Val 05: Falsk blogg

RV — og spesielt RU — er vel ikkje det partiet som er mest «stovereine» i sin kritikk av andre parti. Det siste — og mest patetiske — påfunnet, er den falske bloggen stjerna erna!, der dei utgjer seg for å vere Erna Solberg, leiaren i Høgre. I posten Vitsemakere! skriv «stjerna Erna»:

Jeg har (…) lyst til å holde en saklig og god tone og snakke om det fine vi har fått til disse fire årene i regjering:

  1. Store skatteletter til de rikeste (som igjen kanskje lar noen småpenger dryppe på de fattigste)
  2. Ansatt en masse Høyre-folk i departementer
  3. Fått inn mer teori på yrkesfag (det var på tide rørleggeren min lærte seg franske andregradslikninger!)
  4. Sendt soldater til Irak og Afghanistan (vi har vært med på like mange kriger som Erik Blodøks, så der føler jeg vi har tangert en ganske historisk rekord)
  5. Kjøpt nytt flygel til Victor Normann.

Fire nye år!

Eg berre spør: har ikkje RV/RU noko anna å bruke tida på? Er politikken deira så dårleg at dei må dekke over det ved å gjere dette?

Å kritisere ein politikar er fullt lovleg. Det har eg ingen problem med. Å utgje seg for å vere den politikaren, er berre patetisk. Og heilt sikkert ulovleg. Men det har vel aldri stoppa RV før.

Kva skal vi seie til dette? Eg seier i alle fall: ikkje stem RV!

— Kjetil Kringlebotten

This entry was posted in Samfunn.

4 comments on “Val 05: Falsk blogg

  1. Anonymous says:

    Er heilt nøydd til å vera samd med deg der…
    Eg veit at nokre kristne kan freista å røysta på sosialistiske parti sume tider, men då hev dei ikkje det ideologiske heilskapsbiletet i orden. I botnen for den sosialistiske ideologien ligg det eit humanistisk grunnsyn. Dette synet krinsar om mennesket som eit mål i seg sjølv og der mennesket er senter for alt. Ein sann kristen kan ikkje , om han elder ho er medviten, dela eit slikt syn, avdi for ein kristen bør Gud og ingenting anna vera sentrum i livet.

  2. Eg er delvis einig med deg, men det var eigentleg ikkje hovudpoenget mitt. Det var at RV/RU fakstisk er så patetiske at dei går ut slik mot meiningsmotstandarar.

    mvh

  3. Deus vult. says:

    Som eg sa, eg er heilt med på det. Kunne berre ikkje standa imot å gjera meir utav det..;)

  4. Anonymous says:

    Eg veit ikkje heilt kva som er verst, fanatiske kristne, spesiellt katolikkar, eller kapitalistar.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s