Små- og mellomstore bedrifter

Eg er ein forkjempar for nysatsing innanfor næringslivet, spesielt år det gjeld hjelp til små- og mellomstore bedrifter. Difor er det gledeleg å sjå kva Venstres næringspolitiske talsperson Olaf Thommesen (biletet) seier om dette til NRK:

Venstre har i lang tid vært partiet for små og mellomstore bedrifter. Ikke for de vi har noe imot de store, men fordi ved å legge forholdene til rette primært for de små så legger man også til rette for de store. Den omvendte strategi gir ikke nødvendigvis ringvirkninger for små bedrifter. Vi konsentrerer fokus enda mer på de som etablerer bedrifter, såkalte gründere.Primært ønsker vi å legge forholde bedre til rette for de som av venstresiden i lang tid har blitt behandlet som en pariakaste nemlig entrepenørene altså de som etablerer bedrifter.

Sjølv er eg ein forkjempar for oppretting av nye, små bedrifter. Små- og mellomstore bedrifter er langt meir tilpasningsdyktige til endringar i marknaden. Store, tungrodde — og ofte gamle — bedrifter går ofte under av si eiga vekt. Som eg påpeika i eit innlegg om fordelingspolitikk (…), så er det ikkje vits å snakke om fordeling av verdiar, viss ein ikkje vil vere med på skape desse, eller hjelpe dei som gjer det. For at ei kake skal fordelast, må den jo først bakast.

Difor må vi styrke næringslivet, stumulere til vekst, ikkje kullkaste desse, og berre halde fast på det gamle. Eit godt døme på dette er Norske Skogs Union. Det er sjølvsagt eit stort problem at mange der mister jobben, og kanskje ikkje får jobb igjen (mellom anna på grunn av alder og utdanning). Men kven skal ta skulda? Eigarane må sjølvsagt “klandrast”. Dei visste godt at mange der ikkje hadde noko anna å gå til (enn kanskje sosialen). Men her må vi også legge litt av skulda på det sosialistiske prosjekta med “hjørnesteinsbedrifta”.

Bedrifter som driv vidare på subsidiar og/eller særordningar/-konsesjonar, av omsyn til arbeidsplassane, er eit typisk sosialistisk prosjekt, som utelukkande går ut over ein part: arbeidarane. Som eg påpeiker oppfor, så er små- og mellomstore bedrifter er langt meir tilpasningsdyktige til endringar i marknaden.

Her trur eg vi kan lære av svenskane og finnane. Dei har aldri hatt olje, og kan difor ikkje “kvile” på dette. Kva har då skjedd? Jo, det har blitt sett fokus på å hjelpe gründerane, hjelpe nettopp dei små, kreative og tilpasningsdyktige bedriftene som til dømes Ericsson i Sverige og Nokia i Finland.

Små mi oppfordring er at vi må hjelpe “den lille mann”. Vi veit jo — viss vi skal tru på det som står i Bibelen — at det er vesle David som klarer seg, ikkje store og tungrodde Goliat.

— Kjetil Kringlebotten

This entry was posted in Samfunn.

3 comments on “Små- og mellomstore bedrifter

  1. athanasius says:

    Godt å se at du har kvittet deg med Høyre-sympatiene!

  2. Det var nok helst unge høgre, og deira hets mot nynorskfolk som gjorde at “begeret rant over”.

    Dessutan har eg sett på venstre sin politikk, og den synst eg er god. Eg er nok ikkje einig i alt, men kven er det?

    mvh

  3. Er det Venstre som i norsk politikk ligger nærmest til distributismen, tro?

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s