— Alle lækjarar må inn i det offentlege

I bloggen VamPus Verden står det om at SVs helsepolitiske talskvinne Inga Marte Thorkildsen vil ha sivilteneste for alle lækjarar. «Når det offentlige bruker mye penger på å gi folk spesialistkompetanse,» seier ho til Dagens Næringsliv, «kan man også si at leger burde jobbe et gitt antall år for det offentlige. I alle fall i en situasjon der det er knapphet på leger».

Unnskyld at eg spør, men kvar ligg logikken i dette? Det er mangel på lækjarar. Kva gjer vi då? Ordner det slik at dei garantert for mindre løn enn dei kune fått i privat sektor slik at endå mindre folk velgjer utdanninga? SV har hatt ein del morosamme — og overdebatterte — utsagn, og denne var vel heller ikkje vidare intelligent. Ja, dersom du ikkje vil inn i ein ny sovjetstat, då. Dei mest «blonde»
utsagna i artikkelen, derimot, var nok desse:

– Poenget er å sørge for at folk holder seg i offentlig sektor, og ikke blir så pengegriske at de ikke gidder å jobbe i det offentlige, uten at de får tre millioner i inntekt…– Det er mange, også blant legene selv som reagerer på hvordan deler av legestanden er opptatt av å maksimere sin egen profitt – og at det bare er det de er opptatt av

Kor har ho det i frå at lækjarar i privat sektor tener 3 millionar? Og kor har ho det i frå at dette nødvendigvis er ein uting? Vidare, kven er desse «mange, også blant legene selv»? Det er greit å komme med bastante utsagn, men det er vel greit å kunne understøtte dei med fakta, og ikkje berre ullen sosialistpropaganda.

— Kjetil Kringlebotten

This entry was posted in Samfunn.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s