Den nye regjeringa

No er eg — kanskje litt seint ute — her med nokre kommentarar til den nye regjeringa. Som dei fleste har påpeikt, så er denne regjeringa ganske «traust» eller «velprøvd», som ein sa det i eit program på tv2.

Sjølv er eg glad for at dei ikkje gjorde altfor store endingar, for i politikken er forutsigbarhet ein god ting. Eg er sjølvsagt ikkje motstandar av «nyskaping», også i politikken, men altfor store omskiftningar er ikkje bra — det er altså snakk om å «styre» eit land. Dette poengterte Karita Bekkemellem godt i Nytt på Nytt på NRK, fredag 14. oktober, då ho sa at eit av måla til AP var å fjerne kontantstøtta på 15-20 år.

Men eg må nok også komme med litt kritikk. Det er nokre personar i regjeringa eg skulle ynskje ikkje var der — eller var andre stader. Eit døme er Trond Giske. Han har vist seg å vere svært fundamentalistisk og overstyrande i forhold til religiøse samfunn, spesielt DnK. Og då blir han kultur -og kyrkjeminister?

Og kva med Øystein Djupedal? Eg er klar over at ein ministerpost handlar om politikk, og at Djupedal har lang fartstid i politikken. Men likevel meiner eg det blir feil å la ein person som berre har vidaregåande som høgst avslutta utdanning vere kunnskapsminister (tidl. utdannings- og forskningsminister).

Utdannings- og forskningsdepartementet har bytta namn til Kunnskapsdepartementet, og ein har også tatt inn barnehagepolitikken frå Barne- og familiedepartementet. Så skal altså denne mannen — som berre har vidaregåande (men også lang politisk efaring) — ha ansvar for alt frå barnehageborna til fulltids forskarar?

Eg er litt bekymra, men rekner vel eigentleg med at det går greit.

— Kjetil Kringlebotten

This entry was posted in Samfunn.

3 comments on “Den nye regjeringa

  1. athanasius says:

    Jeg synes det er mest morsomt at det er Kristin Halvorsen som presiderer (eller hva det heter på norsk) ved såkalt kirkestatsråd, siden Stoltenberg er utmeldt av statskirken.

  2. Ja, det er jo litt vittig.😉

    Men eg lurer på kvifor dei ikkje bruker ein som har litt meir innsikt i kyrkja enn det Giske har. Greit nok, han har vore kyrkje -og kulturminister før, men det er jo ikkje noko garanti for at han veit kva han gjer.

    Han har jo tidlegare i år vist seg å vere det eg liker å kalle ein sekulærfundamentalist, særleg overfor skular han meiner — men ikkje veit om — ikkje lærer bort evolusjonslæra.

    Danielsen Vidaregåande skule i Bergen er jo på “svartelista”, men dei lærer bort det som står i læreplanen.

    mvh

  3. athanasius says:

    Jeg tror Giske er et godt valg som kulturminister, men ikke som kirkeminister. Men det er jo slike ting statskirkesystemet fører med seg.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s