«Visdomens gjerningar» (3. søndag i advent)

Teksten for 3. søndag i advent er Matt 11,11-19:

Sanneleg, eg seier dykk: Mellom dei som er fødde av kvinner, har det aldri stått fram nokon større enn døyparen Johannes. Men den minste i himmelriket er større enn han. Frå Johannes døyparens dagar og til no trengjer himmelriket seg fram, og dei som trengjer på, riv det til seg. For heilt til Johannes kom, har alle profetane og lova tala om det som skulle henda. Og om de vil ta imot det: Han er den Elia som skulle koma. Den som har øyre, høyr!Men kva skal eg likna denne ætta med? Ho er lik born som sit på torget og ropar til kvarandre:

‘Vi spela på fløyte for dykk,
men de ville ikkje dansa.
Vi song klagesongar,
men de ville ikkje sørgja.’

For Johannes kom; han verken åt eller drakk, og folk seier: ‘Han har ei vond ånd i seg.’ Menneskesonen kom; han et og drikk, og dei seier: ‘Sjå, for ein storetar og vindrikkar, ven med tollarar og syndarar!’ – Men Visdomen har fått rett, det stadfester gjerningane hans.

Av og til lurer eg på kva folk eigentleg vil når dei spør meg spørsmål om kristendommen. Eg har av og til ei kjensle av at dei har sett oss i ein bås; dei som er «fundamentalistar», som les alt i Bibelen bokstavleg, og oss andre som ikkje gjer det, og som difor berre «omskriv» dei vi «ikkje liker».

Dersom eg skriv at vi ikkje treng å tolke alt i Bibelen bokstavleg — mellom anna i dikusjonane rundt skaping og evolusjon — så «prver eg berre å snakke meg vekk», for å parafrasere ein kommentar eg fekk etter ein diskusjon med ein kamerat i militæret. Dersom eg tolker noko bokstavleg, så er eg «fundamentalist».

Omtrent slik var det også med Johannes og Jesus. Johannes var «fundamentalisten», han hadde visstnok «ei vond ånd i seg» fordi han «verken åt eller drakk». For Jesus derimot, var det over på den andre sida. Han vart sagt å vere «ein storetar og vindrikkar, ven med tollarar og syndarar».

Men kva svarer Kristus på dette? Han seier «Men Visdomen har fått rett, det stadfester gjerningane hans.»

Dette tolker eg på to måtar, først og fremst den «bokstavlege» — at Kristi, Visdomens, gjerningar viser oss at Han er den Han er, og at Han er eit med Faderen (jmf. Joh 10.30.38). Deretter den meir «mystiske», at Kristus er Ordet, Visdomen, som innbyr til eit måltid med tilhøyrande mat og vin, Ord 9:1-6:

Visdomsmøya
har bygt seg hus
og hogge til sine sju søyler.
Ho har slakta fe,
blanda vin og duka bordet.
Ho har sendt ut sine jenter
og ropar oppe frå byens høgder:
«Hit kan den urøynde venda seg.»
Og til den tankelause seier ho:
«Kom og et av min mat
og drikk av den vin eg har blanda.
Lat tankeløysa fara, så skal de leva,
gå fram på den vegen vitet viser!»

Dette viser oss kva det er vi venter på no i adventstida; nemleg at Gud skal bli (vart) menneske, ikkje utelukkande for å dø, men for å leve som menneske, og dermed på ein intim måte knytte sine barn til seg. Kristus er sann Gud og sant menneske, og gjennom den eininga får vi «del i guddomleg natur» (2Pet 1:4).

Kva betyr det? Jo, det betyr at vi skal få del i det liv som personane i treeininga har. Vi er kalla til å leve i einig, slik guddommen er éin: «Eg er ikkje lenger i verda,» seier Kristus, «men dei er i verda, og eg går til deg. Heilage Far, hald dei fast i ditt namn, det namnet du har gjeve meg, så dei kan vera eitt slik som vi er eitt.»

Dersom vi skal vere eitt liksom ein person er «ein» vil det bety at vår individualitet skal utslettast, utslokkast, slik det er snakk om i buddhistisk frelsesteologi. Då blir himmelen eit nirvana, «utslokninga», sæletilstanden «når sjelevandringa er avslutta og individet har smelta saman med guddomen».

Men dette er ukjent for Bibel og kristendom. Æva er eit samvær mellom elskande og vener. Det bilete som i Bibelen blir brukt om Guds rik er ein himmelsk fest, der ein et og drik for Guds åsyn. Det er ein stad vi kan slappe av, og ta del i frukta av Visdomens gjerningar.

— Kjetil Kringlebotten

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s