Morar vi oss sjølve til døde?

Dette har delvis blitt publishert før, i den andre bloggen min, Skapkatolikken. Her blir teksten noko utvida.

Etter nokre søk på nettet, kom eg over ein artikkel som tok opp Neil Postmans bok Amusing Ourselves to Death (biletet). Den tar opp forskjellen mellom George Orwells 1984 og Aldous Huxleys Brave New World. Han påpeika — etter å ha analysert det dåverande røyndsbiletet (1984/85) — at det var Huxley, og ikkje Orwell, som fekk rett i si skildring av framtida. Sjølv meiner eg at Postman tok litt feil, slik eg påpeika i posten Vår moderne tids nytale, 8. september. Men likevel har han — og Huxley — eit godt poeng.

Huxley meinte at frykta for bokbrenning og undertrykking ikkje var viktig, rett og slett fordi mennesket druknar i overfladisk underhaldning — mennesket «morar seg til døde». Og er det ikkje dette vi ser tendensar til i samfunnet? Ungdommar som er likegyldige overfor «dei viktige tinga» og helelr vil more seg? Og kva med seksualiteten? I Brave New World speler heile samfunnet på sex, og den personen som ikkje vil, han blir utestengd og uthengd som «unormal».

I den aktuelle artikkelen — skrive av Hans Erik Næss — blir det sagt at Postman meiner at det er media — spesielt fjernsynet — som er skulda i dette. Eg siterer:

Redskapen for denne overfladiskhetens logikk ligger ifølge Postman i fjernsynsmediet. Han kritiserte mediesamfunnet for å ha omformet politikk til vesensløs underholdning. Mediene, og spesielt fjernsynet, var den store skyldneren for denne at forandringen fra seriøs formidler til dum showbiz hadde blitt så omfattende, gjennomgripende og dyptloddende. Politikk var ikke lenger noe uttrykt programfestet eller moralsk forpliktende, men en øvelse i hvem som var flinkest til å leke med vekslende symboler og images, håndhilse på de rette menneskene og pumpe ut sitatpregede slogans.

Dette ser vi spesielt i valkampdebattane, der det er dei som klarar å «pumpe ute sitatprega slogans» som blir hylla, medan dei som har store kunnskapar, men ikkje same «medieteft», blir bua ut. Denne kritikken finn vi også igjen hjå den franske sosiolog Pierre Bordieus kritikk av tv som medium. I fjor haust vart dette tatt opp i NRK-programmet Team Antonsen, der Harald Eia og valforskar Frank Aarebrot førte ein uanfekta samtale om dette, medan Kristoffer Schau åt dip frå Aarebrots beinstump.

Eit av hovudpoenga i Bordieus kritikk av tv-mediet er at det er eit distraksjonsorgan, ikkje eit informasjonsorgan. Det morosamme opp i alt dette, er at ingen huskar kva Eia og Aarebrot snakka om, alle huskar at Kristoffer Schau åt dippen. Dette er eit illustrerande døme på at Bordieu — og Neil Postman — har rett i sin kritikk. Mi oppfordring er at vi må prøve å stå imot dette. Vi må hindre at verda utvikler seg til eit underhaldningstyranni, til ei «ekkel blanding» av Orwells og Huxleys univers. Vi kan nok ikkje fjerne tv-mediet, men vi kan kanskje prøve å endre det

— Kjetil Kringlebotten

This entry was posted in Samfunn.

One comment on “Morar vi oss sjølve til døde?

  1. For ei stund tilbake kom det ei bok med politiske talar; Virksomme ord: politiske taler 1814-2005 forfatta/redigert av Anders Johansen og Jens E. Kjeldsen. Då dei — for å “promotere” boka — var i God Morgen Norge på TV2, nemnte dei at denne boka kanskje var ein slags “nekrolog” over den politiske talen.

    I våre dagar er det underhaldningsfyte “actiondebattar” som gjeld, og arenaen er fjernsynsskjermen. Har vi ikkje mist noko vesentleg i farta?

    mvh

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s