Liberalisme eller populisme?

Som kjent fekk Frp svært stor oppslutning under valet — 22,1% stemmer. I den samanheng er det viktig å sjå på kva deira politikk er — og om deira velgjarar faktisk veit kva parti dei har stemt på.

Då Frp vart stifta — på 80-talet — hadde partiet ein profil som eg vel å definere som «jappestil for folk flest». Partiet hadde ein litt amerikansk nyliberalistisk stil — noko som dei til dels har framleis. Problemet er at partiet sin økonomiske politikk endrar seg oftare og oftare — i populismens namn. Populisme er definert som « politikk som baserer seg på å fremje populære standpunkt i einskildsaker som skatt, innvandring, kulturspørsmål o l».

Slik eg ser det, er Frp ein «værhane» — partiet snur seg etter samfunnets «moter». Dette har dermed ført til at dei — økonomisk sett — ikkje kan kallast eit borgarleg, nyliberalistisk parti. Dei har på ein måte «tatt over» Sv sin stad — populistisk overbodspolitikk. I innlegget Ole Brumm har skiftet parti påpeiker samfunnsredaktør i Vårt Land, Erling Rimehaug dette:

Før var det SV som ble kalt politikkens Ole Brumm. Nå er det Fremskrittspartiet som har fått den rollen. […]For mens Siv Jensen har penger til alt, både til skattelette, barnehager, eldreomsorg og billigere biler og brennevin, så har Øystein Djupedal fått på seg finansministerdressen allerede. Han lover riktignok mye penger til offentlig velferd. Men han lover ikke penger til noe annet — og sier fra om at han vil ta fra folk kontantstøtten og øke skattene.

Frp har blitt «det nye SV», berre med eit litt anna utgangspunkt. Så difor spør eg: dei som stemte på Frp, stemte dei på dagens Frp, eller stemte dei på 80-talets nyliberalistiske Frp?

— Kjetil Kringlebotten

This entry was posted in Samfunn.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s