«Bots- og bededag» (24. søndag etter pinse)

Teksten for 24. søndag etter pinse er Luk 18:1-8:

Han fortalde dei ei likning om at dei støtt skulle be og ikkje gje opp: I ein by var det ein domar som ikkje ottast Gud og ikkje hadde age for noko menneske. I same byen var det ei enkje; ho kom gong på gong til han og sa: «Hjelp meg mot motparten min, så eg kan få min rett.» Lenge ville han ikkje, men til slutt sa han med seg: «Endå eg ikkje ottast Gud og ikkje har age for noko menneske, vil eg likevel hjelpa denne enkja til retten hennar, så som ho plagar meg, elles endar det vel med at ho legg til meg midt i synet.»

Og Herren sa: «Høyr kva denne uærlege domaren seier! Skulle så ikkje Gud hjelpa sine utvalde til retten deira, dei som ropar til han dag og natt? Er han sein til å hjelpa dei? Eg seier dykk : Han skal syta for at dei får sin rett, og det snart. Men når Menneskesonen kjem, skal han då finna trua på jorda?»

Eg må inntømme at når eg såg kva likning eg skulle skrive om, så ville eg nesten droppe det. Dette er — og blir — ein av dei likningane eg faktisk misliker mest. Kanskje mest fordi eg ofte misforstår den. Eller fordi andre som spør meg om den misforstår den også.

Er det slik at vi menneske må mase på Gud? Nei, og dette er litt av den misforståinga. Gud er ikkje dommaren «som ikkje ottast Gud og ikkje hadde age for noko menneske». Nei, han er faktisk det motsette. Der dommaren seier nei, seier Gud ja. Då dommaren til slutt sa ja, var det for å få fred. Då Gud seier ja, er det på grunn av kjærleik og omsorg.

Når vi kjem til Gud med våre bøner, så høyrer Han oss. Det er ikkje sikkert at vi får svar med ein gong, eller at vi får det svaret vi ynskjer.

Eit anna poeng i likninga, er at vi skal be heile tida. Vi skal halde oss nær til Gud. Betyr det at vi skal sitje for oss sjølv? Nei, dette er ein protestantisk tradisjon som dessverre er vanleg her i landet. Her har vi ein tendens til å havne i ein einsidig «lønkammerreligiøsitet» sentrert rundt bøn og bibellesing. Ola Tjørhom skriv litt om dette:

Kristen tro består ikke i å slutte seg til et sett med meninger. Kristen tro er først og fremst liv… (…)

Som ganske mange kristne her til lands vokste også jeg opp med en forestilling om at det avgjørende er å ha Jesus i hjertet. Denne forestillingen ble ofte kombinert med en såkalt lønnkammerreligiøsitet, hvor personlig bibellesning og bønn utgjorde de sentrale bærebjelkene. Jeg vil i og for seg ikke bestride denne tankegangen — selvsagt er det viktig å ha Jesus i hjertet. Samtidig må jeg innrømme at den fungerte stadig dårligere for meg i praksis. Ikke nødvendigvis fordi det var noe galt med den. Men fordi den etter hvert ikke lot seg intgrere i det livet jeg faktisk levde. Og en fromhet som knapt kan leves ut, må sies å ha begrenset verdi.

Tjørhom, Ola, Smak av himmel, lukt av jord. Materialistisk spiritualitet, s. 7.9

Bøn og bibellesing har i vårt land blitt redusert til å lese etter ein eller annan bibelleseplan (ikkje nødvendigvis noko dumt i det), og at vi ber nokre spontane bønner og kanskje Fadervår. I mange andre kyrkjesamfunn — som har halde fast på den kristne bønetradisjonen — finn ein dette, men også mykje meir. I Den ortodokse kyrkja, mellom anna, er det lange tradisjonar for å be tradisjonelle bøner, ofte frå Salmane. Det er også lagt vekt på at bøn ikkje nødvendigvis treng å vere det vi forbind med ordet. Den heilage Isak Syraren seier:

Det var vanlig blant de hellige fedrene å kalle alle gode gjerninger og all åndelig virksomhet for bønn. Ikke bare de, men alle som er blitt opplyst med den sanne kunnskap pleier å anse gode gjerninger som ett med bønnen, og enda det er ganske klart at bønn er en ting og våre gjerninger noe annet. Stundom kaller de også ‘den åndelige bønnen’ for ‘veien’ og andre kaller den ‘erkjennelsen’. Atter andre kaller den ‘åndelig visjon’.

Stavropoulos, Christoforos, Deltakere i guddommelig natur. Den ortodokse kirkes lære om frelsen, s. 59

Heile livet skal vere ei bøn til Gud. Oppfordrar ikkje Paulus (i 1Tess 5:17) oss til å «be uavlatande»? Og kva med tidl. pave Johannes Paul II? I aftanandakten i Trømsø, 2. juni 1989 sa han:

…Kjære brødre og søstre. Hva betyr det å be? Det betyr å løfte våre tanker og hjerter til Gud med lovprisning og takk, og å leve i overensstemmelse med sannheten om Gud, om oss selv og om verden. Det betyr å tilbe Gud, ikke bare i ord, men også i gjerninger, slik Fadervår lærer oss.

Bønnebok for den katolske kirke, s. 7

Paulus oppfordring om å «be uavlatande» kan sjølvsagt misforståast. Det betyr ikkje at vi skal sitje inne i «lønkammeret» og be utan stopp. Dette blir ofte misforstått, då pietismen har blitt særst dominerande i Noreg — med det fokus på «lønkammerreligiøsitet» ein finn der.

Nei, heile livet er ei bøn. Alt vi gjer, skal vi gjere i bøn til Gud, i relasjon til Gud. Gjennom dette vil vi — ved Heilagandens hjelp — vekse i heilaggjering og kjennskap til Gud. Då avsluttar eg med å sitere Paulus, 2Kor 3:17f:

Herren er Anden, og der Herrens Ande er, der er fridom. Men vi som med usveipt åsyn ser Herrens herlegdom som i ein spegel, vi vert alle omlaga til det same biletet, frå herlegdom til herlegdom. Dette skjer ved Herrens Ande.

— Kjetil Kringlebotten

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s