Ytringsfridom: Reportarar utan grenser

Dette blir litt saman med gårsdagens post om Åke Green.

Eg vil anbefale folk til å lese boka Handbook for bloggers and cyber-dissidents, utgjeve av Reporters sans frontières — reportarar utan grenser. Boka — og organisasjonen — er inspirert av Medecins sans frontières, og arbeider for den frie presse i land der dette er eit framandord.

Vårt Land melder at boka er laga «for å hjelpe bloggere omgå sensur og hvordan de best kan sørge for at de blir lest. Utgivelsen er støttet av franske myndigheter og er mest som en hjelp til folk i land der internett-undertrykkelsen er utbredt.»

Mange bloggarar, spesielt i Kina, Vietnam og Cuba er fengsla på grunn av det dei har skrive i bloggane sine. Det er desse boka er skrive for, som ei hjelp. Julien Pain skriv om dette i ennleiinga til boka:

With a bit of common-sense, perseverance and especially by picking the right tools, any blogger should be able to overcome censorship.

Eg synst dette er bra, vi må kjempe for fridomen til å seie, skrive og meine det ein vil. Men spørsmålet melder seg; skal det vere ei grense for ytringsfridomen, og kvar skal den grensa i tilfelle gå?

Dei fleste meiner at grensa skal gå dersom ytringane fører til vald og drap, men dette er ofte ikkje eintydig. Dersom ein person seier at han ikkje liker franskmenn, og ein annan person deretter drep ein franskmann, skal då den første personen dømmast? Dersom den andre personen også seier at den første påverka han, kva då?

Dette er ikkje eit enkelt spørsmål, og vil nok aldri bli enkelt. Men det er ein ting som er litt rart. Mange eg har diksutert med på nettet, og mange bloggarar meiner at «slike folk» (som mellom anna Åke Green) skal dømmast, medan dei sjølv ikkje har noko problem med å kalle muslimar for terroristar generelt, kristne for kannibalar og Gud(!) for homofil. Kvifor skal dei skjermast, medan andre ikkje skal det?

Poenget er vel, la ytringsfridomen gjelde, slik at folk kan seie det dei vil. Då vil gode meiningar få botre seg, og «trolla» kjem ut — og sprikk.

— Kjetil Kringlebotten

This entry was posted in Ymse.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s