Kristen fundamentalisme

På nettsatden til foreininga «Venner av Guds Ord» står det ein artikkel om kristen fundamentalisme. Eg siterer:

På slutten av 1800-tallet begynte den liberale teologien og bibelkritikken å bre om seg. Noen kristne så faresignalene, og på begynnelsen av 1900-tallet satte flere kristenledere i USA seg ned for å formulere skriftlig det man mente var den klassiske kristne troen på Guds ord. Rundt 1920 resulterte disse samtalene i en liste med noen grunnleggende synspunkter. Listen ble kalt “The fundamentals” og de som tilsluttet seg disse synspunktene ble kalt “fundamentalists”

Før eg går vidare med dette, så må eg poengtere at fundamentalisme ikkje er det same som fanatisme. Viss du har eit fundament, og står fast på det — som dei fleste i verda gjer — så er du per definisjon ein fumdamentalist. Men likevel bruker eg ikkje dette på den måten, då det i våre dagar har ein negativ klang. Så, vidare med artikkelen:

Dette handlet altså om å vende tilbake til den grunnleggende troen på Bibelens sannheter. Innholdet i “The fundamentals” er i korte trekk: Troen på Bibelens ufeilbarlighet, jomfrufødselen, Kristi guddommelighet, Jesu Kristi stedfortredende soning for alle menneskers synd på korset, Jesu legemlige oppstandelse, Jesu legemlige gjenkomst, den legemlige oppstandelse for alle troende, de ugudeliges oppstandelse til dom og evig død. Vi kjenner igjen alt dette som klassisk kristendom.

Her må eg kverulere litt. Sjølv om dette skulle vore ei rett oppsummering av kristendommen, så blir den altfor vag. Ein må også vise kva dette betyr. Men så vil eg også påpeike nokre feil i lista, sett i forhold til «klassisk kristendom».

«Troen på Bibelens ufeilbarlighet» blir av desse «fundamentalistane» definert ut frå Bibelen sjølv. Ein seier at Bibelen er Guds ord fordi Bibelen seier at den er Guds ord. No har det seg slik at Bibelen ikkje definerer seg sjølv eksplisitt som Guds ord, og det finst heller ikkje noko definert innhaldslista i Bibelen. Det står rett og slett ikkje kva bøker som skal med.

Kva skal ein då gjere? Jo, då må vi gå til den Kyrkja Kristus grunnla (eg snakker her ikkje om den katolske, otodokse, etc., men om Kyrkja før skismaet). Der vart Bibelens bøker definert av nokre kyrkjemøter på 300-talet. her definerte dei at GT hadde 46 bøker (ikkje 39), og at NT hadde 27. Så, det vi sit igjen med, er ikkje at Bibelen er ufeilbarleg — den kom ikkje med «fallskjerm» frå eit «himmelsk trykkeri». Nei, det er dei som bestemte bøkene som er «ufeilbarlege», ikkje i seg sjølv, men gjennom Heilagandens inspirasjon.

«Jomfrufødselen» blir trudd av alle «klassiske kistne», men kva dette betyr er litt annleis no enn før. No tenker folk at dette er eit bevis for Kristi guddom, medan dei fyrste kristne og kyrkjefedrane såg på dette som eit bevis for Hans manndom.

«Kristi guddommelighet» er eit sentralt tema i «klassisk kristendom». Problemet er det at ein ikkje ser på kristi manndom som like viktig. Vedkjenninga i Kalkedon er eit godt døme på «klassisk kristendom». Der står det:

I truskap mot dei heilage fedre lærer og vedkjenner vi samstemmig den eine og same Son, vår Herre Jesus Kristus, fullkommen i guddom, fullkommen i manndom, sann Gud og sant menneske med ei fornuftig sjel og ein lekam. Etter sin guddom vesenslik med Faderen, etter sin manndom vesenslik med oss. Lik oss i alt utan synda.

Kristi manndom er like viktig som Hans guddom. Frelsa er, som Paulus (2Kor 8:9) påpeiker, at Gud vart menneske (fattig) for å gjere oss rik (guddommelege/heilage). I den katolske kyrkjas katekisme, § 456, 461 står det:

456. I tilslutning til Credo fra Nikea og Konstantinopel svarer vi og bekjenner: “For oss mennesker og for vår frelses skyld steg Han ned fra himmelen. Han er blitt kjød ved Den Hellige Ånd av Jomfru Maria og er blitt menneske.”461. Kirken kaller “inkarnasjon”, et uttrykk hentet fra St. Johannes (“og Ordet ble menneske (av kjøtt og blod)”: Joh 1, 14), dette at Guds Sønn tok opp i seg menneskenaturen for der å fullbyrde vår frelse. I en hymne som er belagt hos St. Paulus, lovsynger Kirken inkarnasjonens mysterium:

La Kristi sinnelag prege deres ferd, – han som, skjønt av guddoms rang dog ikke voktet skinnsykt over sin stilling som Guds like! Nei, han oppgav alt sitt eget, gikk inn i slavens kår og ble et menneske som vi. Å se til som et menneske i all sin ferd, bøyde han seg, underkastet og lydig til døden – ja, døden på et kors!” (Fil 2, 5-8).

