Val 05: Fordelingspolitikk

I ein relativt gammal Dagbladet-artikkel, legg tidlegare stortingsrepresentant for SV, Paul Chaffey (biletet), om sine meiningar rundt økonomi og fordelingspolitikk:

…når sant skal sies, har jeg aldri vært noen tilhenger av statsstyrt planøkonomi. Historien har levert nok av eksempler på at det ikke fungerer. Det finnes ingen alternativer til kapitalismen som økonomisk system.

Slike uttalingar interesserer meg. Her har vi ein person som har vore stortingsrepresentant for SV (1989-1997), og som difor har god kjennskap til partiets politikk. Han går direkte ut mot SV sin økonomiske politikk, som stort sett kan oppsummerast slik: «Vi vil vere med å fordele kaka, men bak den, det for nokon andre gjere.» Chaffey seier vidare:

Før var jeg nok veldig fokusert på selve fordelingspolitikken. I dag er jeg mer opptatt av at vi må skape verdier så det faktisk er noe å fordele. Men når sant skal sies, så skiftet jeg mening ofte mens jeg var stortingsrepresentant også jeg. […] De bedriftene Norge skal leve av om 20 år finnes ikke i dag. De må skapes. Og da må samfunnet legge til rette for at noen kan — og vil — skape dem i Norge.

Her ser vi at Chaffey er nærare eit borgarleg enn eit sosialistisk syn. På borgarleg side — og i sentrum — er ein meir opptatt av å skape ny arbeidsplassar enn av å halde på gamle, utan at det betyr å kullkaste dei gamle.

Sjølv er eg ein forkjempar for oppretting av nye, små bedrifter. Små- og mellomstore bedrifter er langt meir tilpasningsdyktige til endringar i marknaden. Store, tungrodde — og ofte gamle — bedrifter går ofte under av si eiga vekt. Her er nok den tradisjonelle tapsbefengte “hjørnesteinsbedrifta” eit altfor “godt” døme. Bedrifter som driv vidare på subsidiar og/eller særordningar/-konsesjonar, av omsyn til arbeidsplassane, er eit typisk sosialistisk prosjekt.

Så mi oppfordring no rett før det går for å stemme er: stem borgarleg/sentrum, ver med på å skape eit Noreg som er levedyktig og som ikkje avsondrar seg frå verda.

— Kjetil Kringlebotten

This entry was posted in Samfunn.

One comment on “Val 05: Fordelingspolitikk

  1. Eit stort problem med sosialismens syn på fattigdom, er at den alltid bunnar i ein grunnlaggjande idé om lik fordeling av alle resursar. I eit sosialistisk verdsbilete finst det fattige så lenge det finst ulikskap.

    Det vil altså seie at ein sosialist meiner at dei fattige tener på — eller blir mindre fattige — av at ein kapitalist taper pengar.

    Ja, ja…

    mvh

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s