«Forbod» mot Bibelen

Vårt Land melder at universitetet i Edinburgh er i ferd med å leggje forbod mot bibelutdeling på studenthyblane. Det er altså snakk om at selskapet Gideon — som legg ut biblar på hotell, sjukehus, fengsel, etc. — ikkje skal få leggje Biblar på hyblane. Dette reagrerer tidl. studentprest John Munro på, og meiner at det er snakk om intoleranse:

– Det er nokon som har ein agenda her. Tilsynelatande er det politisk korrekt, men den eigentlege grunnen er ein fiendskap overfor religion blant dei som ikkje har noko tru. Dei ikkje-truande gjentar no dei styggaste feila som den kristne kyrkja gjorde i tidlegare tider…

John Lowry, prest i ein av Edinburghs kyrkjelydar seier at han er skuffa over dette, samstundes som han har forståing for forbodet.

Eg set meg litt spørrande til dette. Hadde det ikkje vore like greit — om ikkje betre — om dei studentane som ville det, kunne tatt kontakt med universitetet, og fått ein Bibel? Sjølv om folk synst dette er skuffande, så må eit universitet få lov til å ta hensyn til dei som føler seg støtt av dette, sjølv om enkelte av dei sikkert «føler seg støtt» for å vere «poitisk korrekt».

Men som sagt, Guds rike skal breie seg innanifrå, gjennom fridom, ikkje gjennom ytre tvang. «Guds rike kjem ikkje på den måten at ein kan sjå det med augo», påpeiker Kristus. «De skal heller ikkje seia: Sjå her eller der er det. For sjå, Guds rike er inni dykk.» (Luk 17:20f, Norsk Bibels omsetjing)

— Kjetil Kringlebotten

This entry was posted in Samfunn.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s