Vår moderne tids nytale

I George Orwells bok 1984 skriv forfattaren ei rystande skilding av det totalitære system. Han tar tak i tema som individets rettar, individualitet og personvern [før datatilsynets tid].

Handlinga er lagt til eit dystert bysamfunn under total kontroll frå «Partiet» med «Storebror» og Tankepolitiet i spissen. Oseania — landet handlinga er lagt til — er eit nedslitt og forfallent samfunn, gjennomsyra av redsel og løgn. Det allmektige partiapparatet bruker all sin energi på å kontrollere folks kvardag ned til den minst detalj. I spissen for dette arbeidet står tankepolitiet. Deira agentar er overalt og avslørar det minste avvik frå den offisielle partilinja.

Ei av bærebjelkane i partiets allomfattande makt er deires kontroll over folks språk. Dei har nemleg skapt eit nytt språk — nytale — for å kunne kontrollere folk. Og då går ferda inn i vår kvardag.

For er det ikkje dette vi ser i samfunnsdebatten — spesielt i desse valkamptider? Blir ikkje språket konstant omdefinert — og meir og meir einsretta?

Krondøma på dette, finn ein i den poltiske sfære, der det er ei omdefinering av orda fattigdom, solidaritet og sist, men ikkje minst; toleranse. I følgje ordboka, betyr ordet toleranse «det å bere over med meiningane eller åtferda til andre».

Erfaringa viser at toleranse blir omdefinert til utelukkande å omhandle dei «politisk korrekte» meiningane, det seg vere innan abortdebatten, livssynsdebatten, etc. Men det verste ser vi i media. Den blir med rette kalla «den fjerde statsmakt», og folkets meiningar blir meir og meir utforma gjennom det vi les, ser og høyrer i aviser, på tv, i radio og — spesielt — på internett.

Dette tok Orwell opp, ikkje berre i 1984, men i samfunnsdebatten elles, rett og slett fordi han såg dette som den største trusselen mot demokratiet. Ein av karakterane i boka, seier dette om nytale:

Don’t you see that the whole aim of Newspeak is to narrow the range of thought? In the end, we shall make thoughtcrime literally impossible because there will be no words in which to express it… The whole climate of thought will be different. In fact, there will be no thought as we understand it now.

Altså, gjennom å kontrollere språket, prøver ein å kontrollere tankane. Viss då skjer, så er det dei som styrer språket som styrer oss. Dette ser vi klart, både i samfunnsdebatten, i media, og spesielt i «den frie marknaden». Her har vi heldigvis enkelte som prøver å gjere noko med det, som står mot «det kommersielle tankepolitiet». Organisasjonar som Adbusters, til dømes, sjølv om eg ikkje er einige med alle deira metodar.

Frå eit kristent perspektiv, har også dette relevans. Slik eg ser det, så er ikkje fokuset på Dyret i Johannes’ Openberring utelukkande av åndeleg art. Det er også ei åtvaring mot diktatur, tyranni og einsretting. Og kva med Babels tårn? Eg tolker dette også som Guds motstand mot einsretting og diktatur, då eit felles språk rask kan utvikle seg til «nytale».

Då avslutter eg med å sitere Orwell, og hans tankar omkring ordets makt:

Word falling upon the facts like soft snow, blurring their outlines and covering up all the details.

— Kjetil Kringlebotten

This entry was posted in Samfunn.

One comment on “Vår moderne tids nytale

  1. Deus vult. says:

    Ja, det er ganske skræmande å sjå “nytalen” spreida seg så drastisk.
    Det er morosamt og rimeleg ironisk at når eg hugser attende til gymnastida (1991), så var det venstrevridde lærarar som stadig talte om Orwell og “1984”… Just desse folka er det som hev omdefinert omgrepa og som sit med bukta og båe endane. Brukte dei kanskje “1984” som ei lærebok?

    Det kan ikkje herska nokon tvil om kva for ei side som hev andeleg makt i samfunnet idag, uansett kven som sit med regjeringsmakt. I det heile teke, så er store delar av sokalla “borgarleg” side, i realiteten liberalarar elder sentrum-venstre som ikkje evner elder ynskjer å endra situasjonen.
    Ein kunne nemna i fleng, men dømet med Høgre, som for tvo år sidan gjorde hosene sin grøne som eit homoparti, burde vera nok.

    Dette omtalde dei i England som “….previously unheard of in the entire course of history. This is not a Conservative party.”

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s