Morar vi oss til døde?

Etter nokre søk på nettet, kom eg over ein artikkel som tok opp Neil Postmans bok Amusing Ourselves to Death (biletet). Den tar opp forskjellen mellom George Orwells 1984 og Aldous Huxleys Brave New World. Han påpeika — etter å ha analysert det dåverande røyndsbiletet (1984/85) — at det var Huxley, og ikkje Orwell, som fekk rett i si skildring av framtida. Sjølv meiner eg at Postman tok litt feil, slik eg påpeika i posten Vår moderne tids nytale, 8. september. Men likevel har han — og Huxley — eit godt poeng.

Huxley meinte at frykta for bokbrenning og undertrykking ikkje var viktig, rett og slett fordi mennesket druknar i overfladisk underhaldning — mennesket «morar seg til døde». Og er det ikkje dette vi ser tendensar til i samfunnet? Ungdommar som er likegyldige overfor «dei viktige tinga» og helelr vil more seg? Og kva med seksualiteten? I Brave New World speler heile samfunnet på sex, og den personen som ikkje vil, han blir utestengd og uthengd som «unormal».

I den aktuelle artikkelen — skrive av Hans Erik Næss — blir det sagt at Postman meiner at det er media — spesielt fjernsynet — som er skulda i dette. Eg siterer:

Redskapen for denne overfladiskhetens logikk ligger ifølge Postman i fjernsynsmediet. Han kritiserte mediesamfunnet for å ha omformet politikk til vesensløs underholdning. Mediene, og spesielt fjernsynet, var den store skyldneren for denne at forandringen fra seriøs formidler til dum showbiz hadde blitt så omfattende, gjennomgripende og dyptloddende. Politikk var ikke lenger noe uttrykt programfestet eller moralsk forpliktende, men en øvelse i hvem som var flinkest til å leke med vekslende symboler og images, håndhilse på de rette menneskene og pumpe ut sitatpregede slogans.

Dette ser vi spesielt i valkampdebattane, der det er dei som klarar å «pumpe ute sitatprega slogans» som blir hylla, medan dei som har store kunnskapar, men ikkje same «medieteft», blir bua ut. Dette må vi stå imot. Vi må hindre at verda utvikler seg til eit underhaldningstyranni, til ei «ekkel blanding» av Orwells og Huxleys univers.

— Kjetil Kringlebotten

This entry was posted in Samfunn.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s