Likestilling og fengselsstraff

For ei tid tilbake var det ei sak i Dagbladet om lærarinna Debra Lafave som hadde flørta med, og forført ein 14 år gammal elev. Det var liten tvil om at ho på ein eller annan måte skulle straffast, men ho ville ikkje i fengsel. Hovudargumentet frå forsvararen hennar, advokat John Fitzgibbons, under rettsforhandlingane var at ho var «for fin for fengsel»:

– Å plassere Debbie i eit kvinnefengsel i Florida — ei så attraktiv ung kvinne i eit slikt helveteshol — det er som å kaste ein rå kjøttbit inn til løvene, sa han.

I går, 22. november 2005, sa kvinna seg skuldig, og må altså ikkje i fengsel, men må sone tre års husarrest og sju års prøvetid. Dette synst 28,9% av Dagbladets lesarar var heilt greit. Men her kjem spørsmålet: ville det vore 28.9% ja dersom det var snakk om ein mann? Er kvinner «mindre kriminelle» enn menn?

Kvifor har det seg slik at dersom ein mann har sex med ein 14-åring, så blir han sett på som eit monster, men ei kvinne blir behandla nærast som eit offer? Burde ikkje Bekkemellem bruke litt tid på dette, ho som er så opptatt av likestilling? Eller er det feminisme ho heldt på med?

— Kjetil Kringlebotten

This entry was posted in Samfunn.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s