Wicca, kristendom og postmodernisme

Ei stund tilbake fekk eg eit spørsmål frå ein person som var involvert i Wicca-religionen. Personen var ei «heks». Spørsmålet var som fylgjer (sitert etter hukommelsen):

Eg er ei heks som lurer på kvifor kristne ser på heidenske religionar som demoniske og vonde? Wicca er ein heidensk religion, og ein av hovudprinsippa er at ein skal vere god mot alt og alle. Kva er galt med det?

Poenget, som det ikkje ser ut til at «heksa» har forstått er ikkje at heidenske religionar, eller desse «heksene» er vonde eller grusomme. Eg trur ikkje at folk som er involvert i Wicca-religonen driv med menneskeofring eller noko slikt. Poenget er at vi kristne — enkelte av oss i alle fall — trur at kristendommen er religionen som vart stifta av Kristus, og at Han er «vegen, sanninga og livet» (Joh 14:6), og at Hans kyrkje er «sannings støtte og grunnvoll» (1Tim 3:15). I det perspektivet har det ikkje så mykje å seie om vi er «snille og greie». Ja, eg er klar over at det eg trur på ikkje nødvendigvis er sanninga. Eg kan ta feil, men likevel tar eg stor avstand frå den postmodernismen som vert uttrykt i spørsmålet frå «heksa».

–Kjetil Kringlebotten

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s