Julaftan — Gud vart menneske!

Moderniteten er ikkje velutrusta til å forstå kva
som er det sentrale i kristen tanke, nemleg at det
evige og det timelege ligg så nær kvarandre i Jesus Kristus
.
— Gerard Loughlin: «Time», The Oxford Companion to Christian Thought

Kva handlar eigentleg jula om, er det mange som spør seg. I forgårs såg ein ein film på TV2, kalt The Ulimate Christmas Present, der ein unge — for å tulle litt med far sin — sa at jula eigentleg handla om julepresangar. Men er dette eigentleg så langt frå sanninga, både på godt og vond?

Julestrida og presangane står ofte høgt i kurs. Eg skal ikkje nekte for at det var akebrettet eg fekk til jul 10 eller 11-åring som gleda meg mest, ikkje turen i kyrkja eller den gode maten. Nei, dette har blitt ei strid. Men likevel ligg et også noko godt i dei orda eg høyrde i filmen. Kan vi ikkje — for å vere litt barnlege — seie at Kristus er Guds julepresang til oss?

Dei greske fedrane, mellom anna Athanasius, påpeika at «Gud vart menneske, for at mennesket skulle bli guddomleggjort». Dette var basert mellom anna på Pauli ord (2Kor 8:9) om Kristus som «for [vår] skuld vart fattig då han var rik, så [vi] ved hans fattigdom skulle bli rike» og Peters ord (2Pet 1:4) om at frelsa er å få «del i guddomleg natur». Den treeinige Gud vart menneske for igjen å opprette kommunionen med oss.

Det heiter i ein julesang at «jula varar heilt til påske». Dette meiner eg er ein interessant tanke. Kristus kom til jord for å frelse oss ved å leve saman med oss. Gjennom sin Inkarnasjon, gjennom sitt liv, sine smerter, sin død og si oppstode, knytte Han det menneskelege til det guddommelege, og reiste det opp, gav det «del i guddomleg natur» — del i sitt liv. Enkelte meiner at Jesus kom for å dø, og dei har rett i det. Han kom for å dø, men ikkje berre for å dø, men også for å leve.

Med desse tankane i bakhovudet, og med den songen (NoS 1) eg no skal sitere ynskjer eg alle ei god jul!

Folkefrelsar, til oss kom,
fødd av møy i armodsdom!
Heile verdi undrast på
kvi du soleis koma må.

Herrens under her me ser,
ved Guds Ande dette skjer.
Livsens ord frå himmerik
vert i kjøt og blod oss lik.

Utan synd han boren er
Som all synd for verdi ber.
Han er både Gud og mann,
alle folk han frelsa kann.

Frå Gud Fader kom han her,
heim til Gud hans vegar ber,
Ned han fór til helheims land,
upp fór til Guds høgre hand.

Du som er Gud Fader lik,
Ver i vanmakt sigerrik!
Med din guddomsvelde kom,
styrk oss i vår armodsdom.

Klårt di krubbe skina kann,
ljoset nytt i natti rann,
naud og natt til ende er,
trui alltid ljoset ser.

Lov og takk, du Herre kjære,
som til verdi komen er!
Fader god og Ande blid,
lov og takk til evig tid!

(Biskop Ambrusius, til norsk ved Bernt Støylen)

— Kjetil Kringlebotten

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s