Er moralen i Harry Potter-bøkene elitistisk og okkult?

Enkelte har komme med påstanden om at Harry Potter-bøkene er elitistiske og okkulte. Elitisme betyr altså «favorisering av eliten» eller «elitetenkning». Ein tysk kritikar påstår mellom anna at bøkene er «gjennomsyra av rasisme». Men dette er ein heilt malplassert kritikk. Ja, det finst rasisme i bøkene, men den ser vi hjå nokre av bokas «bad guys», mellom anna Lucius og Draco Malfoy, som ikkje vil ha folk på Hogwarts som ikkje er «ekte» trollmenn. Voldemort kan samanliknast med Hitler. Hans mål er at skulen skal «reinsast» for dei «uekte» trollmenna og heksene. Hans etterfylgjarar er kalla dødsetarar (Death Eaters).

Rowling prøver å få det gode til å bli meir attraktivt enn det vonde, og det klarar ho med glans. «Skurkane» er elitistiske, og prøver å ta over andre ved brukt av makt. Dei er egoistiske, hovmodige og stolte. Men Rownling prøver i bøkene å setje fokus på det å vere audmjuke, tilbakehaldne, ærlege og edle, eller sagt på ein annan måte: dei lar Jesu sinnelag prege si ferd (Fil 2:5, etter Erik Gunnes omsetjing av NT). Vi ser det også i Ringenes Herre, der det gode ikkje nødvendigvis alltid er enkelt, men det er det rette. Dei vonde er elitistiske, og prøver å ta over andre ved brukt av makt. Eller for å seie det slik:

Én Ring skal samle dem, én Ring finne dem,
én Ring betvinge dem og i mørket binde dem…

Dumbledore sa at vi må velgje mellom «det som er lett og det som er rett». Viss dette er elitistisk, okkult og eit uttrykk for vondskap, så lurer eg på kva vi skal kalle den verkelege vondskapen.

Det har også blitt påstått at bøkene forkynner ei samanblanding av godt og vondt. Men dei som påstår dette, kan umogeleg ha lest bøkene. Eit «godt» døme på dette finn vi i lesarinnlegget Antikrist-Jugend av Per Ola Hovd. Hovd skriv her at for…

…et års tid siden, fattet jeg interesse for bøkene om Ringenes Herre og Harry Potter. Hva kunne årsaken være til at så mange, spesielt unge gutter, ble oppslukt av disse bøker og filmer? Etter litt søk på internett skjønte jeg hvorfor. Der ble jeg helt overbevist om at dette var okkult og magisk stoff. Etter hvert har jeg oppdaget et avslørende fellestrekk hos Harry Potter, Ringenes Herre, Pokemon-kortene, enkelte rockegrupper, hekseri, norrøn mytologi og tilsvarende hedenskap.

Hovd kunne altså vite essensen av Harry Potter-bøkene og Ringenes Herre etter «litt søk på internett». Dersom vi gjer det same med Jesus, så får vi treff på alt frå kriste sider til nyreligiøse og gnostiske. Kan eg då påstå at Jesus er ein esoterisk gnostikar etter «litt søk på internett»?

Vidare kan vi ta opp det som han påstår er eit «avslørende fellestrekk», nemleg «tordenkilen». Hovd skriv:

Det er TORDENKILEN, også kalt DEN SATANISKE S som ofte skrives Z. Tordenkilen var et kasteskyts som tordenguden slynget mot sine fiender. Hos Harry Potter er denne preget inn i hans panne. Han har fått satans stempel, som et motstykke til det kristne korset.

Her misforstår Hovd kva det er snakk om. I bøkene er tordenkilen Voldemorts merke, eit merke Harry fekk etter Voldemorts mordforsøk då Lilly Potter gjekk framføre son sin, og ofra seg sjølv. Bjørn Are Davidsen skriv ein kommentar til Hovd i avisa Norge I Dag, der han påpeiker dette:

Det er nok tvilsomt at dette er noe særlig sentralt element i norrøn mytologi eller okkultisme, men det er riktig at Harry Potter har fått et lyn preget i pannen. Det er kanskje til og med et poeng i at dette er “satans stempel, som et motstykke til det kristne korset”.Men at dette er en skade Harry har fått fra den onde, og altså noe som han stadig lider under, er nettopp et HOVEDPOENG i bøkene om Potter. Og hvis man leser slutten av den første boka, ser man at Harry får vite at han er reddet fra den onde av sin mors selvoppofrende kjærlighet fordi hun stilte seg i mellom Harry og den ondes ødeleggende kraft. Dette elementet i Harry Potter er dermed et klart bilde på livskraften i evangeliet, og verdien av at Jesus ga sitt liv for oss.

