Juledag

I dag blir det ikkje mykje skriving, men sidan det er 1. juledag (og det faktisk er søndag), skal eg skrive ned nokre bibelvers, og linke til ein juletale:

Joh 1:1-14 (1978/85):

I opphavet var Ordet,
og Ordet var hjå Gud, og Ordet var Gud.
Han var i opphavet hjå Gud.
Alt vart til ved han, og utan han vart
ikkje noko til av det som har vorte til.
I han var liv, og livet var ljoset for menneska.
Og ljoset skin i mørkret,
men mørkret tok ikkje imot det.
Det stod fram ein mann, send av Gud; Johannes var namnet hans. Han kom for å vitna; han skulle vitna om ljoset, så alle kunne koma til tru ved han. Det var ikkje han som var ljoset, men han skulle vitna om ljoset.

Det sanne ljoset som lyser for kvart menneske,
kom no til verda. Han var i verda, og verda har
vorte til ved han, men verda kjende han ikkje.
Han kom til sitt eige, og hans eigne tok ikkje imot han.
Men alle som tok imot han, dei gav han rett til å verta
Guds born, dei som trur på namnet hans.
Dei er ikkje fødde av kjøt og blod, ikkje av menneskevilje
og ikkje av manns vilje, men av Gud.

Og Ordet vart menneske og tok bustad mellom oss,
og vi såg hans herlegdom, ein herlegdom som den
einborne Sonen har frå Far sin, full av nåde og sanning
.

Vårt Land: Ære være Gud i det høyeste (Julaftan)

Vårt Land: Julens to ubegripelige mirakler (Juledag)

Katolsk.no: Vår Herres Jesu Kristi Fødsel

Levende Vand: Glædelig jul av Grethe Livbjerg

God jul!

— Kjetil Kringlebotten

3 comments on “Juledag

  1. Maria Celiné says:

    God jul🙂

  2. God jul til deg også. Er du på Veggavisen?

    mvh

  3. Maria Celiné says:

    Ja🙂 Tusen takk

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s