2. Petersbrev og falske profetar

I går fekk eg ein bloggutfordring per sms. Eg skulle ta for meg 2. Petersbrev (kap. 2), og vinkle det mot kristne miljø. Dette er ikkje ei enkel utfordring, då dette ikkje er ein vidare «behageleg» tekst, og då det er vanskeleg for meg å uttale meg om andre miljø som eg ikkje kjenner til. Difor vel eg rett og slett å ta utgangspunkt i dei diskusjonane eg har hatt med andre kristne på diverse fora på Internett.

Kva meiner Peter med «falske profetar» og «falske lærarar»? For å svare på det, må vi sjå på dei andre delar av brevet, og sjå kva Peter ser på om god kristendom.

Guddomleggjeringa

«Ja, alt vi treng for å leva i gudsfrykt, har hans guddomlege makt gjeve oss i gåve ved at vi kjenner han som kalla oss ved sin eigen herlegdom og styrke. Dermed har han gjeve oss dei største og mest dyrebare lovnader. Ved dei skulle de få del i guddomleg natur når de har kome dykk fri frå forfallet, som kjem frå lystene i verda.» (2Pet 1:3f)

Denne teksten fortel oss noko sentralt om kristenlivet — vi får del i guddomleg natur, del i Guds liv. Betyr det at vi blir Gud? At vi ontologisk blir lik Gud? Nei, og Bibelen er klar på det, men det kan vere litt vanskeleg å sjå. Difor er det greit med hjelp frå teologien.

I orodoks teologi har ein eit skilje mellom Guds vesen og Guds energiar. Guds vesen kan vi ikkje ta del i, men vi kan ta del i Hans energiar. Energiane er også uskapte, dei er også Gud. Ein ser dei i Transfigurasjonen (Herrens forklaring, Mark 9, Matt 17), i nåden, i heilaggjeringa, i den brennande tornebuska, etc.

Sjølv om dette har godt bibelsk grunnlag, blir eg ofte møtt med «kjettarstemplet» når eg nemner dette i diskusjonar. Det er visstnok berre «ugudeleg filosofisk tankespinn», men ein tenker ikkje på at dette er noko som har vore trudd lenge, både av Den katolske kyrkja, Den ortodokse kyrkja, dei metodistiske kyrkjene, og til dels dei lutherske kyrkjene og Den anglikanske kykja. Dette er eit uttrykk for «kyrkjas felles tru», sjølv om det blir ordlagt litt forskjellig.

Kyrkja og bibeltolkninga

«Difor står profetordet så mykje fastare for oss. Og dette ordet gjer de vel i halda fast på. Det er ei lampe som skin på ein mørk stad til dagen gryr og morgonstjerna stig opp i hjarta dykkar. Men framfor alt skal de vita at ingen kan tyda eit profetord i Skrifta på eiga hand. For aldri vart noko profetord bore fram ved menneskevilje, men drivne av Den heilage ande tala menneske ord frå Gud.» (2Pet 1:19-21)

Viss dette stemmer, kvifor er det slik at folk seier vi må forkaste Tradisjonen frå den tidlege kyrkja? Eg har ofte diskutert med folk frå SDA, som meiner vi skal forkaste alt som luktar av Tradisjon. Sjølv meiner eg at det skulle vere litt rart at den kyrkja som Kristus sa at dødsrikeportane ikkje skulle «få makt over» (Matt 16:18), ikkje skulle dukke opp før på 1800-talet. Vidare er det slik at desse lurer seg sjølv med å påstå at dei helt seg til Bibelen, og ikkje bruker eingong tolker Bibelen. Rart då at folk visstnok ikkje fekk lys over ting som sabbatsbodet før Ellen G. White.

Frelse, lov og gjerningar

«Men etter hans lovnad ventar vi på ein ny himmel og ei ny jord, der rettferd bur. Difor, mine kjære: Medan de ventar på dette, må de leggja vinn på å bli ståande for han med fred, utan flekk og lyte. Og Herrens tolmod skal de sjå som eit høve til frelse. Det same har vår kjære bror Paulus skrive til dykk, ut frå den visdomen han har fått.» (2Pet 3:13-15)

Dette har eg skrive meir om her, men eg vil berre ha ut litt frustrasjon.

Kvifor er det slik at kvar gong nokon nemner gode gjerningar for kristne, så er det nokon så må bruke ordet «lovisk»? Var Jakob lovisk? Var Paulus lovisk, då han sa at vi — gjennom trua — «stadfester lova» (Rom 3:31)? Vi er ikkje bunden av lova, det er sant, men i Kristus er vi kalla til å nytte vår fridom i kjærleik, og leve etter det bodet. «Til fridom har Kristus frigjort oss», skriv Paulus. «Stå difor støtt og lat ikkje nokon tvinga dykk inn att under slaveåket… De er kalla til fridom, sysken. Lat berre ikkje fridomen bli eit påskot til å gjera det dykkar kjøt og blod vil, men ten kvarandre i kjærleik. For heile lova er oppfylt i dette eine bodet: Du skal elska nesten din som deg sjølv.» (Gal:5.1.13f)

One comment on “2. Petersbrev og falske profetar

  1. athanasius says:

    Prisverdig at du orker å diskutere med syvendedagsadventister🙂

    Godt nytt år, forresten. Jeg må si jeg virkelig setter pris på bloggen din.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s