Ein kan også påpeike at dette merke kan vere noko liknande det Paulus snakka om då han sa at ha hadde «torn i kjøtet» (2Kor 12:7), så han ikkje blir hovmodig.

Rowling forkynner ikkje noko samanblanding av godt og vondt. Eit døme er bruken av dragar. I mykje barnelitteratur er dragar ofte «misforståtte, men likevel elskverdige» karakterar, men i bøkene er dei alltid farlege og upålitelege. Det same kan vi seie om slangar. I Potter-bøkene er dei alltid vonde, og Voldemort har ein stor slange som «kjæledyr». Voldemorts tilhengarar, «dødsetarane» har også eit symbol, eit hovudskalle med ein slange som kjem ut av munnen.

John Granger påpeiker også det motsette, at det som i bøkene hjelper Harry alle er klassiske bilete brukt om Kristus: dei vises stein, som eg tar for meg seinare, einhjørningen, som er god og uskuldig og Føniksen, som er eit klassisk bilete på oppstoda. Her vil eg kort nemne ein tanke eg har gjort meg om einhjørningen. I den første boka må Harry, Draco og Neville ut i skogen og sjå etter ein skada einhjørning, som dei seinare finn død med ein som drikk blodet hans. Her er eit lite utdrag frå boka (s. 237), ein samtale mellom kentauren Florens og Harry:

«Harry Potter, vet du hva enhjørningblod er godt for?»«Nei,» sa Harry, overrasket overrasket over det uventete spørsmålet. «I eliksirtimene har vi bare brukt hornet og halehårene.»

«Det er fordi det er en avskyelig gjerning å drepe en enhjørning,» sa Florens. «Bare den som intet har å tape, men alt å vinne, ville begå en slik forbrytelse. Blodet fra en enhjørning vil holde deg i live, var du så en hårsbredd fra døden, men prisen er grufull. For å redde deg selv, har du drept noe rent og forsvarsløst, og derfor blir det du får, bare et halvliv, et forbannet liv, fra det øyeblikket blodet berører leppene dine.»

Harry stirret på bakhodet til Florens, som måneskinnet strødde sølvpletter over.

«Men hvem kunne vere desperat?» sa han undrende. «Hvis en blir evig forbannet, må det da være bedre å dø, må det ikke?»

Dette ser vi igjen i Pauli skrifter der han skriv om Guds visdom som fører til frelse, 1Kor 2:8:

Denne visdomen har ingen av herrane i verda kjent til. Hadde dei kjent han, hadde dei ikkje krossfest herlegdomens Herre.

Vidare, i kap. 11 skriv han om nattverden (der vi et Kristi lekam og drikk Hans blod). Han påpeiker kva uerkjent synd kan fører til, v. 27-29:

Den som et brødet og drikk Herrens kalk på urett vis, syndar mot Herrens lekam og blod. Kvar og ein må prøva seg sjølv, og så skal han eta av brødet og drikka av kalken. For den som et og drikk utan å tenkja på at det er Herrens lekam, han et og drikk seg sjølv til doms.

Dette blir også vist til i bok nr. fire, Harry Potter and the Goblet of Fire, der Voldemort — på same måte som mange moderne sataniske grupper — perverterer kristne symbol då han prøver å gjenvinne si kraft. Han bruker mellom anna Harrys blod. John Granger påpeiker at namnet «Death Eaters» viser kva dette eigenleg er. Som kristne skal vi ete av Kristus, vi er «Life Eaters», medan skurkane i Potter-bøkene, mellom anna Lucius Malfoy, «livnærer» seg på døden, slik at dei på den måten «et og drikk seg sjølv til doms».

Det er ikkje snakk om noko balansegang mellom vondt og godt i Potter-bøkene. Her blir desse to klart fråskild, sjølv om vi finn begge deler hjå dei fleste. Som kristne — og som menneske — er vi både rettferdige og syndarar.

— Kjetil Kringlebotten

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s