utsatte grupper innenfor rusomsorg, psykiatri og adferdsvansker. Tvert imot bindes enorme ressurser opp før de fattige har fått en krone. I tillegg setter en slik politikk den økonimiske sunnheten over styr, og det mest usosiale av alt for de fattigste er høy prisstigning, høyre renter og høy ledighet.

Kva skal vi seie til det? Vi kan jo — med fare for å trå over i ein kjent politisk klisjé — spørje: «Er dette sosialt?» Svaret på det er vel innlysande: Nei, det er det ikkje. Problemet er at kvar gong dette blir tatt opp, så angrip SV sentrum og høgresida — spesielt Kjell Magne Bondevik — og seier at ein ikkje har gjort nok.

Ja, det har ikkje blitt gjort nok. Problemet er at SV lever i den tru at så lenge sosialistane styrer landet, så forsvinn alle økonomiske problem som dugg for sola. Dette skjer aldri med deira politikk, ein politikk som gjev alt og alle, både i pose, sekk, ransel og veske. Då avslutter eg med å sitere avslutninga av innlegget til Grande:

Venstre vil fortsette og styrke regjeringens sosiale politikk. Derfor sier vi: «Mer til dem som trenger det mest», ikke mer til alt og alle.

— Kjetil Kringlebotten

This entry was posted in Samfunn.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s