Ateist — eller «Kristusmenneske»?

I boka Humanisme og andre livssyn (som berre finst på internett i pdf-format), skriv Lars Gunnar Lingås om Sokrates, og påstår at han var (i alle fall tilnærma) ateist. Eg siterer (s. 43):

Også den mest kjente av alle de greske filosofene, selveste Sokrates (469-399 f.Kr.), ble henrettet fordi han satte spørsmålstegn ved ideenes kraft i seg selv. Og hans samtid dømte ham for gudsfornektelse (atheos) selv om han selv ikke fornektet de olympiske gudenes eksistens. Hans budskap var at etikken måtte bygges på mennesket og menneskesamfunnet og ikke på religiøse forestillinger. Den parolen han utviklet, og som siden er blitt en av felleshumanismens grunnsetninger, er: “Kjenn deg selv!”

Ja, det er rett at Sokrates’ samtid dømte han for blasfemi — men den dømde han ikkje for ateisme. Sjølv nekta han ikkje for at gudane eksisterte — slik ein ateist faktisk gjer (etter Lingås’ eiga definisjon, s. 111/175). Det Sokrates gjorde, var at han ikkje nekta for at gudane fanst, men nekta å fylgje desse.

På grunn av dette, har mange av kyrkjefedrane sett på han som ein «førkristen kristen», eller eit «Kristusmenneske», som enkelte kallar det. Sokrates søkte sanninga, men lot seg ikkje styre av den greske avgudsdyrkinga. Difor trur eg — og mange andre — at slike kan bli frelst. Då avlutter eg med eit sitat frå det katolske konsildokumentet Lumen Gentium, kap. 2:16:

…Gud sjølv er heller ikkje langt frå dei andre som gjennom skuggar og bilete søkjer den ukjente Gud: Han gjev jo liv og ånde og alt til alle (kfr. Ap.gj. 17,25-28), og som Frelsar er det hans vilje at alle menneske skal bli frelst (kfr. 1. Tim. 2,4). For dei som uforskulda er utan kunnskap om Kristi evangelium og hans Kyrkje, men som ikkje desto mindre søkjer Gud av eit oppriktig hjarta — og under nådens impulsar prøver å gjennomføre Hans vilje slik dei erkjenner den ved sitt samvit — kan nå fram til den evige frelse… (mi utheving i kursiv)

— Kjetil Kringlebotten

PS! Godt nytt år!

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s