«Jesu Kristi stedfortredende soning for alle menneskers synd på korset» er misforstått kristendom. Ja, Kristus sona våre synder, men det var frivillig og ut frå han sjølv. Han sona «på vegne av oss», det var ikkje slik at han skulle gjere det «i staden for oss». I Joh 1:29 står det:

Dagen etter ser han (døyparen Johannes) Jesus koma bort imot seg og seier: «Sjå, der er Guds lam, som ber verdsens synd!»

Ja, Han ber verddens synd, lir med oss, men det står ikkje at han gjer det i staden for oss. Eg tolker det heller mot at han deltok i vår menneskelege natur og måtte oppleve og bere dei lidingar vi berer i miskunn med oss, og for å mogeleggjere forvandlinga. Gjennom Inkarnasjonen, heile sitt liv, sine lidingar, sin død og sinn oppstode frelsa Han mennesket, knytte det til Gud.

Vidare kan eg sitere Ef 1:7, der vi ser at forlatinga for syndene kom ved Guds kjærleik, ikkje fordi han fekk straffe sin eige son (heller til trass for det):I han har vi utløysinga ved hans blod, forlating for syndene, etter rikdomen av hans nåde. (1988-omsetjinga)Eg vil her anbefale artikkelen Gud – en sinnatagg? av p. Olav Müller SS.CC.

«Jesu legemlige oppstandelse» er også «klassisk kristendom», og det har eg ikkje noko større problem med.

«Jesu legemlige gjenkomst/den legemlige oppstandelse for alle troende» har eg fleire «problem» med. Eg meiner at Kristi komme er på ein og same tid noko inne i oss kristne («Guds rike er inni dykk», Luk 17:21, 1988-oms.) og utanfor oss kristne («Guds rike er midt imellom dykk», Luk 17:21, 1978-oms.) Her er Matt 25:26-17. Den «vanlege omsetjinga» er slik:

Seier dei då til dykk: «Han er ute i øydemarka», så gå ikkje dit, eller: «Han er inne i huset», så tru det ikkje. For liksom lynet går ut frå aust og lyser radt til vest, slik skal det vera når Menneskesonen kjem.

Det greske ordet astrapê blir omsett til lyn i i Matt 24:27, men i Luk 11:36 blir det omsett med lys. Med dette i bakhovudet — og med hensyn til konteksten — blir bilete Kristus bruker i Matt 24:27 heller ein soloppgang enn ei brå hending (eit lyn), spesielt med tanke på at sola stig opp i aust og går ned i vest (slik vi opplever det, i alle fall). Ei betre omsetjing av Matt 24:26f vil då kanskje vere:

Seier dei då til dykk: «Han er ute i øydemarka», så gå ikkje dit, eller: «Han er inne i huset», så tru det ikkje. For liksom ljoset (astrapê) går ut frå aust og lyser (phanetai) radt til vest, slik skal det vera ved Menneskesonens tilsynekomst (parousia).

Når einn justerer for slike ting, så blir fokuset flytta frå Kristi plutselege tilbakekomst, til den gradvise openberring i dei kristne, ved heilaggjeringa, som ein soloppgang. Det er på bakgrunn av dette at eg meiner den «gjengse» pinsekarismatiske left behind-teologien er feil. Læra om bortrykkinga vart ikkje «almennkjend» før på 1800-talet med Irving og the Plymouth Brethren.

Kva viss Jesu tilsynekomst heller er ei verdsvid manifestasjon av han gjennom Kyrkja, det seg vere katolikkar, lutheranarar, baptistar, karismatikarar, etc? At Kyrkja i sanning manifesterer seg som det sakrament som skal huse ein frelst menneskeskare?

Men som sagt, mitt standpunkt er at Kristus radvis blir openberra i oss Kristne (vi skal la hans sinnelag prege vår ferd), og at Han — når tida er inne — kjem tilbake reint bokstavleg.

I min ortodokse studiebibel står det ein kommentar til Matt 25:26f:

How will Christ come back? The event will be unmistakably visible to all. In the Orthodox Church we pray in the direction of the rising sun, because the east symbolizes Christ Himself who is the East of easts, Light of light. The great day of the Lord will be illuminated by the true Light, the “rising” (Is. 60:1, 3; Mal 4:2; Luke 1:78; 2 Pet. 1:19). The very creation will be transfigured — not destroyed but superseded — by the light of His presence at the end of the age.

Ein kan også lese denne artikkelen. Eg står ikkje inne for alt der, men den er interessant.

«De ugudeliges oppstandelse til dom og evig død» er også «klassisk kristendom», men det blir forstått litt annleis dei forskjellige stadene. «Fundamentalistane» meinte at helvete er evig fysisk pine, men det gjer ikkje eg. Eg meiner at fortapinga er å vere fråskild frå Gud, og at ein ikkje får/vil ha del i fellesskapet. Fortapinga er altså sjølvforskulda einsemd. Dette har eg skrive om før.

— Kjetil Kringlebotten

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s