Kristi fred (andakt for nyårsafta)

Eg poster denne litt tidleg, sidan eg skal til fjels no i nyttårshelga.

Teksten for nyårsafta er Joh 14:27:

Fred etterlèt eg dykk, min fred gjev eg dykk. Eg gjev dykk ikkje fred på same måten som verda gjer det. Lat ikkje hjartet dykkar uroast, og ver ikkje motlause!

No som vi snart skal gå inn i eit nytt år, neste bolk med nyttårfortsett, eit år med nye ting å ta tak i — kanskje eit år med «blanke ark og fargestiftar tel» — så er det godt å høyre desse orda: «Lat ikkje hjartet dykkar uroast, og ver ikkje motlause!»

Kva meiner Kristus med dette? Betyr det at vi skal «slappe av» og ikkje gjere noko? Nei, det trur eg ikkje. Men det betyr at vi — medan vi lever for Gud — ikkje treng å uroa oss, eller vere motlause.

Epistelteksten — altså den andre teksten frå NT — i dagens tekstrekkje er henta frå Peters andre brev, kap. 3, v. 13-15 og 17-18. Der tar Peter opp dette med Kristi fred, og skriv (v. 13-15):

Men etter hans lovnad ventar vi på ein ny himmel og ei ny jord, der rettferd bur. Difor, mine kjære: Medan de ventar på dette, må de leggja vinn på å bli ståande for han med fred, utan flekk og lyte. Og Herrens tolmod skal de sjå som eit høve til frelse. Det same har vår kjære bror Paulus skrive til dykk, ut frå den visdomen han har fått.

Peter skriv at vi skal «leggja vinn på å bli ståande for Han [Kristus, evt. Gud] med fred, utan flekk og lyte». Betyr det at vi skal vere feilfrie, «lytelause»? Vel, det spørs heilt kva tradisjon ein tolker dette ut frå. For å «forstå» kva Peter meiner er det viktig å forstå forskjellen mellom eit gresk og eit hebraisk heilagdomssyn.

«Grekrane» hadde eit spesielt syn på det å vere heilag, eit syn som vi kan seie vår vestlege sivilisasjon langt på veg har arva. Dei meinte at å vere heilag var å leve feilfritt, perfekt. Vi skulle ha ei total fråver av vonde impulsar og mørke, ikkje ha ei einaste synd å erkjenne. Dette har resultert i at ein ofte stengjer dette inne, ikkje erkjenner dei vonde sidene i seg sjølv.

Ei hebraisk forståing, derimot, setjer fokus på det å ikkje la våre feil og manglar — som vi klart har — setje band på kjærleiken til Gud og til våre medmenneske. Johannes tar opp dette i det fyrste brevet sitt, og skriv:

Seier vi at vi ikkje har synd, då fører vi oss sjølve vill, og sanninga er ikkje i oss. Men dersom vi sannar syndene våre, er han trufast og rettferdig, så han tilgjev oss syndene og reinsar oss for all urettferd. (1Joh 1:8f)Mine born, dette skriv eg til dykk så de ikkje skal synda. Men om nokon syndar, har vi ein talsmann hos Far. Det er Jesus Kristus, Den rettferdige. Og han er ei soning for syndene våre, ja, ikkje berre for våre, men for alle i heile verda. (1Joh 2:1f)

Den som er fødd av Gud, gjer ikkje synd. For det Gud har sådd, blir verande i han. Han kan ikkje synda, for han er fødd av Gud. (1Joh 3:9)

Desse er tilsynelatande motstridande, men forstått i ein hebraisk kontekst blir dei forståelege. Her er det å vere heilag det same som å halde på sin integritet; i kjærleik og truskap. Integritet handlar om å vere heil og urørt. Her vil eg bruke eit bilete frå Harry Potter-bøkene. Harry blir, av rektoren på Hogwarts (skulen), beskrive som «rein i hjarta» (jmf. Matt 5:8) og blir sagt til å ha «ei sjel som plettfri og heil» — slik som Peter formana oss om i brevet.

Harrys nemesis Voldemort, derimot, kan ikkje seiast å vere «rein i hjarta» eller «plettfri og heil». Han prøver heller å dele seg opp, og knytter sjela si til forskjellige gjenstandar i eit forsøk på å leve evig. Odd Sverre Hove, sjefsredaktør i Dagen, seier litt om dette i eit intervju om Harry Potter i Vårt land:

– Å leve som et helt menneske, er en god kristen ambisjon. Forfatteren får indirekte fram en advarsel ved å vise at den som deler opp sin sjel, selv blir et redskap for ondskapen…

Vi ser dette også i Kristi lære. I Matt 5:48 seier han at vi må vere «fullkomne liksom Far dykkar i himmelen er fullkomen.» Men i ei anna omsetjing, NJB, står det (omsett frå engelsk): «Set ikkje noko band på kjærleiken dykkar, liksom Far dykkar i himmelen ikkje set noko band på sin».

