«Han skal veksa — vi skal avta» (4. søndag i advent)

Teksten for 4. søndag i advent er Joh 3:26-30:

Læresveinane kom til Johannes og sa til han: «Rabbi, den mannen som var saman med deg på hi sida av Jordan, han som du vitna om, no døyper han, og alle går til han.» Johannes svara: «Eit menneske kan ikkje få noko utan at det vert gjeve han frå himmelen. De er sjølve mine vitne på at eg sa: Eg er ikkje Messias; men eg er send føre han. Den som har brura, han er brudgom. Men venen hans, som står og høyrer på, gleder seg når han høyrer målet til brudgomen. Slik glede har eg no fått, og det i fullt mål. Han skal veksa, eg skal minka.

Eg høyrde eingong at dersom eg ville vite kva skikkeleg kristendom var — ikkje berre det om truas innhald, dogmene, men også om truas liv, mystikken — så måtte eg sjå på ørkenfedrane.

Dette var folk som levde i ørkenen, som «arbeide på si frelse med otte og age», slik Paulus formanar om i Fil 2:12. Kvifor gjorde dei dette? Gjorde dei det for å «frelse seg» gjennom gjerningar, nei, dei gjorde det for å avta, slik at Kristus kunne veksa i dei.

I boka 21 kirkefedre skriv Peter Halldorf om Athanasius’ som skreiv ein biografi over ørkenfaderen Antonius — midt oppi den arianske strida:

«Kampen mot Arius’ kristologi og skildringen av Antonius’ vei, bort fra verden og ut i ørkenen,» skriv Halldorf, «motiveres av en sterk overbevisning om at mennesket ikke klarer å være sin egen frelser. Bare den som ikke har møtt sine egne grenser kan falle for illusjonen om sin egen guddommelighet. Hver og en som har sett inn i seg selv og blitt forskrekket, vet at redningen må komme fra noen som er av en helt annen art.» (s. 95)

Johannes kan vel ikkje seiast å vere den som aldri gjorde ein god gjerning. Han var vel heller eit bevis for det motsette. Men poenget var ikkje å opphøgje seg sjølv, men å avta, slik at Kristus — sann Gud og sant menneske — kunne veksa.

— Kjetil Kringlebotten

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s