Den totalitære velferdsstat?

I den kristne dagsavisa Dagen, Mandag 3. oktober 2005 (s. 12-13), stod det å lese at biskop Eivind Bergrav — på 1950-talet — «åtvara mot ein totalitær velferdsstat». Han kritiserte den utviklinga vi på den tida hadde i landet — og som no er kome mykje lengre — nemleg statleg overformynderi. Staten skal «støtte, ikkje styre», meinte Bergrav.

Dette minner meg om valkampen frå 2001, der AP hadde slagordet «viss velferd er viktigast». Og då må eg — som den verdikonservative liberalisten eg er — spørje dette: er velferd viktigast? Er det slik at velferden er så viktig at den kan gå ut over andre ting — mellom anna menneskeleg fridom? La oss gå litt lenger fram i tid — til årets valkamp. På veg til stemmelokalet, 12. september, såg eg ein stor plakat, ein reklameplakat for AP. Heilt nederst vart det ei relativt tjukk stripe, med den klassiske AP-rødfargen. Der stod det skrive eit slagord i kvitt. Eg hugsar ikkje slagordet, rett og slett fordi eg vart litt småsjokka av resten av plakaten. Det var rett og slett eit stort bilete av Jens Stoltenberg som såg framover, og den einaste assosiasjonen den plakaten gav meg, var George Orwells 1984, der det er store plakatar med «Storebror».

Og då kan vi kanskje spørje oss: prøver ikkje AP — og SV — å ha ei litt sånn «formynderrolle»? Eit godt — og aktuelt — døme er nedlegginga av Norske Skogs Union. Dette prøver dei raud-grøne å stogge. Men då må eg spørje: kvifor? Ja, det er greit at det er mange som misser jobben der — og eg meiner at Norske Skog kanskje burde selgje, viss dei får nokon til å kjøpe. Men poenget er: skal staten tvinge eit selskap å selgje, eller halde på ein stad som taper selskapet 200 mill. dagleg?

Og kva med Union sjølv? Er ikkje dette endå eit døme på at noregs gamle sosialistiske prosjekt — «hjørnesteinsbedrifta» — slår feil?

Så, kva skal vi seie til dette? Mi oppfordring er å stemme liberalt. Eg stemte sjølv Venstre, sjølv om eg er ueinige med partiet i synet på kjønnsnøytral ekteskapslov. Slik eg ser det, må vi halde fast, både på fellesskapet og på individets rettar og fridom. Difor — utan at eg prøver å framstille meg sjølv som ein Venstre-proselytt — vel eg å ta i bruk Venstres slagord: Fridom og Fellesskap!

— Kjetil Kringlebotten

This entry was posted in Samfunn.

4 comments on “Den totalitære velferdsstat?

  1. Anonymous says:

    Svært spennende tema. Et annet poeng som bygger opp om teorien om sosialistenes formyndervirksomhet er deres motstand mot privatskoler.

  2. Svært spennende tema. Et annet poeng som bygger opp om teorien om sosialistenes formyndervirksomhet er deres motstand mot privatskoler.

    Ja, det får meg til å tenke på Trond Giske. Han vil jo ha alle “ekstremskular” (les: kristne skular) vekk, på bakgrunn av at dei visstnok ikkje lærer det som står i læreplanen.

    I eit intervju fekk han spørsmål om han hadde noko grunnlag for å seie dette, noko bevis. Det hadde han ikkje, men rekna med at det var sånn. Ja, ja…

    mvh

  3. Anonymous says:

    Morsomme kommentarer du har, men litt vel banalt dette med 1984 og en plakat av Stoltenberg. Hva har ikke såkalt liberale FRP gjort i 20 annet enn Hagen opp og i mente, bare for å ta ett eksempel på mye verre personfokusering.

  4. Morsomme kommentarer du har, men litt vel banalt dette med 1984 og en plakat av Stoltenberg. Hva har ikke såkalt liberale FRP gjort i 20 annet enn Hagen opp og i mente, bare for å ta ett eksempel på mye verre personfokusering.

    No hadde eg ikkje stemt FrP heller om kongen hadde trua meg. Grunnen til at eg tok med det om plakaten, var for å setje fingeren på noko som eg ser på som eit problem — men på ein litt humotistisk måte.

    AP har akktid meint at velferd er viktigast, noko eg meiner er feil. Edmund Burke — “konservatismens far” — var ein stor motstandar av velferdsstaten (ikkje velferd i seg sjølv) som alltid skal “passe på” sine innbyggjarar. Han meinte at den undertrykte samfunnet og gjorde innbyggjarane føyelege, slik at dei kunne formast i statens bilete. Han sa at “staten blir alt i alle”.

    mvh

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s