I ein relativt gammal artikkel i Dagen understreker Bjørn Are Davidsen at Harry Potter-bøkene kan tolkast i eit kristent perspektiv:

– Å være trollmann i boken kan være en lignelse på det å være frelst. Harry Potter kan være et bilde på en som blir kristen og må velge å leve ut sitt nye liv. Han må stå imot presset fra omgivelsene, og han må stå imot fristelsen til å misbruke troen. Å vokse i troen krever disiplin…

Bøkene prøver å vise at ein bør ha «det same sinnelaget» som «òg var i Kristus Jesus», som det står i Fil 2:5. Eller som Erik Gunnes omset verset i si NT-omsetjing frå 1968 (her omsett til nynorsk): «La Kristi Jesu sinnelag prege dykkar ferd…»

Og kva inneber det? Jo, det inneber at vi — uansett kor mykje vi måtte tape eller tene på det — held på vår integritet, og at vi prøver å vere «heil i vår ferd», som Gud befala Abraham (Abram) i 1Mos 17:11. Dette handler ikkje om å vere perfekt — noko Harry Potter heller ikkje er. Nei, det handlar om å ikkje la vår synd og våre feil overstyre oss, slik at det går utover andre — og utover oss sjølve.

Å leve slik Kristus og Peter formanar handlar ikkje om å «slappe av», men det handlar heller ikkje om å bekrymre seg for alt mogeleg — men å leve i Kristi fred. Det handlar, som sagt, om å halde på sin integritet. Det handlar om å erkjenne sine feil, ikkje legge skjul på dei, men heller ikkje la dei ta kontroll. Arnfinn Haram skriv om dette:

Det integrerte mennesket kjenner seg sjølv. Det er ærleg. Det fornektar og fortrengjer ikkje ambivalensen eller motsetningane som det finn i seg sjølv. (…)Fellesskapen med Gud blir til i truskapen mot Gud — fordi det er eit kjærleikstilhøve, ikkje ei idealistisk anstrenging. «Kven har eg elles i himlen? Når eg berre har deg, ynskjer eg ikkje noko på jorda,» seier salmisten (Sal 73,26). Og Jesus seier: «Kva gangar det eit menneske om han vinn heile verda, men tapar sjela si?» (Matt 16,26) Det er medvitet om dette som er hjartepunktet i paktstruskapen og difor også sjølve den integrerande krafta i den truande sitt liv.

Fr. Haram, Arnfinn Andreas OP, Sel er den som er heil i si ferd — ein studie om det integrerte mennesket i Over Alt: Tidsskrift for kristen spiritualitet pg åndelig veiledning, nr. 3-4, 2002, s. 29.33

Dette ser vi like klart i Jakobs brev (2:14), der han skriv: «Kva hjelper det, sysken, om nokon seier at han har tru, når han ikkje har gjerningar? Kan vel trua frelsa han?»

Møtt med dette verset er det mange som stussar, sidan dei meiner å ha ha høyrt det motsette hjå Paulus. Men hjå Jakob er trua det intelektuelle, anerkjenninga av teologiske sanningar, m.a. om Gud (v. 19), men Paulus ser på trua som noko som er umogeleg å lausrive frå håpet og kjærleiken. «Så blir dei verande desse tre,» skriv han: «tru, von og kjærleik. Og størst av dei er kjærleiken.»

Denne andakten handlar om å halde sitt hjarta heilt. Men kva er hjarta? I følgje Norsk Studiebibel (s. 1731) er dette ordet i Bibelen brukt både om «hovudorganet for det fysiske liv og menneskets mentale og moralske aktivitet». Det blir altså brukt om heile mennesket. «Ta vare på hjarta framfor alt du tek vare på,» skriv salmisten, «for livet går ut frå det» (Ord 4:23).

Då avsluttar eg denne andakten med å sitere resten av teksten frå dagens episteltekst; 2Pet 3:17f:

Sjølv om de alt veit dette, mine kjære, så ta dykk i vare. Lat dykk ikkje riva med og føra vill av dei lovlause, så de mistar fotfestet. De skal veksa i nåden og i kjennskapen til vår Herre og frelsar Jesus Kristus. Han vere ære, no og til den evige dagen! Amen.

— Kjetil Kringlebotten

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s