Jesu søsken?

I ein relativt gammal artikkel på Forskning.no, blir det «påstått» at Kristus hadde minst seks søsken. Dei tar fram tre teoriar, den protestantiske, den ortodokse og den katolske. Det er hanhaldsvis at dei vart fødd etter Kristus, at dei var Josefs barn frå eit tidlegare ekteskap og at dei var Kristi søskenbarn.

Eit argument som blir brukt i artikkelen (til fordel for protestantane) er Matt 13:55f:

Er ikkje dette son til tømmermannen? Heiter ikkje mor hans Maria? Er ikkje brørne hans Jakob og Josef og Simon og Judas? Og systrene hans, bur dei ikkje her alle saman? Kvar har han så alt dette frå?

«Når brødrene er nevnt sammen med moren,» seier Hans Inge Kvalbein, professor i NT ved MF, «er det mest sannsynlig at de var Jesu brødre, men dette er litt kontroversielt i kirkesamfunnet».

Vel, problemet er at vi ikkje kan dra nokre konklusjonar om dette ut frå Bibelen, mykje på grunn av den historiske konteksten Bibelen er skrive i. Her er det viktig å sjå på tre ting: 1) eit søskenbarn kunne bli — og vart ofte — referert til som bror/søster (dette ser vi også ofte i våre innvandrarmiljø), 2) det greske ordet som er omsett med bror/søster, kan også bety søskenbarn, og 3) rett før Kristus døydde, gav han Johannes «oppdraget» med å ta seg av mora si, Maria (Joh 19:25-27). Kvifor skulle ikkje hans «søsken» ta seg av henne?

Men poenget er at vi ikkje kan dra nokre konklusjonar om dette ut frå Bibelen, og at vi difor er avhengig av Tradisjonen. Og her er det faktisk berre to stykk som er vanlege — den ortodokse og katolske. Den protestantiske kom ikkje før etter reformasjonen, og er nettopp basert på Bibelen som vi ikkje kan dra nokre klare konklusjonar frå.

Ein anna del er kva ein seier om Maria. Her er Bibelen taus, og vi er difor også her avhengig av Tradisjonen. I forskning.no-artikkelen Marias unnfangelsesdag står det om den katolske posisjonen:

Mariadyrkelsen begynte altså tidlig, sier Hvalvik, og i katolsk tro ble hun ekstra viktig. I middelalderen forandret religionen seg, og Jesus ble veldig fjern. Folk hadde behov for å forholde seg til noen litt nærmere, og Maria ble den aller viktigste helgenen.

Hun var blitt en slags mellomting mellom Gud og menneske. Det hører også med til legendene at Maria forble jomfru resten av livet, og ble tatt opp til himmelen, med kropp og det hele, da hun døde

Dette viser at Hvalvik ikkje veit kva han pratar om. Dersom det at ho vart tatt opp i himmelen med kropp og det heile viser at ho er «ein slags mellomting mellom Gud og menneske», kva skal vi då seie om Enok eller Elia? Er dei også «ein slags mellomting mellom Gud og menneske»?

Eg ser ikkje heilt kva problem folk har med dette — når dei ikkje har eit einaste problem med kva Bibelen seier om Elia og Enok.

— Kjetil Kringlebotten

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s