God of the gaps (vanskelege spørsmål del 3)

I ein diskusjon om kristendommen var det ein debattant som påpeika at vi må huske på at «naturfenomen vi ikkje forstod døyten av før (torevær, årstider, flo & fjære, osv) fekk si forklaring gjennom guddommelege vesen og forestillingar om ein eller fleire gudar.»

Dette er ein litt interessant påstand — og den vitner om total ignoranse omkring kristendommen. Åsatrua, der ein fann slike forklaringar, var aktiv på 800-talet og framover ca. 200 år. Men kristendommen — som ein «tanke» eldre enn det — har sitt opphav i ein heilt anna — austleg/orientalsk — tradisjon.

På 3-400-talet sa Augustin: «For it often happens that even the non-Christian is so well informed about the earth, about the heavens, about the other elements of this world, about the motion and revolution or even the size and intervening spaces of the stars, about certain eclipses of the sun and of the moon, about the coming around of years and seasons, about the nature of animals, of vegetation, of stones, and of other such things, that his knowledge is based upon very sound reasoning and observation. And so it is vile, extremely harmful, and utterly to be avoided that some onlooker, seeing a Christian speak nonsense in these matters, as it were in the name of the Christian writings, to such a degree as to be totally in error, can hardly hold back his laughter. And it is not the worst thing that the mistaken person should be derided, but rather that our authors are believed by those who are outside the fold to have thought such things and are reproved and rejected as ignorant to the great ruin of those whose salvation we are seeking.»

Det interessante er at kristendommen — som er betrakteleg eldre enn åsatrua — ikkje forklara naturfenomen «gjennom guddommelege vesen og forestillingar om ein eller fleire gudar». Dei fylte altså ikkje Gud inn der det var «tomt».

Enkelte meiner at Paulus trudde dette, då han i Rom 1:19f skreiv at «det ein kan vita om Gud, ligg ope for dei; Gud har sjølv openberra det. For hans usynlege vesen, både hans evige kraft og hans guddom, har menneska kunna sjå og skjøna av gjerningane hans alt frå verda vart skapt. Difor har dei ikkje noko å orsaka seg med.»

Men dette har aldri blitt tolka slik i kristendommen — ikkje mellom dei første kristne eingong. Det Paulus meiner her, og som er konsistent med vår moderne forskning (utan å vere knytt til den), er at Gud har skapt naturlovene. Tanken om at naturen anten er styrt av, eller bebudd av ein eller fleire guddommar er ukjent for den jøde-kristne (og islamske) trua, den er yngre, og faktisk svært vanleg i vår nyreligiøse tid.

Så å bruke dette argumentet mot kristne, viser at ein ikkje har sett seg inn i kva tradisjon kristendommen faktisk representerer. No er det enkelte kreasjonistar som står får ein slik «God of the gaps»-tradisjon, men det er — ironisk nok — fordi dei har flytta seg frå ein jøde-kristen tenkemåte, og over på ein vestleg «gresk», der Gud ikkje blir integrert i livet, men berre brukt til to ting: 1) for å fylle ut nokre hol i vår forståing, og 2) for å ha eit «åndeleg liv». Slik blir den moderne, evangeliske kristendommen til ein moderne gnostisisme. Men det var litt off topic.

Poenget mitt er at ein bør setje seg inn i kva kristendommen faktisk meiner før ein går til «frontalangrep» på desse menneska som «kneblar sanninga». Då avsluttar eg med å sitere Bjørn Are Davidsen, frå ein diskusjon om gudstru:

Tror man at den (verden) er en illusjon, er besjelet, eller at torden skapes av Tor, påvirker det hvordan jeg utforsker og tolker naturen – og om jeg i det hele tatt finner noe slik bryet verdt. Det er ikke uten grunn at moderne naturvitenskap ikke oppsto innen åsatruen. Hvis en dyrker av norrøne guder skulle spå været, ville det være viktigere med psykoanalyse av Tor enn å studere lufttrykk.

Det er heller ikke merkelig at moderne naturvitenskap ikke har hatt gode livsvilkår i kulturer som synes å se på den materielle verden som noe negativt, som et evig kretsløp, eller som en del av Gud. Troen på naturlover henger historisk sammen med troen på en lovgiver bak naturen – slik det bl.a. fremgår av 1. Mosebok 1.

— Kjetil Kringlebotten

2 comments on “God of the gaps (vanskelege spørsmål del 3)

  1. Et viktig tema. Folks oppfatninger om et påstått fiendeforhold mellom vitenskap og kristendom, både historisk og teoretisk, er gjerne feilaktige. Som mitt forbilde John Patrick sa om framveksten av vitenskap (for hvilken kristendommen var en forutsetning): “Christianity may not have been the perfect patron of science. But it was the only“.

    Som du antyder, en tro på at naturlovene var konstante fra sted til sted og tid til tid, var en forutsetning for framveksten av vitenskap. Og kristendommen var den første metafysikk som hadde dette som logisk konsekvens.

  2. Et viktig tema. Folks oppfatninger om et påstått fiendeforhold mellom vitenskap og kristendom, både historisk og teoretisk, er gjerne feilaktige.

    Ja, og dette er eit stort problem, spesielt på diskusjonsforum. Under ein diskusjon på forumet GospelTalk, var det ein av debattantane (p thomas) som, i ein diskusjon om gudstru og vitskap, spurte «Gospetalk er da ikke noe vitenskapelig diskusjonsforum eller har jeg misforstaatt totalt?»

    Dette sa han fordi nokre kristne debattantar, mellom anna «Jesuitten» og Bjørn Are Davidsen, siterte anerkjente forskarar, mellom anna Rodney Stark, Toby E. Huff, John Hedley Brooke, Denis Alexander, Stephen Jay Goul og Trond Berg Eriksen.

    Som mitt forbilde John Patrick sa om framveksten av vitenskap (for hvilken kristendommen var en forutsetning): “Christianity may not have been the perfect patron of science. But it was the only”.

    Som du antyder, en tro på at naturlovene var konstante fra sted til sted og tid til tid, var en forutsetning for framveksten av vitenskap. Og kristendommen var den første metafysikk som hadde dette som logisk konsekvens.

    Ja, nettopp. Men det er eit stort problem at dette blir nakta for, både av kristne — som forkastar all vitskap (kanskje utanom kreasjonismen) — og ikkje-kistne, som meiner at kristne alltid har vore motstandarar av vitskapen.

    mvh

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s