Har Kong Harald dårleg gongsyn?

Under eit nylig besøk til Washington uttala Kongen (biletet) at «USA er vår viktigste allierte og en nær politisk partner i mange internasjonale organisasjoner». Dette reagerte professor i statsvitskap ved UIO, Trond Nordby, på, og sa til Nettavisen at:

– Det er håpløt med en konge som går rundt uten så mye politisk gangsyn at han ikke vet å styre unna selv de mest åpenbare politiske kontroversene i norsk politikk.

Denne uttalinga er historielaus. Eg finn heller grunn til å regare på Nordbys påstand om at vårt nære forhold til USA er ein av «dei mest openberre politiske kontroversane i norsk politikk». Vidare påstår han at Kongen ved å uttale seg slik han gjorde, støtter Bondevik-regjeringas syn på mellom anna norsk deltaking i Irak.

Slik eg oppplevde Kongens tale (det eg har høyrt av den i norske medier, i alle fall), var at den handla om USA generelt, og ikkje USA slik dei er i Irak, eller no under president Bush.

Sjølv er eg motstandar av krigen i Irak — men det hindrar ikkje meg i å sjå på USA som «vår viktigaste allierte og en nær politisk partnar i mange internasjonale organisasjonar». Dette er jo ei kjennsgjerning.

I NATO er USA ein viktig alliert, og hadde det ikkje vore for USA, og dei tusenvis av amerikanske soldatar som døydde på europeisk jord under 2. verdskrigen, så er det ikkje sikkert at vi hadde levd i eit så fritt land som vi lever i.

Nei, sett i eit historisk og generelt perspektiv har Kongen heilt rett i sine uttalingar. Difor synst eg det er rart at ein professor i statsvitskap ikkje har meir historisk gongsyn enn dette.

— Kjetil Kringlebotten

This entry was posted in Samfunn.

4 comments on “Har Kong Harald dårleg gongsyn?

  1. athanasius says:

    Jeg vet ikke hva som faktisk ble sagt i denne sammenhengen, men Nordby har en tendens til å bli sterkt feilsitert og misforstått i mediene. Dette har trolig sammenheng med professorens joviale og løsslupne karakter. Det skulle ikke overraske meg om det samme har skjedd denne gangen som da VG skrev at han trodd Carl I. Hagen ville bli statsminister etter valget.

  2. Ja, eg veit berre det eg har høyrt i media. Men om det stemmer, så synst eg det er litt “rart” — for ikkje å seie historielaust — å påstå at det at USA er vår viktigaste allierte er ein av “dei mest openberre politiske kontroversane i norsk politikk”.

    mvh

  3. athanasius says:

    Helt enig. Det er nettopp også derfor jeg tror Nordby er feilsitert eller misforstått. Selv om Nordby er uttalt sosialist, tror jeg neppe han er så historieløs – i alle fall er det ikke det inntrykket jeg har av ham etter å ha både på hørt ham og pratet med ham.

  4. athanasius says:

    … “hørt på ham”, ikke “på hørt ham”.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s