Inkarnasjonen og Treeininga for muslimar

Under ein diskusjon om skriftsynet i kristendommen og Islam, var det ein som tok opp temaet om «Guds ord», og meinte at kristendommen tolka dette i strengaste forstand. Det er feil. Det finst enkelte kristne grupper som gjer dette, men i kristendommen er det djupast sett Kristus som er Guds Ord. I Islam, derimot, er Koranen forma som Guds direkte tale til menneska, og at den — i følgje ortodokse muslimar — er ein nøyaktig kopi av den himmelske Koranen.

Med utgangspunkt i dette, skal eg prøve å forklare Inkarnasjonen — og Treeininga — for [ortodokse] muslimar. Som hjelp, skal eg bruke eit foredrag med Oskar Skarsaune i Oslo, 1. desember 2004. Alle sitat der i frå er sitert etter hukommelsen.

For ca. 1300 år sidan, på 700-talet e.Kr. vart dåtidas patriark i Bagdad kalla inn til byens Kalif, for å forklare Treeininga og Inkarnasjonen. Patriarken byrja så med å ta utgangspunkt i Kalifen, og sa:

Når du gjev ein ordre, så er den ordra — utforma av din tanke og tala med dine ord — ein del av deg, men likevel ikkje ein del av deg.

På denne måten kunne han forklare korleis Sonen — Guds Ord — kunne vere ein del av Gud, men likevel ikkje samanblanda med Faderen. Han sa vidare:

Du vil kanskje også skrive denne ordren ned, slik at den blir permanent. På den måten blir ordra skrift, den blir skriftleggjort.

Her brukte Skarsaune eit interessant begrep; at ordra vart inlibrert. Og er det ikkje dette ein seier om Koranen i Islam? Kristne taler om Guds Ords Inkarnasjon, muslimane taler om Guds Ords inlibrasjon.

I den jødiske visdomstradisjonen har ein ei samanblanding av Guds Ord, Toraen og Visdomen, og det er dette som — i Kristus — vart Inkarnert. I Islam «blandar» ein også saman dette, og seier at Koranen blir inlibrert.

Visdomens bok (7:26) taler om Visdomen som «ei avglans av det evige ljos, plettfritt speglar den Guds verke og er eit bilete av hans venleik». Eg trur ikkje at ortodokse musilmar har noko problem med å seie det same om Koranen.

Så, når du skal forklare Inkarnasjonen — og Treeininga — til ein muslim, bruk Koranen som døme.

— Kjetil Kringlebotten

This entry was posted in Ymse.

One comment on “Inkarnasjonen og Treeininga for muslimar

  1. […] [1] Meir om dette her. […]

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s