«Four legs good, two legs bad…»

Eg har lenge tenkt på å skrive ein lengre tekst om sosialismen, og vart inspirert til å gjere det etter igjen å ha lest George Orwells 1984 og Animal Farm (norsk: Kamerat Napoleon).

Eg skal her konsentrere meg om Animal Farm. Det er ein klassisk fabel om veksten til eit diktatur. Den tar utgangspunkt i ein gård — Manor farm — der dyra blir mishandla og undertrykka av bonden, ein fyllik. Difor blir det til at dyra gjer opprør, og kaster ut bonden. Dei lager seg eit eige samfunn, med eit motto; «four legs good, two legs bad». Etter kvart tar gårdens grisar, med Napoleon i spissen, over styringa, og blir verre tyrrannar enn det bonden var.

Eg har monge gonger opplevd å få enkelte sosialistar — spesielt folk som Kristin Halvorsen — i vrangstrupen. Dei prater ofte om «toleranse», men veit dei eigentleg kva toleranse er? Toleranse meiner eg best vart sagt under den franske revolusjonen: «Eg er totalt ueinig med deg, men eg skal slåss til døden for at du skal ha retten til å meine det» (fritt sitert). Dét er toleranse.

Men kan vi — ut frå denne definisjonen — seie at parti som SV og RV har vore spesielt tolerante? Nei, Halvorsen har jo sagt at ho har hatt bilete av Høybråthen, slik at ho skulle «manne seg opp» til å klare å diskutere med han. Vidare har vi jo RV, som er kjent for å henge ut folk, i det siste har det spesielt gått ut mot Høgre-folk, m.a. Erna Solberg. No har jo ikkje Høgre — spesielt Unge Høgre vore noko betre, men det kan vi ta ein anna gong.

Slik det kan sjå ut som at det sosialistiske verdsbiletet stort sett er slik: venstresida er god, høgresida er dårleg. Dette tilspissar seg spesielt når vi taler om krig. RV og SV er — forståeleg nok — motstandarar av Irakkrigen. Det er eg også, men på ein heilt anna måte. Eg meiner at vi kan opptre med uttrykket «rettferdig krig», ikkje fordi krig er rettferdig — det er det ikkje — men fordi å ikkje forsvare sitt land mot angrep, slik vi m.a. gjorde under andre verdskrigen. RV og SV, derimot, ser det heller slik at krig skal utelukkast uansett. I alle fall er det slik dei vil framstå. Men det interessante er at eg aldri i mine levadagar har høyrt dei tale nedlatande om krigane gjort i sosialismen namn, med folk som Stalin, Mao, Pol Pot, etc. Sosialismen har ein farleg tendens til å definere folk som anten «oss» eller «dei».

Eller som Orwell spissformulerte det i Animal Farm: «Four legs good, two legs bad», og «All animal are equal, but som animals are more equal than others».

— Kjetil Kringlebotten

This entry was posted in Samfunn.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s